Brannøving i Eidfjordtunnelen

Øvinga varar frå klokka 18.00 - 20.00. Det blir korte stengingar og trafikkavvikling med kolonnekøyring og ledebil.
Tunnelen vil bli stengd i to omgangar: Éin gong når Statens vegvesen testar lokalstyring, og éin gong under sjølve brannvernøvinga.
Det vil vera internsamband mellom øvingsleiing og trafikkdirigentar for å gjennomføra trafikkavvikling og stenging effektivt så det ikkje skal påverka trafikantane unødig, samtidig som Statens vegvesen varetek tryggleiken for deltakarane.
Dette er tunnelen
Den 2070 meter lange Eidfjordtunnelen på riksveg 7 ligg i Eidfjord kommune i Vestland, mellom Hardangerbrua og Hardangervidda.
Tunnelen vart opna i 1976 og erstatta då tre kortare tunnelar ved oppstiginga til den bratte Måbødalen opp mot Hardangervidda.
Den blir gjennomsnittleg trafikkert av 1.700 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 16 prosent, eller 272, lange køyretøy (tungtrafikk).
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, utdjupar han.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Amundsen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med nadetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Nøkkelord
Kontakter
Ove Edgar AmundsenBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41750782ove.amundsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vegvesenet forbedrer E39 i Tysvær for alle trafikanter27.6.2025 07:40:24 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen øker kvaliteten på E39 mellom Hetland og Apeland i Tysvær for både myke trafikanter og bilister.
Sjåfører gjør hverdagen farlig for vegarbeidere26.6.2025 08:15:00 CEST | Pressemelding
De som arbeider med å gjøre vegen bedre for deg og meg, lever farlig.
Statsråden åpnet E39 Betna-Hestnes25.6.2025 14:32:03 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård åpnet onsdag 12,8 km ny europaveg mellom Molde og Trondheim.
Tillater elbiler med to passasjerer i kollektivfeltet24.6.2025 13:20:24 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skilter om to strekninger på E18 i Asker og i Bærum for bedre trafikkavvikling. Et pilotprosjekt gir elbiler med to passasjerer tilgang til kollektivfeltet.
Dette er planene for ny rv. 4 fra Oslo til Gjøvik24.6.2025 11:33:48 CEST | Pressemelding
I to runder har Statens vegvesen bygd 27 kilometer ny og utbedret riksveg 4 fra Roa til Lygna. Nå skal Vegvesenet vurdere vegen videre for riksveg 4 mellom Gjøvik og Oslo.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom