Ventar turiststraum til Vestlandet
– Reiseliv ser lysande ut, og vi har nesten 100 prosent belegg på hotell i Flåm! Det seier konsernleiar i Norway's Best Group, Per Brochmann. Verksemda hans nyt godt av at den svake krona har gjort Noreg billig for turistane, medan det er krevjande tider for breidda av bedrifter på Vestlandet.

– Vi ser effekten av den svake krona. For ein amerikanar er det 20 prosent billigare å feriere i Flåm no enn for fem år sidan, på grunn av valutaen. Samtidig gjer dei fleste nordmenn som under pandemien,- dei legg ferien til Noreg!
Det fortel Per Brochmann, som er konsernleiar i Norway's Best Group, eit reiselivskonsern som i eit normalår omset for rundt ein milliard kroner og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette.
Nesten fullbooka
– For den komande sesongen ser det veldig bra ut både for Flåmsbanen, hotella i Flåm, og The Fjords, som er dei elektriske båtane våre på Nærøyfjorden Det er nesten 100 prosent belegg på hotell, og vi er opp 10 – 15 % målt mot før- pandemiåret 2019. Også i fjelldestinasjonen Myrkdalen går det bra. Der har vi lagt bak oss den tredje beste sesongen gjennom tidene, seier han.

Optimismen rimar med tal frå den ferske Vestlandsindeksen, som viser at overnattings- og serveringssektoren er ei av få bransjar som har betre tru på framtida. Margunn Aas Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest møter mange optimistiske kundar frå denne bransjen.
– Fleire av kundane til Sparebanken Vest melder om fulle bøker gjennom heile sommaren, ja faktisk langt ut på hausten. Kundane opplever at turistane strøymer på fordi Noreg har blitt eit billigare reisemål enn tidlegare. Turistane ser også på Noreg som eit fredeleg og roleg hjørne i ei turbulent verd, seier ho.

Ei utsett bransje
Vestlandsindeksen viser at bransjen har hatt store svingingar siste åra, med ein dramatisk botn under pandemien, og fleire opp- og nedturar sidan.
– Overnatting- og servering er ein volatil bransje som har hatt svært store svingingar sidan pandemien. No er vi ved starten av ein sesong som ser ut til å gi svært god aktivitet, seier Minne.
Også eksportbedrifter dreg nytte av den svake krona, men Vestlandsindeksen viser at det breie laget av bedrifter framleis har vanskelege tider. Resultatindeksen på 56, 1 poeng er framleis på eit lågare nivå enn det historiske gjennomsnittet, og også forventningane er lave og fell tilbake til 57,1 poeng. Det er særleg stigande kostnader som bekymrar bedriftene.

Stigande kostnader bekymrar
– Det er utfordrande for bedriftene å framleis vere lønsame når kostnadene aukar så raskt. Lønsforventningane er svært høge på kostnadssida, og den svake krona forsterkar ein allereie utfordrande høg prisvekst.
Det seier Kjetil Benson, som er leiar for Markets i Sparebanken Vest. 3 av 5 bedrifter som aukar utsalsprisane gir auka lønskostnader som grunn, medan heile 9 av 10 viser til høge innkjøpsprisar.

Benson forklarer at sjølv om bedriftene set opp utsalsprisane, så er det ikkje nok til å ta igjen auken i kostnader.
– Svært mange av varene og innsatsfaktorane er importerte frå utlandet. Når krona svekkjer seg så raskt, så må prisane opp på importerte produkt. Bedriftene ber noko av denne nedsida sjølve, då dei ikkje klarer å prise seg opp like mykje som kostnadene aukar. Motstykket er norske bedrifter som eksporterer, for dei får tilsvarande gunstige tilhøve med ei svak krone, seier han.


Nøkkelord
Kontakter
Hanne DankertsenKommunikasjonsdirektørSparebanken Vest
Tel:99449173hanne.dankertsen@spv.noLenker
Om oss
Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.
Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Konsernledelsen i Sparebanken Norge er klar10.4.2025 14:05:59 CEST | Pressemelding
– Jeg er stolt av å kunne presentere dette laget. Med de ambisiøse målene vi har satt for Sparebanken Norge, er det helt avgjørende med en sterk toppledelse som setter retning for det vi skal bygge sammen, sier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.
Sparebanken Norge velger Tietoevry som langsiktig strategisk partner7.4.2025 11:58:18 CEST | Pressemelding
Sparebanken Vest, som 2. mai slår seg sammen med Sparebanken Sør og danner Sparebanken Norge, kunngjør i dag at banken har inngått en langsiktig og strategisk partneravtale med Tietoevry, den ledende leverandøren av moderne kjernebanksystemer med tilhørende tjenester for banker i Norge. Avtalen løper i fem år med en opsjon på ytterligere to pluss to år.
Se den nye logoen til Sparebanken Norge14.3.2025 10:12:22 CET | Pressemelding
– Dette er en merkedag for oss. Vi bygger sparebanken for Norge og den nye logoen symboliserer det vi nå skaper sammen: en hyperlokal sparebank med nasjonal kraft, sier Jan Erik Kjerpeseth, som blir konsernsjef i Sparebanken Norge.
Sørmegleren og Eiendomsmegler Vest slår seg sammen12.3.2025 09:34:01 CET | Pressemelding
De to meglerforetakene, eid av det som snart blir Sparebanken Norge, skal slå seg sammen og etablere Eiendomsmegler Norge.
Sparebanken Vest gir ti millioner kroner til Fritt Ukraina og HMM Helsehjelp Ukraina3.3.2025 14:54:03 CET | Pressemelding
Sparebanken Vest donerer fem millioner kroner til Fritt Ukraina og fem millioner kroner til HMM Helsehjelp Ukraina. – Det er tid for handling og tid for å vise solidaritet, sier konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom