Lokale tv- og radiokanalar får over ni millionar i støtte
![Fleire av programma til dei tv- og radiokanalane som får støtte, skal dekke ulike sider ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Illustrasjonsfoto Ketil Blom / Medietilsynet](/data/images/00999/03dbc3d4-69cf-4b15-8d80-992a38fed5d4-w_720.jpg)
I løpet av 2023 skal Medietilsynet fordele til saman litt over 22 millionar kroner til lokale kringkastarar. Tidlegare i år fekk lokalradioane 12,2 millionar i driftsstøtte frå tilskottsordninga til lokalkringkasting, som Medietilsynet forvaltar.
I denne runden går ein stor del av støtta til å styrke programtilbodet i lokalradio og lokal-tv. Medietilsynet gir støtte til 61 lokale programproduksjonar, 47 radioprogram og 14 lokal-tv-program, som til saman får 5,2 millionar kroner.
Fleire av programma som får støtte, skal dekke ulike sider ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Eit eksempel er Radio Ålesund, som skal dekke valkampen på Sunnmøre med aktuelle nyheiter, debattar og meiningsmålingar.
Støtte til DAB-utbygging i område som ikkje har DAB
Medietilsynet tildeler også tre millionar kroner til å bygge ut lokale DAB-nett og éin million kroner i utviklingsstøtte til lokale tv- og radiostasjonar. Selskapet Fjordingen, som driv Radio Stryn og har eiga lokalavis, får støtte til DAB-utbygging i Stryn. Regionen er éi av to lokalregionblokker der det framleis ikkje er etablert DAB-sendarnett for lokalradio.
– Vi er glade for at befolkninga i denne regionen no får tilgang til lokalradio på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten.
Sjå kva verksemder som får støtte i denne runden (pdf)
Sjå kva verksemder som får støtte i denne runden (excel)
Det blir mogleg å søke om støtte på nytt over sommaren
Over sommaren lyser Medietilsynet ut ein tredje runde for å søke om tilskott i år.
– Dette er støttemidlar som ikkje er brukte frå tidlegare år, som følge av at nokre prosjekt ikkje blir gjennomførte eller blir rimelegare enn antatt, seier Sekkelsten.
Les meir om tilskottsordninga for lokalkringkasting her.
Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt med Jon Stjernstedt.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder
![Fleire av programma til dei tv- og radiokanalane som får støtte, skal dekke ulike sider ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Illustrasjonsfoto Ketil Blom / Medietilsynet](/data/images/00999/03dbc3d4-69cf-4b15-8d80-992a38fed5d4-w_240.jpg)
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Lav lønnsomhet for norske aviser i 20231.7.2024 05:50:00 CEST | Pressemelding
Publikum betalte mer for aviser i fjor enn noen gang tidligere, men det hjalp ikke på lønnsomheten. Annonseinntektene falt mer enn brukerinntektene økte, viser nye tall fra Medietilsynet.
TV 2 oppfylte alle krav som allmennkringkastar i 202327.6.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i tråd med krava i fjor og får full kompensasjon på 135 millionar kroner. Det er konklusjonen i tilsynsrapporten frå Medietilsynet.
NRK med to brot på oppdraget i fjor19.6.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastingsoppdraget i 2023, men klarte ikkje krava om 25 prosent nynorsk og jamlege program for unge på samisk. Det viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet.
Medietilsynet: Lotto-trekningen på NRK er ikke reklame18.6.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
NRKs sendinger med Norsk Tippings pengespill er ikke markedsføring, og er dermed lovlige. Det er Medietilsynets konklusjon etter å ha vurdert om Lotto-, Vikinglotto- og Extratrekningene er i strid med kringkastingsloven.
Millionar til prosjekt om KI i lokalaviser og nærradio11.6.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
Norske lokalmedium vil lære meir om kunstig intelligens. Fleire får innovasjonsstøtte frå Medietilsynet til prosjekt som skal vurdere god bruk av KI.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom