VGTV får åtvaring frå Medietilsynet etter brot på reklamereglane
16.6.2023 07:00:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
VGTV får åtvaring frå Medietilsynet etter å ha brote regelen om merking av produktplassering i fleire program. – Regelen er laga for å gjere sjåarane merksame på at eit produkt er plassert i eit redaksjonelt program mot betaling, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I fleire av episodane i VGTV av «Spårtsklubben» og «Harm & Hegseth» som Medietilsynet kontrollerte, mangla merkinga av produktplasseringa, eller ho var ikkje tydeleg nok. I nokre av episodane av «Harm & Hegseth» hamna i tillegg produktplasseringsmerket over aldersmerkinga.
Kringkastingslova seier at produktplassering som hovudregel er forbode, men tillèt likevel produktplassering i somme program, som sportsprogram og lette underhaldningsprogram. Da skal sjåarane på ein tydeleg måte gjerast merksame på at programmet inneheld produktplassering, både når programmet begynner, når det sluttar, og etter eit reklameavbrot.
VGTV er einig i vurderingane frå Medietilsynet
VGTV opplyser til Medietilsynet at feilen kjem av svikt i gjennomføringa og oppfølginga av rutinane i selskapet, trass i at VGTV fekk åtvaring for brot på den same lovregelen før jul i fjor. Ifølge VGTV er alle rutinar no gått gjennom og kommunisert enda ein gong, og det er utarbeidd ei sjekkliste som eit ledd i kvalitetssikringa.
– Av omsyn til sjåarane er det viktig at reglane om produktplassering blir følgde. Fordi VGTV har brote ein viktig regel om produktplassering i kringkastingslova på nytt, gir Medietilsynet no ein sanksjon i form av åtvaring, seier Sekkelsten.
Medietilsynet kan gi åtvaring og gebyr som sanksjon ved brot på kringkastingslova.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Kinofilm fikk høyere aldersgrense etter tilsyn2.11.2026 13:12:02 CET | Pressemelding
Disneyfilmen Whalefall har fått endret aldergrense fra 12 til 15 år etter at Medietilsynet førte tilsyn med den.
Tre nye aviser får produksjonstilskudd - ti får avslag28.10.2026 11:20:00 CET | Pressemelding
Tre nye aviser får produksjonstilskudd når Medietilsynet fordeler årets bevilgning på drøyt 456 millioner kroner. Ti av de nye søkerne får avslag.
Inntektene framleis under press i mediebransjen, trass betre lønnsemd i 202527.10.2026 08:51:44 CET | Pressemelding
Lønnsemda i den norske mediebransjen styrkte seg i 2025, men framleis er hovudutfordringa at dei digitale inntektene ikkje kompenserer for fallet på tradisjonelle plattformer. Det viser rapporten Norsk medieøkonomi 2021–2025 frå Medietilsynet.
Medietilsynet med ny nettside for foreldre om dataspill23.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nettsiden «Snakk om spill» fra Medietilsynet skal hjelpe foreldre med å legge til rette for at barna skal være tryggere når de spiller på nett.
Tobias (13) fra Risør vant Ibelinprisen22.10.2026 11:42:05 CEST | Pressemelding
Tobias Birkeland Hovet vant Ibelinprisen 2026. 13-åringen er en engasjert bidragsyter i fritidsklubben Ung i Risør, og nå er han kåret til årets rollemodell innen dataspill. Prisen deles ut av Medietilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom