Val i Den norske kyrkja i di kommune
7.9.2023 11:49:04 CEST | Den norske kirke | Pressemelding
På valdagen 10.–11. september kan tre millionar medlemmar i Den norske kyrkja også stemme på kven som skal leie kyrkja lokalt, regionalt og nasjonal. Det er det største medlemsdemokratiet i Noreg.

Etter at meir enn 91.000 har førehandsstemt digitalt i Kyrkjevalet, gjeld det no å stemme fysisk på valdagen. Stemming i kyrkjevalet er ofte i same bygg som kommune- og fylkestingsvalet, eller rett i nærleiken.
Finn ditt næraste vallokale på kyrkjevalet.no, eller ta kontakt med kyrkja lokalt for meir informasjon.
Den norske kyrkja er med sine over 3,5 millionar medlemmar det største medlemsdemokratiet i Noreg. Det er ei folkekyrkje som mange nordmenn verdset:
– Vi ser at folk brukar kyrkja som ein samlingsstad i kriser og på dei store dagane i livet. Mange er også innom i kvardagen, til dømes på babysong, trusopplæring og eldretreff, seier Kristin Gunleiksrud Raaum som er den øvste folkevalde i kyrkja. Ho er leiar i Kyrkjerådet.
– 83 % av medlemmane er innom kyrkja, og over halvparten har hatt ein samtale med ein prest eller anna tilsett i kyrkja i løpet av eit år. Det er det viktig for oss at dei som ynskjer skal få mogelegheita til å stemme, seier Raaum.
Ho trekker fram dei 12.000 frivillige som stiller til val i år:
– Vi er takksame for alle dei som stiller opp og brukar si fritid for at kyrkja skal vere ei god kraft i lokalsamfunnet.
Fakta:
I kyrkjevalet skal kyrkjemedlemmene velje kven som skal styre Den norske kyrkja dei neste fire åra. Medlemmer i Den norske kyrkja, busett i Noreg, har stemmerett frå det året dei fyller femten år. Det skal veljast medlemmer til sokneråd (lokalt), bispedømeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt). For første gong har det vore mogeleg å førehandsstemme digitalt, noko meir enn 91.000 har gjort.
På valdagen 10.-11. september kan du stemme i kyrkjevalet i nærleiken av kommunevalet, og du kan få bistand til å stemme fysisk av valfunksjonærar. Det er ikkje sendt ut valkort i kyrkjevalet, men status for ditt medlemskap kan du sjå på kyrkja.no/medlem. Næraste vallokale kan du finne på kyrkjevalet.no.
Kontakter
Til redaksjonen:
Hei frå oss i Den norske kyrkja! Kyrkjevalet gjeld 3 millionar nordmenn. I dykkar nedslagsfelt finst det frivillige som stiller opp for kyrkja ved å verve seg til fire år i sokneråd eller bispedømeråd. Ta kontakt med den lokale kyrkja for å få ein lokal ildsjel brukar fritida si p å gjere kyrkja til ei god kraft i lokalsamfunnet. Eller kontakt oss sentralt, så skal vi forsøke spore opp nokon for dykk.
Jorunn Strand AskelandPressekontakt og nestleder i kommunikasjonsavdelingen
Tel:40405015ja329@kirken.noAnders Emil KaldholRådgiver i Kirkerådet
Tel:98801428ak547@kirken.noBilder
Om oss
65 prosent av befolkningen er medlemmer av Den norske kirke. Kirken tilhører den evangelisk-lutherske kirkefamilien. Kirkens ledelse er samlet i Kirkemøtet som består av medlemmene av elleve regionale bispedømmeråd og alle biskopene.
Kirken er inndelt i 1174 menigheter som disponerer 1635 kirkebygg. Mer enn 8000 mennesker arbeider i kirken og over 75.000 er frivillige medarbeidere.
Den norske kirkes virksomhet finansieres over kommunebudsjettene og statsbudsjettet.
Mer himmel på jord
Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Flere innom Den norske kirke i 202516.3.2026 08:18:21 CET | Pressemelding
Over fem millioner mennesker var innom Den norske kirke i forbindelse med dåp, konfirmasjon, bryllup eller begravelse i 2025. Det viser nasjonal kirkestatistikk som SSB publiserte mandag morgen. Legger du til vanlige gudstjenester og konserter, er deltakertallet over ni millioner!
Ny innmeldings-topp i folkekirken15.3.2026 09:09:54 CET | Pressemelding
I 2025 ble det satt ny rekord i innmeldinger, med 4451 innmeldinger i Den norske kirke. Selv om medlemstallet totalt sett går ned, er dette det høyeste innmeldingstallet tallet noensinne. I aldersgruppen 25–34 år øker innmeldingstallet med hele 22 prosent!
Nå vil flere unge lære om kristendom18.2.2026 12:09:28 CET | Pressemelding
Den norske kirkes medlemsundersøkelse viser bred oppslutning om folkekirken og at hver tredje unge kirkemedlem vil lære om kristendom.
Ny bryllaupsrekord: Over 400 par gifta seg på drop-in i kyrkja14.2.2026 19:01:14 CET | Pressemelding
Hurra for kjærleiken! Rekordmange par gav kvarandre sitt ja i kyrkja på valentinsdagen, då over 120 kyrkjer opna dørene for drop-in-bryllup.
94 kirker med drop-in-bryllup på valentinsdagen26.1.2026 12:01:00 CET | Pressemelding
I år faller valentinsdagen på en lørdag, noe som er en perfekt anledning for å feire kjærligheten. Kirker i alle fylker ønsker å legge til rette for en enkel, men høytidelig feiring av kjærligheten. Det er flere muligheter enn noen gang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
