Avinor

Flytrafikken er framleis ikkje «i rute» 

Del
4,3 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i mai. Dette er 2 prosent fleire enn i mai i fjor, men 8 prosent færre enn mai i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Det har vore 64.480 flyrørsler i mai, 4 prosent færre enn i mai i fjor.

-Sjølv om passasjertala framleis er lågare enn før pandemien, er vi optimistiske for utviklinga inn mot sommarferien her i Noreg, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise. 

 - Juni er månaden med flest forventa passasjerar gjennom året, og det er venta ein nedgang på berre 6 % mot 2019. Resten av året er det forventa noko svakare trafikktal. 

 -Det samla talet på reisande aukar i mai samanlikna med mai i fjor, men det var nedgang i talet på reisande innanlands. Dette er trenden dei siste månadene. Trafikken utanlands bidrar godt til den positive utviklinga med høg aktivitet og gode tilbakemeldingar frå aktørane i marknaden, seier Skallerud Riise. 

- Utsiktene over sommaren er svært usikre. Med ein krevjande økonomisk situasjon prega av inflasjon og rentehevingar, følgjer vi utviklinga tett og er spente  på korleis hausten og vinteren vil arte seg for flytrafikken, avsluttar Skallerud Riise. 

Flyrørsler 

Det var 64 480 kommersielle flyrørsler i mai 2023. Dette er 4 prosent færre enn i mai i fjor. Om ein samanliknar med mai i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 7 prosent. 

Passasjertal 

2,5 millionar passasjerar reiste innanlands i mai. Dette er 6 prosent færre enn i mai 2022. Dette er andre månaden på rad at trafikken innanlands er lågare enn i fjor. 

Trafikken utanlands har auka med 18 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 9 prosent lågare enn i mai 2019. Sjå alle tal i vedlegget «05.2023» 

Hittil i år samanlikna med 2019 

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 13 prosent bak normalåret 2019. Flyrørsler hittil i år er 9 prosent bak 2019. 

Flyging med drone

-Flyging med drone i Noreg aukar, seier Axel Knutsen, leiar for Avinor sitt droneprogram. - I mai vart 1317 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 94 prosent samanlikna med mai 2022. Så langt i år er auken 102 prosent samanlikna med i fjor.

 

Les meir om Ninox Drone

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Om Avinor

Avinor
Avinor
Drammensveien 144
0277 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye