Reinheimen sitt nye besøkssenter til Åndalsnes
Miljødirektoratet har vald å autorisere Norsk Tindesenter på Åndalsnes som besøkssenter for Reinheimen nasjonalpark. (nynorsk)

– Åndalsnes er eit attraktivt område for turinteresserte, og Norsk Tindesenter er svært godt eigna som besøkssenter for å ta imot besøkjande til og frå vestsida av Reinheimen nasjonalpark, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Populært turområde
Senteret vil med det etablerte og attraktive bygget sitt og uteområde bli eit viktig informasjonspunkt, som vil ha mykje å seie for varetaking av naturverdiane i nasjonalparken og randsonene. Dette gjeld særleg villreinen i Reinheimen og i området ved Trollstigen som er ramma av ferdsel og forstyrringar.
– Norsk Tindesenter er eit populært utgangspunkt for turar i Reinheimen og randsona, og det er viktig for nasjonalparkforvaltinga å nå desse besøkjande med informasjon før dei bevegar seg inn i eit sårbart område, påpeikar Hambro.
I statsbudsjettet for 2023 gav regjeringa 1 500 000 kr kvar til å etablere to besøkssenter - eitt på vestsida av Jotunheimen og eitt på vestsida av Reinheimen. Norsk Tindesenter blir det 40. autoriserte besøkssenteret i Noreg, etter at Fortun Bygdalag vart autorisert som besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark torsdag 25. mai.
Berekraftig friluftsliv
Eit besøkssenter nasjonalpark skal formidle informasjon om naturverdiane og stimulere til berekraftig bruk av nasjonalpark, annan natur og til friluftsliv. Fokuset i formidlinga ved Norsk Tindesenter vil vere eit viktig verktøy for forvaltinga av Reinheimen nasjonalpark og varetaking av verneverdiane i Reinheimen.
Senteret har eit godt samarbeid med kommunen, verneområdeforvaltinga og lokale aktørar.
– Gjennom etableringa av besøkssenter nasjonalpark vil Norsk Tindesenter leggje endå større vekt på å skape eit miljø som aktivt samarbeider for at friluftsliv blir gjennomført på ein berekraftig måte, som varetek naturen og villreinen i nasjonalparken og randsonene omkring, seier Hambro.
Naturleg møtestad
Besøkssenteret skal etablerast i lokala til Norsk Tindesenter, og senteret vil bli synleggjort gjennom skilting, utstilling og utandørs informasjonspunkt med informasjon om nasjonalparken.
Norsk Tindesenter blir brukt mykje av lokalbefolkninga, og gjennom ulike tilbod som arrangement, servering og klatrehall er dei ein naturleg møtestad for mange.
Senteret vil også tilsetje naturrettleiar, utvikle digitale kurs og tilpasse eksisterande nettsider til besøkssenter nasjonalpark og merkevara Noregs nasjonalparkar.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Nytt myrregelverk skaper stort engasjement14.1.2026 09:00:58 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet anbefaler å opprettholde forslaget om forbud mot nedbygging av myr slik det ble sendt på høring.
74 kommuner og fylker har søkt Klimasats-støtte12.1.2026 10:10:17 CET | Pressemelding
Kommuner og fylkeskommuner i hele landet konkurrerer om 130 millioner kroner i Klimasats-støtte. Se her om din kommune har søkt.
74 kommunar og fylke har søkt Klimasats-støtte12.1.2026 10:10:17 CET | Pressemelding
Kommunar og fylkeskommunar i heile landet konkurrerer om 130 millionar kroner i Klimasats-støtte. Sjå her om kommunen din har søkt.
Utsetter regler mot avskoging for tusenvis av bedrifter19.12.2025 16:58:46 CET | Pressemelding
Aktører som handler med storfe, tre, kakao, kaffe, oljepalme, naturgummi og soya får ett år til på å dokumentere at varene ikke fører til avskoging.
Utset reglar mot avskoging for tusenvis av bedrifter19.12.2025 16:58:46 CET | Pressemelding
Aktørar som handlar med storfe, tre, kakao, kaffi, oljepalme, naturgummi og soya får eitt år til på å dokumentere at varene ikkje fører til avskoging.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom