Varm velkomst til dei nye UiS-studentane
Mandag 14. august ønskte UiS vel 12.000 studentar velkommen til eit flunkande nytt studieår. Studentane får òg ein varm velkomst av heile regionen.

«Hei student!» står det på flagg i heile Stavanger-regionen i desse dagar. Rundt 60 butikkar og serveringsstader har same helsing på døra, for å syne at her får studentar avslag i pris.
Det er Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) som har fått heile regionen til å gi studentane ein varm velkomst på denne måten.
Joakim Sunde og Melvin Lystad, to ferske bachelorstudentar i datateknologi, synes det er bra – og kanskje spesielt når det lokale næringslivet stiller opp.
– Vi studentar har lite nok pengar frå før, så det er positivt om vi kan få rabattar, seier Joakim Sunde.
Håpar på nye vener
Hans ferske studiekamerat Melvin har forventningar om mykje hardt arbeid i åra som kjem.
– Eg reknar med at mye tid vil gå med på studiet, men håper også at eg får nye vener og blir del av eit godt miljø, seier han.
Saman med rundt tusen andre studentar møtte Joakim og Melvin opp i fadderteltet for å delta på årets semesterstart-arrangement. Der venta mellom anna rektor Klaus Mohn for å ta dei imot.
Grøn omstilling
Rektor ønskte velkomen til eit universitet som satsar stort på grøn omstilling og legg til rette for miljøvenlege val.
– Her kjem ungdommeleg kreativitet, vilje og pågangsmot godt med. Eg håpar du vil engasjere deg. Ved å ruste deg for eit arbeidsliv i omstilling kan du være med og vise veg, for ei grønare framtid, sa Mohn.
- Vi treng folk
Ordførar Kari Nessa Nordtun ønskte velkomen til ein by som i tillegg til olje og vasskraft, også er prega av oppstartsverksemder, hydrogen, havbruk og helseteknologi. Ein kommune som produserer halvparten av tomatane i Noreg og ein fjerdedel av laksen. Ein by som riggar seg for framtida.
– De har vald eit universitet vi er skikkeleg stolte av, i ein region der det skjer ting, og der vi treng folk som aldri før, sa ho.
Pris for god formidling
Universitetsfondet pris for formidling og samfunnsengasjement blei delt ut under semesteropninga. Årets pris gjekk til forskar Ingvil Hellstrand, for hennar formidling om eit breitt spekter av tema, frå likestilling og omsorgsforsking til kunstig intelligens og science fiction.
Minikonsert
Skodespelar Alexandra Gjerpen loste dei om lag 1000 tilhøyrarane gjennom arrangementet.
Stavanger studentsangforening stod for musikalske innslag og til slutt fekk studentane ein minikonsert med indiepop-bandet Vettche frå Stavanger og Sandnes.
Kontaktperson:
Elin Nyberg
E-post: elin.nyberg@uis.no
Mobil 971 10 920
Bilder



Om oss
Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Høyere poengkrav enn noensinne ved UiS25.7.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Det har aldri vært høyere poengkrav for å studere ved UiS. Det viser tallene fra årets hovedopptak i Samordna opptak. Paramedisinstudiet krevde hele 61,4 poeng i ordinær kvote og var det paramedisinstudiet i landet det var vanskeligst å komme inn på. Bachelor i rettsvitenskap var det nest vanskeligste studiet å komme inn på ved UiS med 60 poeng i ordinær kvote.
Mobbeforskningens «far» fikk ærespris under verdens største konferanse om mobbing12.6.2025 12:29:44 CEST | Pressemelding
Over 700 mennesker fra hele verden har vært samlet i Stavanger denne uka for å diskutere et av de største globale utfordringene i utdanningssektoren – mobbing.
Nye funn endrer Stavangers historie4.6.2025 06:33:00 CEST | Pressemelding
Prøver fra innsiden av veggene i Stavanger domkirke viser at katedralens historie må skrives om.
Søkertall 2025: UiS øker til tross for nasjonal stillstand28.4.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Søkningen til Universitetet i Stavanger fortsetter å øke og går opp 3,6 prosent, til tross for en liten nasjonal nedgang på 0,3 prosent i søkning til høyere utdanning.
UiS har dei tredje mest produktive forskarane i landet10.4.2025 15:35:54 CEST | Pressemelding
Universitetet i Stavanger ligg på ein tredjeplass i vitskapleg produksjon per vitskapleg tilsett, berre slått av UiO og UiB blant universiteta, ifølge ny statistikk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom