Få kroppsøvingslærarar planlegg undervisning om helse
Mange lærarar tenkjer at helse kjem automatisk med når ein er fysisk aktive, seier stipendiat Hanne Herigstad Mong som har skrive doktorgrad om korleis helse blir undervist i kroppsøvingsfaget. Men det er ikkje tilfelle. Andreas Skiri Refsdal er ungdomsskulelærar og kjenner seg igjen.
– Når eg spør elevane kva helse er, svarer jo alle at det er å vere godt trent, springe langt og at ein er sterk. Eg må verkeleg hjelpe dei og peike mot hovudet før nokon tenkjer i andre banar.
Andreas Skiri Refsdal står på sidelinja på fotballbanen til Ris skole i Oslo. Han er i ferd med å avslutte ein heilt vanleg gymtime med fotball på timeplanen.
Når han får høyre om forskingsfunna som er gjort blant andre kroppsøvingslærarar er han ikkje overraska.
Prøvar å snakke om helse
– Eg kan kjenne meg igjen i at det ein kunne hatt mykje meir og breiare fokus på helse, seier Refsdal.
På timeplanen denne dagen stod fotball. Kvart semester har han ofte ei teoriøkt med helse som ein del av undervisninga, men Refsdal meiner han kunne hatt meir fokus på helse i undervisninga.
Likevel er han heilt klar på at det er viktig å ha med fleire aspekt av helseomgrepet i kroppsøvingstimane hans. Han fortel at han som regel har ein eller to teoriøkter der dei i tillegg til enkel treningslære og idrettsskader, har snakka om helse.
– Me har for eksempel snakka om kvifor det er viktig å halde seg i form, at alle har forskjellige styrker og at helse ikkje berre handlar om det fysiske, men også korleis du har det. Men det kunne absolutt ha vore meir, seier Refsdal.
Det verkar ikkje som er tilfelle for alle kroppsøvingslærarar, ifølgje prosjektet til Hanne Herigstad Mong. Ho har jobba med doktorgradsprosjektet om undervisning om helse i kroppsøvingsfaget over fleire år, og gjort mange interessante funn.
– Det eg kanskje er mest overraska over er at lærarane eg intervjua gjerne seier at helse er ein del av undervisninga og meiner at det kjem automatisk når dei er i aktivitet. Men elevane svarte at dei aldri hadde hatt noko om helse, seier Mong.
Hanne Herigstad Mong har vore stipendiat på Institutt for lærarutdanning og friluftslivsstudier. Mong disputerer på NIH 15.juni.
To leirar i fagmiljøet
Ho fortel at forsking har vist at det er to leirar i fagmiljøet. Dei som ser på aktivitet som eit instrument for å få betre helse. Og det andre delen som ser på kroppsøvingsfaget som ein moglegheit for å lære om helse.
Dei meiner mellom anna at det er viktig å bruke tid på å lære om det som er bra for akkurat deira helse.
– Meir fysisk aktivitet er kanskje bra for helsa til dei som alt er aktive. Mens andre igjen har kanskje meir behov for å lære meir om kva god helse er og kva det betyr for dei, seier Mong og tenkjer på dagens samfunn der mange unge slit psykisk.
– Eg trur dei kan ha god nytte av å bli litt bevisste på ulike ting ved helsa si, spesielt når ein ser på samfunnet i dag, korleis dagens ungdom har det og kva slags påverknad dei blir utsett for. At dei får eit innblikk i at helse er komplekst, og er meir enn fysisk helse trur eg dei kan ha god nytte av, seier stipendiaten.
Tenkjer på helse som bieffekt
I prosjektet har ho mellom undersøkt korleis åtte kroppsøvingslærar forstår helse og korleis dei underviser om det. Ho har også gjort såkalla aksjonsforsking, der ho i samarbeid med ein kroppsøvingslærar og elevar har sett på korleis didaktisk arbeid kan bidra til å utvikle undervisninga om helse.
– Funna mine viser at lærarane ofte tenkte på helse som ein bieffekt. Dei er ikkje bevisste på at dei skal planlegge undervisning om helse, på same måte som fotball. Men det er ikkje noko som kjem automatisk, meiner Mong som sjølv har bakgrunn som lærar.
Mykje endra seg for både lærarar og elevar når læraren hadde planlagt undervisninga om helse didaktisk. Det blei tydelegare både for læraren kva som var hensikta med økta og elevane kva dei faktisk hadde lært.
– Elevane forstod meir at dei hadde hatt om helse og kva det innebar. I intervju fortalte dei at dei synest eigentleg det var fint å få satt det på agendaen, seier Mong.
Konkrete råd til lærarar
Vil du som kroppsøvingslærar få inn meir undervisning om helse? Du må ikkje ut av gymsalen og ta med klassa inn i eit klasserom, tipsar stipendiaten.
– Du kan for eksempel ha ein introduksjon til eit tema som er knytt til helse i starten av økta. Om ein har eit tydeleg fokus på mål for økta, blir det også lettare å planlegge for at helse også skal vere noko elevane skal lære om.
Eitt konkret eksempel frå aksjonsforskinga var ein stafett der elevane sjølv skulle fordele oppgåver etter kva slags styrker dei hadde på laget. I etterkant skulle dei tenkje etter kva dei sjølve var gode til og likte sjølv, og kva som blei forskjellen når dei bytta roller på laget.
– Det kan handle om å vinkle kroppsøvingsøktene litt annleis, ein må ikkje inn i klasserommet for å lære om helse. Men jo betre ein planlegg økta, blir det også lettare for elevane å forstå kva dei skal lære.
I læreplanen for ungdomsskulen står det at elevane skal: reflektere over korleis ulike framstillingar av kropp i media og samfunnet påverkar bevegelsesaktivitet, kroppsidentitet og sjølvbilete.
– Det er eit tema elevane skal lære noko om, derfor kan ein ikkje ta det for gitt. Læraranes jobb blir da å introdusere dei for kunnskap som gjer at dei kan reflektere om kva helse handlar om for dei.
Etter økta samla læraren elevane i ei gruppe og utfordra dei mellom anna på kva dei gjorde for å spele andre gode.
Må ha det i bakhovudet
På kunstgraset på Oslos vestkant har Andreas blåst fotballkampen av og har samla klassa si ved sidelinja. Han utfordrar dei på om dei kunne ha tenkt annleis under kampen for å spele andre gode.
Refsdal trur han kan få til å snakke meir om helse, også utanom dei få teoriøktene dei brukar å ha i semesteret.
– Det kan absolutt vere mogleg å få det inn i den praktiske undervisninga. Om eg har ein plan for det, trur eg kan få det inn i små drypp gjennom heile året. Anten det er på starten av timen, undervegs eller på slutten. Eg trur eg må ha det i bakhovudet heile vegen.
Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noBilder
Lenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
– Vi må erkjenne at idretten er ein risikosone for overgrep9.10.2024 11:09:06 CEST | Pressemelding
NIH-forskarar har undersøkt om kor godt «Trygg på trening», eit kurs utvikla av Redd Barna, har fungert. – Vi er bekymra for at kurset ikkje har nådd godt nok ut til klubbane, seier Redd Barna.
Hvor trygg er idretten for barn i Norge?1.10.2024 09:33:23 CEST | Presseinvitasjon
Tar idretten ansvar for barns sikkerhet i idrettsklubber i Norge? Ny rapport fra Redd Barna og Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett (FOBU) ved Norges idrettshøgskole (NIH) gir deg svar.
Jubileumskonferanse: Den organiserte barne- og ungdomsidrettens framtid18.9.2024 13:52:45 CEST | Presseinvitasjon
Hvordan vil framtidens barne- og ungdomsidrett se ut og hva kreves for at idretten skal være en idrettsorganisasjon i verdensklasse?
Frokostseminar: Hvordan kan trening som medisin hindre at helsevesenet kneler?17.9.2024 12:39:06 CEST | Presseinvitasjon
Økt fysisk form blant nordmenn kan spare samfunnet for millioner av kroner. Hvilke tiltak kan øke bruken av trening som medisin? Forskere, politikere, leger og helsemyndigheter tar debatten videre på NIH 24.september.
Nye tal på nordmenns fysiske form5.9.2024 08:44:28 CEST | Pressemelding
1200 tilfeldige nordmenn frå heile landet har gjennomført testar av fysisk form. Resultata viser at ei stor gruppe av oss kan betre forma berre ved å starte med enkle aktivitetar som å gå i trapper og i motbakke.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom