Heimlandsong frå Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga
31.8.2023 09:30:00 CEST | Universal Music Norge | Pressemelding

Heimlandsong ser for seg å vera ute på det store frie havet, men der heimen likevel kviskrar i alle ting.
Det er mange som har sitt arbeid på havet i dette landet. Også i Vinje er det slik, der Odd og Ingebjørg kjem frå. Der, som i andre små bygder, er det mange som jobbar på Nordsjøen. Men ein høyrer liksom ikkje så mykje om livet der ute. «Kva gjer du?» «Å, eg er i Nordsjøen.» Så blir det liksom med det. Kanskje eg kunne lage ein song? tenkte Odd. Ein song til alle desse pendlarane som er borte i tre veker i strekk og kjem heim att, og så er alt som vanleg.
Artistar er også farande fantar, og kanskje er det derfor ordet «heim» blir eit så uutgrunneleg ord. Men det ligg så godt i munnen og det syng så godt, det ordet. Og aldri så godt som når ein er langt heimafrå. Det er kring dette tankane vandra når «Heimlandsong» kom til.
Langt heimafrå som ventas 22. september er oppfylgjaren til Heimafrå som kom ut i 2013. Det var Odd og Ingebjørgs fyrste felles albumprosjekt. Før det hadde Ingebjørg sunge på til dømes Odd sin låt «Jul i Svingen», ein låt som framleis er duoens solid mest spelte på Spotify, med sine over 20 millionar streams.
Heimafrå var ei samling viser ifrå folkemusikktradisjonen begge er fostra opp i. Oppfylgjaren «Langt heimafrå» har litt av det same i seg. Men, som tittelen hintar om, er perspektivet endra. Framleis kling det av folkemusikken både i stemmene og i tradisjonstoffet. Men dette har fått selskap av nyskrevne låtar. Produksjonen er også støre, og losa i hamn av smått legendariske Kåre Chr. Vestrheim.
Grunnstamma til albumet vart spelt inn i Propeller Music Division med Mats Eilertsen på bass og Pål Hausken på trommer. Så drog Kåre, Ingebjørg og Odd over til Roundstone i Irland for å legge på irske fløyter, fele og song. Begge to er glad i den Irske musikken, og kanskje kunne eit møte med denne legge til noko fint til heile prosjektet, tenkte dei. Og det blei fint! Det blei ikkje feil å legge til ein dåm av salt hav og vide horisontar til ein klukkande fjellbekk frå Telemark.
Nøkkelord
Kontakter
Silje HopeEMI
Tel:48095200silje.hope@umusic.comBilder
Lenker
Om oss
Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Astrid S, The Weeknd, Alessandra, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, Shawn Mendes, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.
Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge
Karen Moe slipper «Rompa bar» - en frekk countrylåt om utroskap12.11.2026 08:30:00 CET | Pressemelding
Singelen er siste smakebit fra den kommende debut-EP-en «Bondeliv».
ANE BRUN ÅPNER NYE DØRER MED ELEKTRONISK POP6.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Det nye albumet I Thought We Were The Same er ute nå «Jeg ville eksperimentere med hvor langt jeg kunne føre musikken i en tydeligere og mer poporientert retning, med markante refrenger og hooks, uten at musikken mistet nerven.» - Ane Brun
AURORA og Bear McCreary med ny låt til «The Rings of Power»6.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
AURORA SLÅR SEG SAMMEN MED BEAR McCREARY PÅ «MORNING SHALL COME» FRA «THE LORD OF THE RINGS: THE RINGS OF POWER» LYTT HER / SE HER LAST NED PRESSEMATERIELL HER
ULD til Karpedammen i 2027 - annonserer sin største Oslo-konsert hittil3.11.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Sperrefrist: Tirsdag 3. november kl. 10.00 Ordinært billettsalg: Fredag 6. november Etter en utsolgt turné i Norden og Storbritannia, tre uker på toppen av Norges offisielle singelliste med «Håper at du ser meg nå» og flere prestisjetunge musikkpriser, annonserer ULD sin største konsert til nå. Lørdag 19. juni 2027 inntar trioen Karpedammen ved Akershus festning i Oslo.
Secret Symphony – The Orchestral Music Of Secret Garden får urpremiere i London 24. mars 202730.10.2026 09:00:04 CET | Pressemelding
Secret Symphony – The Orchestral Music of Secret Garden får urpremiere i Cadogan Hall i London onsdag 24. mars 2027, med Royal Philharmonic Orchestra og Holst Singers. Konserten er kuratert og presentert av Rolf Løvland og Fionnuala Sherry, og ledes av dirigent James Morgan
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom


