Med fire grep gjer Statens vegvesen dette E134-krysset tryggare

Krysset ligg i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland, på E134 som er ein av hovudvegane mellom Vestlandet og Austlandet.
Krysset vert gjennomsnittleg trafikkert av om lagt 6700 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 1273, lange køyretøy (tungtrafikk).
E134 har fartsgrense 80 km/t i dette området, og Statens vegvesen har difor også tidlegare gjort tiltak for å betra avkøyringa mot fylkesveg 4734 Dalavikvegen. Då utvida vi vegen inn mot krysset for køyreretninga frå aust mot vest.
No fullfører Statens vegvesen utbetringa av krysset med fire konkrete tiltak, seier byggeleiar Roberto Balzer:
– Vi utvidar krysset med eit ekstra køyrefelt austover, og lagar eit ekstra avkøyringsfelt mot venstre for å redusera faren for påkøyringar bakfrå. Vi lagar ein støyvoll for å skjerma naboane og vi set opp fire nye lysmaster. I tillegg vi oppgraderer vi ei busslomme langs vegen mot aust.
Ni firma ville ha jobben
Ni entreprenørar, fleire av dei lokale, leverte inn tilbod på oppdraget:
Tilbydar: | Tilbodssum ekskl. mva: |
Mesta AS | 3.419.73,75 |
Bjarne Nordtveit AS frå Nedre Vats |
3.508.756,00 |
Brødr. Flatebø AS frå Etne | 3.559.458,00 |
Vats Anlegg AS frå Nedre Vats | 3,660.988,00 |
K Volden Transport AS frå Fitjar |
3.894.198,90 |
Vassbakk & Stol AS frå Kopervik | 3.998.566,00 |
Ottar Skjold Maskin AS frå Øvre Vats |
4.156.642,00 |
Landmark Maskin AS frå Bømlo | 4.697.080,70 |
Risa AS frå Nærbø | 5.230.54,00 |
– Statens vegvesen har no kontrollrekna på tilboda, og har innstilt Mesta AS til å få jobben. Vi tek sikta på å signera kontrakten så snart som mogleg etter at karensfristen er ute, og å starta arbeida så raskt som mogleg etter det. Jobben skal vera ferdig til jul, seier Balzer.
– Noko venting, men hugs at vi gjer det for trafikantane
Det vil verta noko trafikkdirigering, men inga stenging av vegen medan arbeida føregår. Ingen trafikantar må venta må venta meir enn 15 minutt som følge av dette trafikksikrings-prosjektet.
Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid som innebér venting kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, for at vegen skal kunna utføra sitt samfunnsoppdrag som ein trygg og trafikksikker veg med høg oppetid også i morgon, supplerer Balzer.
– Noko av det finaste vi kan gjera, både for samfunnet og klimaet, er å ta vare på det vi har. Denne kontrakten går rett inn i kjernen på mykje av det Statens vegvesens drift og vedlikehald av vegnettet handlar om. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon. Gode og trafikksikre kryssløysingar er ein del av dette.
Dette prosjektet er eit typisk døme på at Statens vegvesen stadig gjer tiltak ute på vegane for å betra tryggleiken for trafikantene.
– Kvar for seg er tiltaka kanskje ikkje så synlege, og dei er heller ikke dei mest kostbare, men over tid bidreg dei til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd, i tråd med vår nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken, avsluttar byggeleiar Roberto Balzer i Statens vegvesen.
Nøkkelord
Kontakter
Roberto BalzerByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:45446281roberto.balzer@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ta rattet, kvinner!8.3.2025 06:30:00 CET | Pressemelding
I en fersk undersøkelse på kvinnedagen svarer 83 prosent av mennene at det nesten alltid er de som kjører bilen når par og familie er på tur. Bare 11 prosent av kvinnene svarer at de er sjåføren. Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland oppfordrer derfor flere kvinner til å ta plass bak rattet.
Statens vegvesen undersøker avvik i tunnelventilatorer7.3.2025 13:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen gjennomfører ekstra inspeksjoner av ventilatorer i flere tunneler etter å ha oppdaget avvik.
Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre!5.3.2025 19:48:14 CET | Pressemelding
Det er svært store utfordringar på vegane på Vestlandet på grunn av mykje regn, skred og flaum.
Isachsen AS er innstilt til oppdraget med å bygge «Rv. 22 Hafslund-Dondern»5.3.2025 16:48:45 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har innstilt Isachsen AS til oppdraget med prosjektering og bygging av «Rv. 22 Hafslund–Dondern, kollektivfelt, gang- og sykkelveg».
Fem ønsker å drifte elektroinstallasjoner langs riksvegene i Innlandet de neste fem årene5.3.2025 16:01:09 CET | Pressemelding
Fem entreprenører hadde meldt seg på i konkurransen om å drifte elektroinstallasjoner langs riksvegene i Innlandet da tilbudsfristen gikk ut 5. mars.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom