Pukkellaks: Kva skjer med pukkellaksen som blir fanga?
18.7.2023 09:25:36 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Pukkellaks er uønskt i norske elvar og Miljødirektoratet fokuserer på å fjerne han. Men når han blir fanga, kan fisken brukast til fleire ting. (nynorsk)

– I førre veke vart det fanga 30 000 pukkellaksar. No er vi midt i sesongen, og dei fleste fellene ser ut til å fungere godt, seier Eirik Frøiland i Miljødirektoratet.
Sommaren 2023 er det venta at mange pukkellaks prøver å ta seg opp i elvane i Finnmark og deler av Troms. Men kva gjer vi med all fisken som blir teken opp frå elvane?
Blir levert til fiskemottak og blir til mat
Eit av hovudtiltaka for å stoppe den uønskte pukkellaksen, har vore å etablere fiskefeller nært munningen av kvar enkelt elv. På den måten er det mogleg å sortere ut pukkellaksen før han kjem opp i vassdraget.
– Dei fleste elvane i Aust-Finnmark leverer all pukkellaksen som blir fanga i fellene til fiskemottak. Og førre veke leverte desse elvane nesten 20 000 fisk. Denne fisken blir brukt som mat. Det blir laga ulike produkt av fileten og rogna, og det som blir igjen, blir brukte til dyrefor, fortel Frøiland.
For at pukkellaksen skal bli til mat, blir det følgt strenge rutinar. Med ein gong pukkellaksen blir teken opp av vatnet, blir den avliva og tappa for blod, før han blir lagd på is og henta av ein bil, som køyrer han til eit fiskemottak. Denne prosessen blir gjennomført dagleg.
– Mattilsynet har sagt at fisken skal kjølast ned til 2 grader så raskt som mogleg. Det eine fiskemottaket kontrollerte at fisken var 0,8 grader ved mottak, så den logistikken har fungert fint. Og kvaliteten på fisken har så langt vore som det dei hadde håpa på, seier Frøiland.
Her kan du følgje fangsten av pukkellaks direkte
Biogass og fiskeolje
Det er dei lokale fiskeforeiningane i aust som har inngått avtale med fiskemottaka. I elvane lenger vest i Finnmark, blir pukkellaksen gitt bort til private som ønskjer å ete han.
– I vest er det også ein del hundekøyrarar som hentar pukkellaks, då det er god mat for trekkhundar. Det som er igjen, blir henta dagleg av Finnmark Miljøtjeneste. Pukkellaksen som blir henta frå dei tre største elvane i Porsanger-området, blir brukt til biogassproduksjon og fiskeolje. Og nokon stader blir pukkellaksen frosen ned og blir brukt som agn til kongekrabbefiske, seier Frøiland.
Frøiland fortel at det er ei misforståing at pukkellaksen som blir henta opp frå elvane blir dumpa rett i sjøen eller blir gravne ned.
– Viss noko sviktar, eller det ikkje finst nokon andre moglegheiter, har vi gitt løyve til at pukkellaksen kan dumpast i sjøen. Men dette er som sagt berre i nødstilfelle, seier han. Det aller meste av dette råstoffet blir utnytta.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Færre rovviltskader også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskader på sau. Dette er de nest laveste tallene siden registreringen startet i 2002.
Færre rovviltskadar også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom