Borar gjennom skipstunnelen for å undersøke kvaliteten på fjellet
21.7.2023 10:49:23 CEST | Kystverket | Pressemelding
Kystverket har starta ei ny runde med kjerneboring for å undersøke fjellkvaliteten i traseen for Stad skipstunnel. Arbeidet blir gjort for å redusere usikkerheita før den komande tunneldrivinga og sikringsarbeidet i tunnelen.

Boringa skjer frå Kjøde-sida, der ein borerigg går inn i fjellet i overkant av fylkesvegen. Totalt skal Kystverket bore opp mot 1050 meter i retning nordvest, parallelt med planlagt skipstunnel. Kjerneprøvene har ein minimumsdiameter på 45 mm.
Borar for andre gong
Kjerneboringa er ei vidareføring av arbeidet som blei gjort i 2019, då ein totalt sett kom seg 800 meter inn i fjellet, men berre dryge 150 meter av desse var frå Kjøde-sida.
– Målet no er å få bora gjennom resten av tunnelen, slik at heile tunnelløpet på totalt 1700 meter skal vere kartlagt. Vi gjer dette for å ha betre kontroll på fjellkvalitet og grunntilhøve, som er eit sentralt risiko- og usikkerheitselement i prosjektet, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.
Boringa, som utførast av Entreprenørservice AS, skal halde fram til litt utpå hausten. Arbeidet skal gjerast på dagtid.
Regjeringa har bedt Kystverket om å sjå på muligheiten for å redusere kostnadane med å bygge Stad skipstunnel.
– Vi jobbar kontinuerleg med å optimalisere prosjektet og redusere usikkerheit og kostnader. Kjerneboringa er ein del av dette. Greier vi å redusere risiko og usikkerheit, greier vi også å redusere kostnader, seier Skjeppestad.
Om Stad skipstunnel
Kystverket har fåt ti oppdrag å bygge Stad skipstunnel, verdas første fullskala skipstunnel. Tunnelen blir 1,7 kilometer lang (2,2 km med entringsområda), 50 meter høg og med ei bredde på 36 meter − som betyr at fartøy opp til størrelsen på Kystruten og Hurtigruten vil kunne få ein sikker seglas forbi det utfordrande Stadlandet.
Nøkkelord
Kontakter
Terje SkjeppestadProsjektleder Stad skipstunnel, Kystverket
Tel:92212109terje.skjeppestad@kystverket.noBilder


Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Stort løft for sjømerkingen mellom Farsund og Kristiansand11.6.2026 11:28:46 CEST | Pressemelding
Kystverket er i gang med et større arbeid for å bedre sikkerheten til sjøs i farleden mellom Kristiansand og Farsund. Nå bygges et nytt sjømerke i Ullerøysundet, og oppdraget er tildelt FS Mur.
Kystverket reparerer søndre molo i Svartnes10.6.2026 12:56:16 CEST | Pressemelding
Den 29. mai 2026 signerte Kystverket kontrakt med Finnmark Entreprenør for reparasjon av den søndre moloen i Svartnes i Vardø kommune.
Ny kunnskap om eksplosiver på U-864 gir bedre grunnlag for videre vurderinger4.6.2026 14:28:37 CEST | Pressemelding
Kystverket har mottatt nye analyser av risiko knyttet til eksplosiver i vraket av ubåten U‑864.
Inviterer til opning av ny kai i Kvalsund18.5.2026 14:04:56 CEST | Pressemelding
Onsdag 20. mai blir den nye allmenningskaia i Kvalsund hamn offisielt opna. Kystverket inviterer til ei open markering ved kaia frå klokka 11.00, der både lokalbefolkning, næringsliv og andre interesserte er velkomne til å delta.
Kystverket først i Europa med ny portal for skipsrapportering13.5.2026 09:43:22 CEST | Pressemelding
Norge er første land i Europa som lanserer en nettportal for skipsrapportering i tråd med EUs nye regelverk. Lanseringen gjør skipsrapporteringen til Norge enklere. «En imponerende bragd og en viktig milepæl» lyder gratulasjonene fra Brussel.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom