Statens vegvesen

Hans-opprydding i Vågå gir redusert framkomst

Del
Reparering etter ekstremvéret Hans gir redusert framkomst på rv.15 i Vågå i tida framover.
Her, ved rv. 15 Ringnesbergje i Vågå, skal Statens vegvesen spyla reint skredområde etter ekstremvéret Hans. Foto: Statens vegvesen
Her, ved rv. 15 Ringnesbergje i Vågå, skal Statens vegvesen spyla reint skredområde etter ekstremvéret Hans. Foto: Statens vegvesen

Ekstremvéret Hans har gått hardt utover rv. 15 ved Ringnesbergje i Vågå.

– Det er fleire punkter med behov for utbetring langs rv. 15, noko trafikantane vil merka frå og med fyrstkomande måndag, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

Dette må gjerast på rv. 15 no

Han bed trafikantane notera seg fylgjande:

– Frå 4. september frå klokka 08.00 skal vi spyla skredløpet i Ringnesbergje frå helikopter. Under spylinga vil rv. 15 bli stengd i om 30 minuttar om gongen. Trafikkdirigentar vil sleppa trafikken forbi når det ikkje spylast.

Også ved Garmo er det naudsynt med vegvøle og reparering.

– Rv. 15 ved Garmo vil bli stengd ei natt slik at vi får byta ei stikkrenne som har kollapsa.  Dette vil bli varsla nærare når vi veit kva natt det blir. Det vil også komma informasjon på aktuelle digitale skilt langs vegen, legg Stensrud til.

– Hald deg oppdatert, respekter dirigering og skilting

Og minner om at det aldri har vore fleire moglegheiter for å halda seg informert om trafikken i sanntid enn det er i dag.

– I tillegg til SMS-varsling og digitale skilt/friteksttavler som kan oppdaterast fortløpande gir også 175.no og appen Vegvesen Trafikk til ei kvar tid informasjon om tilhøva på landets 10.600 kilometer med riks- og europavegar, som Vegvesenet er ansvarleg for å drifta og vedlikehalda.

Dette jobbar vi og våre entreprenørar dedikert og målretta med kvar dag, heile året. Og sjølv om ekstremverét Hans er over, er vi ikkje ferdige med ekstremvéret Hans. Det har gitt store skadar på vegnettet, noko som vil prega oss og vår aktivitet i lang tid framover, legg Stensrud til.

– Så vi vil nok ein gong understreka kor viktig det er at trafikantane held seg orientert om tilhøva og følgjer og respekterer trafikkdirigentar og skilting. Vi skal gjera vårt beste for å informera så godt som mogleg, slik at dette heilt nødvendige vegarbeidet gir så små konsekvensar som råd er. For hugs at det er dette arbeidet som gjer at vegen framleis skal vera trygg – og open,  avsluttar Stensrud.

Nøkkelord

Kontakter

Asbjørn StensrudSeksjonssjef drift øst 1. Dette inkluderer riksvegnettet i Oppland og Hedmark, deler av Romerike og Hallingdal.Statens vegvesen Drift og vedlikehold

Tel:92647906asbjorn.stensrud@vegvesen.no

Bilder

Her, ved rv. 15 Ringnesbergje i Vågå, skal Statens vegvesen spyla reint skredområde etter ekstremvéret Hans. Foto: Statens vegvesen
Her, ved rv. 15 Ringnesbergje i Vågå, skal Statens vegvesen spyla reint skredområde etter ekstremvéret Hans. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Ringnesbergje. Kart: vegvesen.no
Ringnesbergje. Kart: vegvesen.no
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye