Riksrevisjonen

Utanriksdepartementet gjer ikkje nok systematiske vurderingar av resultat av bistanden til Syria-krisa

Del

Det viser ei ny undersøking frå Riksrevisjonen. – Det er viktig at departementet veit kva resultat ein oppnår med midlane. Då kan bistandsmidlane brukast mest mogleg effektivt, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Illustrasjonsbilde satt sammen av to foto. Foto 1: Bombet bygning i Aleppo. Foto 2: Flyktningteltleir i Libanon
Krigshandlingane i Syria har minka i omfang, men den humanitære situasjonen har stadig blitt verre. Foto: Fly_and_Dive og ahmad zikri /Shutterstock / NTB Fly_and_Dive og ahmad zikri /Shutterstock / NTB Fly_and_Dive og ahmad zikri /Shutterstock / NTB

Noreg har i perioden 2016–2021 gjeve til saman 12,5 milliardar kroner til Syria og nabolanda. I fleire år har Syria vore det landet som får mest norsk bistand. Sjølv om krigshandlingane i Syria har minka i omfang, har den humanitære situasjonen stadig blitt verre. Nabolanda Libanon og Jordan er dei to landa i verda som har flest flyktningar per innbyggjar.

Den internasjonale bistanden til Syria-krisa er stadig meir underfinansiert. For at bistandsmidlane skal kunne brukast mest mogleg effektivt, er det viktig at Utanriksdepartementet veit kva resultat ein oppnår med midlane.

Utanriksdepartementet har eit ansvar for å sikre god resultatinformasjon, også når situasjonen er krevjande. Dei skal kontrollere og vurdere rapportane tilskotmottakaren sender inn om måloppnåing i prosjekta. Dette skal departementet dokumentere, men det har i mange tilfelle ikkje blitt gjort.

Før tildeling av prosjektmidlar har Utanriksdepartementet vurdert korleis mottakaren skal følgje opp resultat i berre 10 av 25 prosjekt, synar undersøkinga. Etter tildeling finn Riksrevisjonen skriftlege vurderingar av måloppnåing i berre 3 av dei 25 prosjekta.

– Det går ei vesentleg mengd norske bistandsmidlar til Syria-krisa. Utanriksdepartementet har ikkje sikre god nok dokumentasjon av resultat og ikkje gjort vurderingar av dei. Det inneber at departementet ikkje har lagt til rette for å sikre at flest mogleg menneske får nødvendig hjelp. Det er ikkje tilfredsstillande, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

– Vi har over tid peika på svakheiter ved resultatinformasjonen Utanriksdepartementet har og korleis dei følgjer opp resultata av bistand. Det er behov for vesentlege forbetringar i resultatoppfølginga departementet gjer, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Særleg svakt i støtta til multilaterale organisasjonar

Multilaterale organisasjonar har fått over halvparten av den norske støtta til Syria og nabolanda. Ikkje i nokon av dei 13 FN-prosjekta Noreg støttar som blir forvalta av Utanriksdepartementet sentralt, har departementet gjort systematiske vurderingar av forventa resultat før tildeling av midlar. Dei går heller ikkje gjennom og vurderer informasjon om resultat etter at midlane er tildelte.

Mangelfull dokumentasjon er særleg tydeleg i oppfølginga av tilskot der avtalen finansierer ein FN-appell. Det er ein måte for FN å be medlemslanda om finansiering på. Då er det ikkje krav om verken søknad eller eit avgjerdsdokument der mellom anna resultat og risiko blir vurdert. Eit døme på dette er ein avtale med Unicef som handlar om utdanning i Jordan, der verken avtalen eller FN-appellen gjer informasjon om kva tiltak midlane skal gå til.

– Når dokumentasjonen ikkje er heilt tydeleg på kva Unicef skal bruke det norske tilskotet i Jordan til, er det uklart korleis Utanriksdepartementet i avslutningsnotatet sitt kan skrive at det er gode resultat for prosjekta i samsvar med søknaden, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Om undersøkinga på riksrevisjonen.no

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Riksrevisjonen er Stortingets største og eldste kontrollorgan. Gjennom revisjon av regnskap og undersøkelser sjekker vi hvordan regjeringen og statsforvaltningen gjør jobben sin.

Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye