NRK

Cecilie Berntsen Jåsund blir ny distriktsredaktør ved NRK Rogaland

Del
Cecilie Berntsen Jåsund (41) er tilsett som distriktsredaktør ved NRK Rogaland.
Cecilie Berntsen Jåsund blir ny distriktsredaktør ved NRK Rogaland.

FOTO: ANNA SØRMARKEN VESTLY / NRK
Cecilie Berntsen Jåsund blir ny distriktsredaktør ved NRK Rogaland. FOTO: ANNA SØRMARKEN VESTLY / NRK

Berntsen Jåsund begynte i NRK i 2013 og har vore redaksjonssjef i NRK Rogaland sidan 2019.

- Det er eit privilegium å få leie ein så flott redaksjon. Eg gler meg og er takknemleg for tilliten, seier Berntsen Jåsund.

Regionredaktør Rune Møklebust i NRK region vest karaktiserer Cecilie Berntsen Jåsund som ein ambisiøs og inkluderande leiar som saman med medarbeidarane har fått til mykje spennande på fire år som redaksjonssjef.

Den siste tida har ho og jobba med ein master i endringsleiing ved Universitetet i Stavanger.

- Ho har verkeleg dei rette eigenskapane som skal til for at NRK Rogaland skal bli endå betre, og endå viktigare for publikum, seier Møklebust.

Ho tar over etter Ragnar Christensen som distriktsredaktør ved NRK Rogaland 1. mai.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Cecilie Berntsen Jåsund blir ny distriktsredaktør ved NRK Rogaland.

FOTO: ANNA SØRMARKEN VESTLY / NRK
Cecilie Berntsen Jåsund blir ny distriktsredaktør ved NRK Rogaland. FOTO: ANNA SØRMARKEN VESTLY / NRK
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye