Får 10 millionar til å forske på lite kjend marin naturressurs

Del

Naturtapet frå generasjon til generasjon er ikkje synlege. Eit nytt forskingsprosjekt på naturressursar langs kysten skal få opp auga våre for kva vi er i ferd med å tape.

Drivved, drivkval, skalldyr, kystplantar, ærdun og fugleegg har i tusenvis av år vore ein ressurs for menneska langs kystane i Nord-Atlanteren. Dette er ein type biomangfald som det ikkje har vore mykje merksemd på.

No skal dette undersøkast nærmare i eit forskingsprosjekt som har fått 10 millionar kroner i støtte gjennom Forskingsrådets forskingsprogram Forskarprosjekt for fornying.

Til saman ga Forskingsrådet nyleg ut 280 millionar kroner til havforsking. 24 prosjekt vart innvilga. Det eine gjekk til prosjektet MARGAIN og Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger ved prosjektleiar og arkeobotanikar Dawn Elise Mooney.

Skal bruke Lidar-målingar og DNA-analysar 

– Dette er heilt fantastisk. Med denne støtta får vi undersøkt kystområda i Noreg der folk budde i norrøn tid. Vi skal bidra med viktig og ny kunnskap om folk sitt forhold til havet i fortida, seier Mooney.

Mooney og samarbeidspartnarane skal nytte ei rekke metodar, som arkeobotanikk – det vi seie artsbestemming av trevirke og frø, zooarkeologi – studiet av restar av dyr frå arkeologiske stader, entomologi – læra om insektar, jordmikromorfologi – analyse av jordlagas samansetnad og DNA-analyse.

Alt dette gjer forskarane for å få så mykje informasjon som mogleg ut av materialet som dei finn.

Mooney legg til at jordmikromorfologi er ein analysemetode kor ein ser på korleis jordlaga er bygd opp og kva dei inneheld på mikronivå.  

– Denne metoden skal vi hovudsakeleg bruke når vi finn bevarte golvlag i hustufte. Metoden kan vise om folk budde i huset heile året eller berre i enkelte sesongar, fortel Mooney.

Akkurat kor desse undersøkingane skal skje er ikkje bestemt endå, anna enn at det skal skje langs kysten i Noreg.

– Det er relativt lite som har vorte gjort av undersøking på den ytre kysten åt Noreg. Det første vi skal gjere er å gå i gong med å identifisere stader langs kysten kor folk har hatt aktivitet, seier arkeologen.

Dei første 18 månadane i prosjektet skal forskarane difor sjå på såkalla Lidar-data, altså data som framskaffast ved å nytte ein spesiel type laser-fjernmålingsmetode. Slik kan spor etter menneskelig aktivitet i fortida avdekkast.  

Frå drivved til plast

Målet for prosjektet MARGAIN er ei heilskapleg forståing av marin ressursbruk og kva det har hatt å seie for busetnad og livsvegar langs vestkysten av Noreg frå viktingetid til tidleg moderne tid. Denne kunnskapen skal også bidra til å auke merksemda om aktuelle miljøspørsmål i møte med dei globale endringsprosessane.

Eit eksempel som Mooney trekk fram, er drivved.

– Drivved, som var viktig som tømmer og som brensel i Nord-Norge og Nord-Atlanteren, går no tilbake på grunn av ein kombinert effekt av klimaendringar og elveforvaltning.

I tillegg er kysten prega av eit heilt anna materiale:

– Der tidlegare samfunn samla drivved, finn vi no plastforureining. Dette er ei endring vi ønsker å gjere synleg gjennom engasjerande forskingsformidling, fortel arkeologen.

Strandrydding og utstilling

Mooney og samarbeidspartnarane skal arrangere strandryddingsdagar der folk får bli kjend med forskarane og prosjektet mens dei saman bidreg aktivt til eit reinare hav.

Materialet som blir samla inn skal brukast på workshops der folk kan lage gjenstandar av materiale frå fjæra – sånn som folk gjorde i fortida òg. Nokre gjenstandar blir med i ei utstilling mot slutten av prosjektet, som slik også skal bruke kunst for å fortelje kystens historie.

Arkeologen held fram at marine ressurs som drivved, tang, drivkval, skalldyr, kystplanter, ærdun og fugleegg alltid har vore livsviktig for kyst- og innlandssamfunn og at desse ressursane er utsett for verknadane av klimaendringar, spesielt gjennom erosjon frå stigande havnivå og stadig meir valdsamme stormar.

Arkeologi – eit kraftig verktøy mot endringsblindheit

– Jo betre kjend vi blir med vanlege folk i fortida og korleis dei levde, jo betre forstår vi konsekvensar som vår moderne livsstil har for miljøet.

Mooney meiner at arkeologi kan vere eit kraftig verktøy for å nedkjempe det som heiter «endringsblindheit» – altså at kvar ny generasjon startar med ein ny baseline, som har flytta seg noko sidan førre generasjon. Det vil seie at ungdom kjenner berre til naturen slik den er i deira liv og har liten evne til å sette seg inn i og forstå korleis naturtilstanden var til ungdomstida åt foreldra og besteforeldra. Dette resulterer i at ein ikkje blir klar over dei dramatiske globale naturendringane og naturtapet som skjer frå menneskegenerasjon til menneskegenerasjon.

– Både naturarven og kulturminne ved kysten forsvinn med auka hastigheit. Vi veit mykje om korleis folk utnytta havet i fortida, for eksempel at fiske blei økonomisk viktig i mellomalderen. Men vi veit mindre om korleis folk faktisk levde langs kysten, påpeiker Mooney.

Ho meiner at éin av arkeologiens styrkar er at faget kan gi oss eit glimt inn i dagleglivet til folk i fortida: Kva dei åt; Kva slags ved dei brente på bålet; Kva dei brukte som verktøy, pynt eller leiketøy.

– Jo betre kjend vi blir med vanlege folk i fortida og korleis dei levde, jo betre forstår vi konsekvensar som vår moderne livsstil har for miljøet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Drivtømmer er ein kjend ressurs for mange folk langs kysten på Vestlandet og Nord-Noreg. Kanskje mindre kjend for andre? Bak drivtømmeret ser vi arkeolog Dawn Elise Mooney med fleire på strandrydding på Selvíkur på neset Skagi nordvest på Island. Foto: Ines Meier
Drivtømmer er ein kjend ressurs for mange folk langs kysten på Vestlandet og Nord-Noreg. Kanskje mindre kjend for andre? Bak drivtømmeret ser vi arkeolog Dawn Elise Mooney med fleire på strandrydding på Selvíkur på neset Skagi nordvest på Island. Foto: Ines Meier
Foto: Ines Meier
Last ned bilde
Dawn Elise Mooney på utgraving på Island med samarbeidspartnar Lísabet Guðmundsdóttir. Huset som vart gravd fram, blei brukt av folk i vikingtida mens dei samla drivved, fiska, arbeidde med kvalbein og produserte tranolje. Etter utgravinga brukte forskarane drivtømmer for å gjenopprette husets stolpar. Foto: Lísabet Guðmundsdóttir
Dawn Elise Mooney på utgraving på Island med samarbeidspartnar Lísabet Guðmundsdóttir. Huset som vart gravd fram, blei brukt av folk i vikingtida mens dei samla drivved, fiska, arbeidde med kvalbein og produserte tranolje. Etter utgravinga brukte forskarane drivtømmer for å gjenopprette husets stolpar. Foto: Lísabet Guðmundsdóttir
Foto: Lísabet Guðmundsdóttir.
Last ned bilde
Dawn Elise Mooney på utgraving på Island kor ho var med på å grave ut eit hus som vart brukt av folk i vikingtida mens dei samla drivved, fiska, arbeidde med kvalbein og produserte tranolje.
Dawn Elise Mooney på utgraving på Island kor ho var med på å grave ut eit hus som vart brukt av folk i vikingtida mens dei samla drivved, fiska, arbeidde med kvalbein og produserte tranolje.
Foto: Lísabet Guðmundsdóttir
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye