Tilrår nasjonalpark i Østmarka

– Ein nasjonalpark i Østmarka blir den første bynære nasjonalparken – like ved hovudstaden. Det er ingen tvil om at Østmarka har mange viktige naturverdiar, men området er også prega av ein del menneskelege inngrep. I forslaget vårt er vegar, kraftlinjer og fleire hytteeigedommar i hovudsak lagt utanfor nasjonalparken, mens dei områda som blir foreslåtte verna som nasjonalpark er lite påverka av inngrep, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet har no levert tilrådinga si om Østmarka nasjonalpark og Østmarka friluftslivsområde til Klima- og miljødepartementet (KLD) for vidare behandling.
Prioriterer friluftsliv
Miljødirektoratet tilrår å verne eit samanhengande område på 71 km2, der Østmarka nasjonalpark utgjer 40 km2 og Østmarka friluftsområde med vern etter markaloven utgjer 31 km2. Det foreslåtte arealet til nasjonalpark ligg innanfor kommunegrensene til Oslo, Nordre Follo, Lørenskog, Rælingen og Enebakk. Østmarka friluftsområde ligg i Oslo, Nordre Follo og Enebakk kommunar.
Sjå vedlagt kart over foreslåtte område.
Østmarka er i dag eit populært område for friluftsliv og aktivitetar. I Miljødirektoratets tilråding blir derfor områda nærast dei viktigaste utfartsstadene til markaforeslått verna etter markalovens friluftsvern.
– Vern etter markaloven vernar naturen mot nedbygging og hogst på tilsvarande måte som ein nasjonalpark, men opnar i større grad for tilrettelegging for friluftslivet og ulike inngrep enn det vern etter naturmangfaldslova gjer, forklarer Hambro.
Stor oversikt: Her kan du sjå alle Noregs nasjonalparkar
Viktige naturområde med sjeldne artar
Den foreslåtte nasjonalparken dekkjer manglar i dagens naturvern ved å verne eit stort naturområde med skog i lågtliggjande strøk i sørlege delar av landet. Skogen i Østmarka gir gode leveområde for store rovdyr, og er ein av få stader i landet ein finn store rovdyr tett innpå ein by. Ulv har vore etablert i området sidan 2012 og gaupe er også observert i marka.
I Østmarka finn du mykje skog med høgare alder enn i nokre andre delar av Oslomarka. Dette kjem blant anna av Østmarkas kuperte og ulendte terreng, som har bidrege til å vareta ein del gammalskog, då det har vore vanskeleg å gjennomføre hogst. Den gamle skogen gir gode forhold for eit rikt dyreliv, og her finn vi blant anna artar som bivrar, hubro, tiur og ulike hakkespetter i relativt bynære område.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Dokumenter
Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Disse kommunene tar grep for naturmangfoldet23.6.2025 08:05:18 CEST | Pressemelding
44 % av kommunene i Norge har en plan for å ta vare på naturmangfoldet – enten under arbeid eller ferdigstilt. Se kart over hvilke her.
Desse kommunane tek grep for naturmangfaldet23.6.2025 08:05:18 CEST | Pressemelding
44 % av kommunane i Noreg har ein plan for å ta vare på naturmangfaldet – anten under arbeid eller ferdigstilt. Sjå kartet her.
Første pukkellaks har gått i fella21.6.2025 11:20:41 CEST | Pressemelding
Den første pukkellaksen fanget i felle ble tatt i Munkelva i Finnmark natt til lørdag. De første fellene kom på plass før helga.
Første pukkellaks har gått i fella21.6.2025 11:20:41 CEST | Pressemelding
Den første pukkellaksen fanga i felle vart teken i Munkelva i Finnmark natt til laurdag. Dei første fellene kom på plass før helga.
Sjekk ut friluftslivsperler i ditt nærområde20.6.2025 10:34:51 CEST | Pressemelding
Nå kan du få tips om tilrettelagte friluftslivsområder direkte i Norges mest brukte turplanlegger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom