40 års miljøgift-overvaking viser betring
‒ Kunnskap om nivå, trendar og effektar av miljøgifter bidrar til eit godt grunnlag for å vurdere miljøtilstanden i dei nære kystområda. Resultata frå miljøovervakingablir brukte til å forby eller redusere bruk av giftstoff, både nasjonalt og internasjonalt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Overvakar forureining langs kysten
Nokre kjemiske stoff utgjer så stor fare for helse og miljø, at vi kallar dei miljøgifter. Målet er å stanse bruken og utsleppa av dei.
Forureining frå miljøgifter har i 40 år blitt overvakte langs heile kysten av Noreg. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Norsk institutt for vassforsking (Niva) utarbeidd rapport med data frå 2021.
Den nye rapporten viser nivå av 27 ulike miljøgifter på torsk, blåskjel, sjøsniglar og ærfugl.
Mindre miljøgifter i marint miljø
– Hovudsakleg går nivå av miljøgifter ned i marint miljø der vi har tidstrendar. Det er nokre unntak med aukande trendar i enkelte fjordar og nær urbane hamneområde, seier seniorforskar Merete Schøyen i Niva.
Eit døme på søkkande langtidsstrender er i purpursnigel frå Færder i ytre Oslofjord. Gifteffektar på denne arten har gått ned fordi Noreg mange år tilbake i tid forbaud bruken av stoffet tributyltinn (TBT) i båtmåling. TBT kan føre til at hunlige sjøsniglar utviklar hannlege kjønnsorgan.
I blåskjel er langtidstrenden søkkande verdiar av enkelte metall og organiske miljøgifter.
– Det er gledeleg å sjå at reguleringar av miljøgifter verkar, samtidig er det urovekkjande å sjå at nivåa aukar for andre stoff, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Kvikksølv i torsk flatar ut
Generelt aukar nivåa for nokon polyklorerte bifenyler (PCB-er) langs heile kysten. I Oslofjorden aukar nivåa for nokre metall, som til dømes bly, krom og arsen. Ei mogleg forklaring på aukande trendar, kan vere at klimaendringar gir auka nedbør og større avrenning.
– I Oslofjorden blir framleis påvist mange miljøgifter med relativt høge nivå. Men dei siste ti åra har konsentrasjonen av kvikksølv i torsk flata ut i dei indre delane av fjorden, seier Merete Schøyen i Niva
Nye miljøgifter er ei utfordring
– Noreg har aktivt arbeidd med å forby og stille strenge krav for å redusere utsleppa av miljøgiftene i fleire tiår. Det gjer at vi finn lågare nivå av fleire av dei tradisjonelle miljøgiftene. Samtidig kjem det stadig nye miljøgifter. Det er viktig at vi regulerer også desse tidleg, seier Ellen Hambro.
Noreg deltar i arbeidet med dette både i EU og globalt. Eit døme er at Noreg og fire andre land jobbar saman om å forby perfluorerte samband (Pfas).
Desse stoffa er svært stabile og blir brotne i lita grad heilt ned. Dei hopar seg opp i både menneske og miljø, og blir spreidde over heile kloden. Fleire av stoffa kan ha alvorlege effektar for dyr og menneske.
Fakta: Miljøgifter som blir overvakte
- metall som arsen, kvikksølv, kopar, bly, sink, krom og kadmium
- antibegroingsmiddelet tributyltinn (TBT)
- organoklorider som PCB, insektmiddelet DDT, forbrenningsproduktet HCB
- tjærestoff (PAH)
- bromerte flammehemmere (PBDE)
- perfluorerte samband (Pfas)
- klorparafinar (SCCP, MCCP)
- siloksaner (D4, D5, D6)
Fakta: Data blir brukte nasjonalt og internasjonalt
- Dataa blir rapporterte i Vannmiljø-databasen til Miljødirektoratet.
- Resultata er ein del av Noregs bidrag til Oslo-Paris-konvensjonen (Ospar) om vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren, er ein juridisk bindande avtale, Det internasjonale havforskingsrådet, Det europeiske miljøbyrået (EEA) og EUs vassdirektiv.
- Dataa blir også sende til Mattilsynet som grunnlag for å vurdere lokale åtvaringar om inntak av visse typar sjømat.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder
Lenker
Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ingen ny felling av bjørn i Jarfjord16.7.2025 14:00:03 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet fatter ikke beslutning om å gjenoppta fellingsforsøk etter bjørneangrepet i Jarfjord i juni nå.
Beslutning om felling av bjørn var lovlig15.7.2025 16:40:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet besluttet 26. juni å felle en bjørn som angrep en mann i Jarfjord. Oslo tingrett har gitt staten medhold.
Klarte ikke å knekke havnespy med brent kalk12.7.2025 19:18:52 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser at brent kalk ikke klarer å fjerne havnespy der det er mye av den uønskede fremmedarten.
Klarte ikkje å knekke hamnespy med brend kalk12.7.2025 19:18:52 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser at brend kalk ikkje klarer å fjerne hamnespy der det er mykje av den uønskte framandarten.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom