Avinor

Vekst i flytrafikken samla, men nedgang innanlands

Del
Vel 3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i april. Dette er ein auke på to prosent samanlikna med april i fjor. Passasjertala er likevel tolv prosent lågare enn i same månad i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Talet på flyrørsler i april i år ligg éin prosent lågare enn i april i fjor.
Foto: Catchlight
Foto: Catchlight

-Det samla talet på reisande aukar i april samanlikna med april i fjor, men det var nedgang i talet på reisande innanlands. I fjor var det konkurranse også frå Flyr, så utviklinga innanlands er nok dels prega av den reduserte konkurransen vi ser i denne marknaden. Veksten i flytrafikken i april kjem dermed blant dei som flyg til utlandet – ein marknad med fleire aktørar og sterkare konkurranse, i tillegg til at Covid framleis begrensa marknaden på same tid i fjor, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

-Utviklinga utanlands er i tråd med prognosane våre, medan trafikken innanlands har utvikla seg noko svakare. Det er venta at flytrafikken vil ligge under 2019-nivå resten av året, men med ein klar topp i sommarmånadene, seier Skallerud Riise.

Flyrørsler

Det var 50.137 kommersielle flyrørsler i april 2023. Dette er 1 prosent færre enn i april i fjor. Om ein samanliknar med april i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 5 prosent.

Flytrafikken utanlands aukar framleis

1,5 millionar passasjerar reiste mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i april. Trafikken utanlands har auka med 15 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og visse reiserestriksjonar.

Flytrafikken innanlands går tilbake for første gong i år

Bortimot 2,2 millionar passasjerar reiste innanlands i april. Så langt i år har flytrafikken auka, samanlikna med i fjor, men i april snudde denne utviklinga og det er ein nedgang på 6 prosent mot same månad i 2022.

 

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 14 prosent bak normalåret 2019. Flyrørsler hittil i år er 9 prosent bak 2019.

Her er passasjertala i april frå dei store lufthamnene (Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger), samt DRL (dei regionale lufthamnene) samanlikna med 2022:

April

Hittil i år

Lufthamn

2022

2023

Endring

2022

2023

Endring

Oslo

1 851 000

1 942 000

5 %

5 293 000

7 127 000

35 %

Bergen

484 000

481 000

-1 %

1 507 000

1 804 000

20 %

Trondheim

317 000

309 000

-3 %

966 000

1 208 000

25 %

Stavanger

292 000

305 000

5 %

872 000

1 148 000

32 %

DSL sum

2 943 000

3 037 000

3 %

8 638 000

11 288 000

31 %

DRL sum

752 000

717 000

-5 %

2 477 000

2 907 000

17 %

Avinor sum

3 696 000

3 754 000

2 %

11 115 000

14 194 000

28 %

Samanlikna med 2019:

April

Hittil i år

Lufthamn

2019

2023

Endring

2019

2023

Endring

Oslo

2 250 000

1 942 000

-14 %

8 533 000

7 127 000

-16 %

Bergen

498 000

481 000

-3 %

1 874 000

1 804 000

-4 %

Trondheim

333 000

309 000

-7 %

1 350 000

1 208 000

-11 %

Stavanger

332 000

305 000

-8 %

1 301 000

1 148 000

-12 %

DSL sum

3 414 000

3 037 000

-11 %

13 059 000

11 288 000

-14 %

DRL sum

847 000

717 000

-15 %

3 422 000

2 907 000

-15 %

Avinor sum

4 261 000

3 754 000

-12 %

16 480 000

14 194 000

-14 %

 Her finn du tidlegare trafikkstatistikk.

Sjå også vedlegg:

Infografikk (pdf)

April-rapport (xlsx)

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Foto: Catchlight
Foto: Catchlight
Last ned bilde
Foto: Catchlight
Foto: Catchlight
Last ned bilde

Dokumenter

Om Avinor

Avinor
Avinor
Drammensveien 144
0277 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye