Medietilsynet med nytt læringsopplegg om kunstig intelligens før valet
Eit nytt læringsopplegg om kunstig intelligens skal styrke den kritiske medieforståinga blant elevane. Opplegget blir utvikla av Medietilsynet i samarbeid med Nasjonal digital læringsarena (NDLA), og går inn i regjeringas tiltaksplan i forkant av valet i haust.

Eitt av temaa i læringsopplegget er val og korleis kunstig intelligens kan brukast til politisk påverking. Målgruppa er elevar i den vidaregåande skolen.
– Når kunstig intelligens kan brukast til å produsere både tekst, bilde, lyd og video, er det viktig med merksemd rundt korleis dette kan brukast til desinformasjon. Slik kunnskap kan bidra til å førebygge uønskt påverking blant anna i samband med val, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Fleire tiltak frå Medietilsynet går inn i tiltaksplanen frå regjeringa
I tillegg til det nye læringsopplegget om kunstig intelligens relanserer Medietilsynet kampanjen Stopp. Tenk. Sjekk. i forkant av valet i haust. Kampanjen har som mål å styrke den kritiske medieforståinga i befolkninga, særleg med tanke på kjeldekritikk og det å kunne avdekke desinformasjon.
– Dersom ei nyheitssak verkar for utruleg, vekker sterke kjensler eller prøver å påverke deg, bør du sjekke kven som står bak saka før du spreier henne vidare, seier Velsand. Kampanjen blir også løfta fram på Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) sine plattformer, og andre samarbeidspartnerar er Faktisk.no og Landslaget for lokalaviser (LLA).
Medietilsynet bruker også det kommande valet til å slå eit slag for ein god digital debattkultur, og planlegg ein eigen kampanje i sosiale medium om dette.
Tiltaka Medietilsynet set i verk, er ein del av tiltaksplanen regjeringa gjennomfører for å sikre valet. Sjølv om norske myndigheiter ikkje tidlegare har avdekt forsøk på uønskt påverking av val i Noreg, er dei førebudde på at slik aktivitet kan skje. Derfor har regjeringa utarbeidd ei rekke tiltak for å hindre uønskt påverking før, under og etter valet.
Regjeringas tiltaksplan for valet 2023
- Regjeringa legg til grunn risiko- og trusselvurderingar utarbeidde av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Politiets tryggingsteneste (PST), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Politiet for å sikre gjennomføringa av valet.
- PST og NSM gir avgjerdsstøtte og tryggingsfaglege råd til partiorganisasjonar og politikarar på alle nivå, myndigheitspersonar og aktuelle verksemder.
- Politiet arbeider aktivt med å legge til rette for god dialog med kommunar og politiske parti om førebyggande råd og tiltak knytte til hatefulle ytringar og truslar mot politikarar.
- NSM fører vidare evna si til respons, hendingshandtering og informasjonsdeling knytt til beredskapsordninga for sosiale medium (SoMeB).
- NSM ved Nasjonalt cybersikkerheitssenter held ved lag evna til å avdekke, varsle om, respondere på og koordinere handtering av nettverksoperasjonar mot valinfrastruktur og andre viktige aktørar knytte til valprosessen og valgjennomføringa, i tett samarbeid med andre aktørar, mellom anna i Felles cyberkoordineringssenter (FCKS).
- Valdirektoratet gjennomfører testing av det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA og alle nytta plattformer for direktoratets løysningar i samarbeid med NSM og andre eksterne aktørar. Direktoratet set i verk tiltak for auka sikkerheit ved behov.
- Valdirektoratet rettleier kommunar og fylkeskommunar om fysisk sikring av dei tekniske løysningane som blir brukte ved valet, og om sikker bruk i valgjennomføringa.
- NSM, PST og E-tenesta utarbeider ein informasjonsbrosjyre som blir send til alle kandidatar som stiller til kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023.
- Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har inngått ein avtale med Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) om eit forskingsoppdrag om valpåverknad.
- Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil i samarbeid med KDD og Valdirektoratet arrangere ein tverrsektoriell samvirkekonferanse både på direktoratsnivå og for lokale valmyndigheiter, der valpåverking er tema.
- DSB vil arrangere eit beredskapsmøte med alle statsforvaltarane i sommar, der mogleg valpåverking vil inngå. Statsforvaltarane formidlar bodskapane herifrå vidare til kommunane.
- DSB aktualiserer informasjonen om falske nyheiter på nettsida sikkerhverdag.no gjennom å relatere saka til valet.
- Medietilsynet utarbeider i samarbeid med Nasjonal digital læringsarena (NDLA) eit undervisningsopplegg om kunstig intelligens som skal styrke den kritiske medieforståinga blant elevane, der eitt av temaa er val.
- Medietilsynet relanserer kampanjen Stopp. Tenk. Sjekk., som har som mål å styrke den kritiske medieforståinga i befolkninga. Kampanjen blir løfta fram på DSB sine plattformer.
- KDD utvidar i samarbeid med PST rettleiaren om hatytringar, hets og truslar retta mot folkevalde og kandidatar som stiller til val.
- KDD inviterer media til dialogmøte om regjeringa sitt arbeid for å styrke sikkerheita ved gjennomføringa av valet.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noLenker
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Rekord-låge annonseinntekter for norske aviser i fjor27.6.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
Annonseinntektene til norske aviser var på eit historisk lågt nivå i 2024, viser ein ny rapport frå Medietilsynet. Sett under eitt blei fjoråret nok eit svakt driftsøkonomisk år for avisene, sjølv om lønnsemda var noko betre enn året før.
TV 2 oppfylte alle krav som kommersiell allmennkringkastar i 202426.6.2025 06:50:01 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2024 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Dette er det første året med den nye femårige avtalen mellom TV 2 og staten.
Flere unge tar kontakt med Hjelpelinjen for spilleavhengige - nå vil myndighetene gi dem bedre beskyttelse23.6.2025 13:00:08 CEST | Pressemelding
Norske tilsynsmyndigheter vil samarbeide for å beskytte de unge bedre mot spillavhengighet. Blant Hjelpelinjens brukere sier 64 prosent at kasinospill, altså spillautomater på nett, er det største eller eneste spillet som gjør at de har spilleproblemer.
Medietilsynet får utvidet ansvar i kampen mot desinformasjon16.6.2025 12:54:39 CEST | Pressemelding
Et mer omfattende mandat, nye oppgaver og økte ressurser til Medietilsynet foreslås i regjeringens nye strategi for å styrke befolkningens motstandskraft mot desinformasjon.
Medietilsynet har fordelt støtten til lokalkringkasting12.6.2025 08:57:27 CEST | Pressemelding
Drøyt hundre lokale kringkastere har fått til sammen nær 24 millioner kroner når Medietilsynet nå har fordelt tilskuddet til lokale lyd- og bildemedier. Om lag halvparten går til å digitalisere lokalradio.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom