Kostnadar ved arkeologi i Bybanebygginga

- Bybanetraseen er planlagt å gå gjennom eit av dei viktigaste kulturhistoriske områda i Noreg, som óg er verdsarv, seier avdelingsdirektør for samfunnsavdelinga Elisabeth Dahle. - Kostnadsoverslaget skal syne kva for arbeid arkeologane skal gjennomføre og kva NIKU estimerer at dette vil koste, seier Dahle.
I kostnadsoverslaget frå NIKU er arkeologiske undersøkingar og miljøovervaking estimert til å koste kr. 361 750 000,-. Overslaget er ein viktig del av grunnlaget for politikarane som skal vedta bybaneprosjektet når det gjeld totalkostnadene for realisering av Bybane frå Bergen sentrum til Åsane.
Kostnadsoverslaget er ikkje eit endeleg budsjett, men baserer seg på planforslagets detaljar om byggearbeida for Bybanen pr. i dag. Riksantikvaren vil først kunne fatte vedtak etter kulturminnelova § 10 når det ligg føre ei detaljprosjektering. Etter forskrifta til lova er det NIKU som utfører arkeologiske undersøkingar i dei norske mellomalderbyane Bergen, Oslo, Trondheim, Tønsberg, Sarpsborg, Hamar, Skien og Stavanger.
Utgravingar i mellomaldergrunn
Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Det er eit stort anleggsarbeid som skal gjennomførast i tusen år gamle kulturlag, Funnpotensialet i området er stort, og det er viktig at dei historiske spora sikrast for ettertida.
- Det vil alltid vere usikkerheit til stades ved så store anleggsarbeid i område der det er freda arkeologiske kulturlag. Når kommunen har planlagt byggearbeida i detalj, vil også kostnadsoverslaga kunne endre seg, seier Dahle.
Etter at Riksantikvaren bad fylkeskommunen om å reise motsegn i desember 2022, sendte Bergen kommune ut eit revidert planforslag før påske i 2023. Riksantikvaren sin vurdering er at reguleringsplanen for Bybanen, Bergen sentrum - Åsane kan godkjennast. Føresetnaden for at den reviderte planen vart godkjent er at det vert gjennomført arkeologiske granskingar og avbøtande tiltak, for å sikre kjeldeverdi og langsiktig bevaring av kulturlag i planområdet og tilgrensande område. Anslaget for kva dette vil koste ligg no føre, etter avtale med Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.
Store arkeologiske utgravingar i Noreg
Bybanetraseen skal byggast på mellomaldergrunn som er freda. Ved store infrastruktur- og utbyggingsprosjekt i mellomalderbyane, som Bybanesaka, vert det sett krav til arkeologiske undersøkingar, slik at samfunnet kan sikre kjeldeverdien og historia som finst i dei viktige kulturminna under bakken.
Det har vore store utgravingar i Bergen tidlegare. Mest kjend er utgravingane etter den store brannen som la fleire av bygningane på Bryggen i grus i 1955. Utgravingane synte mellom anna at Bryggen hadde historie frå før Hansatida, og det vart gjort mange spektakulære funn og utgravingane gav mykje ny kunnskap om Bergens tidlege historie. Etter den store Bryggen-utgravinga har det blitt utført arkeologiske undersøkingar i Bergen sentrum, men ingen har hatt så stort omfang som Bybaneprosjektet. Dette vil være den største arkeologiske undersøkinga i Bergen sidan Bryggen-utgravinga. Her kan vi finne strukturar som rester etter kaikonstruksjonar, bygningar og vegfar, og eit stort antal gjenstandar som kan fortelje oss om korleis byfolket levde i mellomalderen. Sandbrogaten-området har spor etter nokre av byens eldste busetnadar. Undersøkingane i dette området kan gje oss spanande, ny informasjon om kvar dei tidlegaste bergensarane budde, og korleis dei levde. Har det vore ein kaifront ved Vågsallmenningen/Torget-området, som på Bryggen? Massane her ser ut til å ha liknande bevaringstilhøve som i Bryggen-området, og her kan ein finne gjenstandar frå handel, daglegliv, hushald, handverk med meir. Tidlegare undersøkingar på Vågsallmenningen har blant anna påvist importerte matvarer så tidleg som i vikingtid.
I Oslo har det dei siste åra vore store undersøkingar i samband med utbygging i Bjørvika og ved bygginga av Follobana. Follobana går i dag i tunnel gjennom freda mellomaldergrunn mot Oslo sentralstasjon. Utgravinga i Mellomalderbyen Oslo starta for alvor i 2014, og utgravingane som vart gjennomført har resultert i mange spanande funn og ny kunnskap om Oslo si eldre historie. Follobana har vore eit viktig samferdsleprosjekt for Oslo og omegn, Kostnadane for utgravinga av Follobana er foreløpig estimert til å ligge på rundt 314 millionar kronar.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt Riksantikvaren
+47 404 65 153
Pressekontakt, NIKU
+47 23 35 50 00 - Anbjørg Reinsnos, anbjorg.reinsnos@niku.no
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder

Dokumenter
Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Nå kan du søke tilskudd til kulturminner1.10.2023 07:30:00 CEST | Pressemelding
– Bruk muligheten til å søke, oppfordrer riksantikvar Hanna Geiran. Fristen er 1. november.
Fredar radiohistorie på Svalbard14.9.2023 12:50:37 CEST | Pressemelding
Isfjord radio har vore sentral i norsk og internasjonal radio- og telekommunikasjon. I dag blir radiostasjonen freda, som eit viktig kulturminne for historia om Svalbard.
Verdensarv i Ukraina får forsterket internasjonal beskyttelse8.9.2023 14:00:00 CEST | Pressemelding
I et ekstraordinært møte 7. september vedtok den internasjonale komitéen for Haag-konvensjonens annen protokoll å forsterke beskyttelsen av kulturminner i Ukraina.
Steinberg gård på Toten fredes2.9.2023 12:15:00 CEST | Pressemelding
Steinberg var gården til den norske eidsvollsmannen Lauritz Weidemann og familien. Den storslåtte hagen og parken har stått nesten urørt siden 1850-tallet. Nå freder Riksantikvaren hele embetsmannsgården på Toten.
Freder Folkets hus i Sauda25.8.2023 13:48:20 CEST | Pressemelding
– Folkets hus i Sauda er en fortelling om fellesskap før og nå, sier riksantikvar Hanna Geiran. – Denne historien er det verdt å ta vare på for fremtiden, og det gjør vi ved å frede bygget.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom