Svært effektive pukkellaks-feller i Aust-Finnmark
5.9.2023 18:00:17 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
10 pukkellaksfeller i Varanger stoppa nesten alle dei 100 000 pukkellaksane som i sommar prøvde å komme seg opp for å gyte i desse elvane.

– At vi finn ned mot null pukkellaks på oversida av fellene i enkelte elvar i Varanger viser at det er mogleg å stoppe pukkellaksen, seier Eirik Frøiland, seniorrådgivar i Miljødirektoratet.
– Vi er svært takksame
For å redde vår eigen laks frå å bli fortrengd av den framande arten pukkellaks, har Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Troms og Finnmark i sommar finansiert drift av feller i rundt 30 elvar i Finnmark. Fellene skulle hindre pukkellaksen frå å komme seg opp i elvane og formeire seg. I tillegg har frivillige organisasjonar teke ut pukkellaks i 60 elvar til lenger vest.
No har dykkarar gjennomført drivteljingar på oversida av fellene i 10 elvar i Varanger i Aust-Finnmark. Berre i desse elvane var det rundt 100 000 pukkellaks som prøvde å komme seg opp for å gyte, men no viser førebelse tal at det var få som klarte dette. I 7 av 10 elvar vart det funne færre enn 200 pukkellaks ovanfor fella, og i tre av desse elvane vart det funne færre enn fem pukkellaks som hadde sloppe forbi.
-Alle som har bidrege i uttaka har grunn til å vere fornøgde, og vi er svært takksame for innsatsen, seier Anne Fløgstad Smeland, seksjonsleiar ved Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.
Fanget nesten 29000 pukkellaks i éi elv
Den elva som hadde mest pukkellaks på oversida av fella i Aust-Finnmark var Vesterelva, der 1600 vart talt. Men som i 2021 er Vesterelva den elva der det er fanga mest pukkellaks av alle elvar i Noreg.
– Gjennom ein fantastisk innsats av Nesseby Herreds Jeger- og fiskarforeining er det teke ut 28901 pukkellaks i Vesterelva, og det betyr at berre cirka fire prosent klarte å komme seg forbi fella, seier Eirik Frøiland.
Dei pukkellaksane som kom seg forbi fella har grave seg gjennom leire i elvebredda, eller presset seg mellom spilene i fella når det kom tusenvis samtidig.
Meir enn dobling frå sist pukkellaksinvasjon
I sommar har det vore lagt ned eit stort arbeid for å avgrense mengda av den uønskte arten pukkellaks. Totalt 240 000 pukkellaks har vorte stoppa frå å ta seg opp i elvane i Troms og Finnmark. I tillegg har eit førebels ukjent tal pukkellaks vorte teke ut i sjølaksefiske med kilenot. Elvane blir no sjekka for å finne ut kor mange som klarte å komme seg forbi garn, nøter og fiskefeller. Førebelse tal viser altså at fellene i Varanger ser ut til å ha vore svært effektive. Rapport frå teljingane er venta seinare i haust, og denne vil omfatte elvar i heile Troms og Finnmark fylke.
I Grense Jakobselv, der det ikkje er gjennomført tiltak, auka talet på observerte pukkellaks frå 5603 for to år sidan, til 12280 i år. Det samla talet pukkellaks i denne elva er antakeleg mykje høgare. Riksgrensen mot Russland går i denne elva, og tala viser berre det som kan observerast frå norsk side.
– Situasjonen i Grense Jakobselv viser korleis det ville set ut i alle elvane dersom det ikkje hadde vorte sett opp feller, seier Eirik Frøiland.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Over 27 millioner kroner til opprydding av marin forsøpling i 20263.3.2026 14:00:35 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir i år tilskudd til 20 prosjekter som skal forebygge og rydde opp marin forsøpling langs kysten.
Sier ja til forsøksutsetting av genmodifiserte poteter3.3.2026 10:53:55 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tillatelse til å gjennomføre et feltforsøk med to potetlinjer som er genmodifisert for å tåle tørråte bedre.
Disse tiltakene gir håp for truede arter2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Flere truede arter har god effekt av bevaringstiltak som pågår, viser en ny rapport. Men skal effekten være varig, må arbeidet fortsette over tid.
Desse tiltaka gir håp for trua artar2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Fleire trua artar har god effekt av bevaringstiltak som blir gjennomførte, viser ein ny rapport. Men skal effekten vere varig, må arbeidet fortsetje over tid.
Nedgang i erstattede tap av tamrein og sau til rovvilt26.2.2026 11:24:06 CET | Pressemelding
Fjorårets erstatningsoppgjør viser en moderat nedgang i erstattede tap av tamrein og sau forårsaket av fredet rovvilt sammenliknet med de siste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom