Flytrafikken i februar er framleis under normalen
– Flytrafikken i februar er i tråd med prognosane våre frå i haust. Sjølv om det er veldig mange fleire som reiser enn i fjor, ligg februartala framleis 16 prosent etter 2019. Det er venta at flytrafikken vil liggje under 2019-nivå også resten av året, og at vi for året under eitt, er på om lag 91 prosent av 2019-nivået, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.
- Det er skilnader frå lufthamn til lufthamn. Oslo hadde meir enn 1,6 millionar passasjerar i februar. Dette er 19 prosent under tala for februar 2019. Om ein ser på Bergen lufthamn ligg tala berre 4 prosent bak 2019. Den hovudsaklege årsaka til dette er Widerøe si satsing i Bergen, og slusing av passasjerar over Bergen som knutepunkt. Også Stavanger og Trondheim er nærare 2019-nivå enn Oslo lufthamn. Men Oslo lufthamn har størst volum, altså flest passasjerar, og har difor størst påverknad på dei totale tala for Avinor, forklarer Riise.
Skallerud Riise har tru på sommartrafikken:
-Det er særleg utanlandstrafikken som dreg ned volumet, medan innalandstala har henta seg betre inn etter pandemien. Sjølv om det er lenge til sommaren, er det mykje som tyder på at vi vil sjå at denne skilnaden kjem til å halde fram. Vi ventar at innanlandstrafikken vil vere nær 2019-nivået i sommarmånadene, før han fell noko tilbake utover hausten. Vi ventar også at utanlandstrafikken gradvis hentar seg vidare inn framover, sjølv om han er venta å liggje eit stykke under sommartrafikken i normalåret 2019, avsluttar Riise.
Flyrørsler
Det var 49 893 kommersielle flyrørsler i februar 2023. Dette er ein auke på 15 prosent frå februar 2022. Om ein samanliknar med februar i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 13 prosent.
Trafikken utanlands
1 191 693 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i februar. Same månad i fjor reiste noko over 700 000 passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands har auka med 70 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.
Om ein samanliknar med 2019, er det 20 prosent nedgang i utanlandstrafikken i februar.
Trafikken innanlands
2 038 645 reiste innanlands i februar i år. Det er 35 prosent fleire enn i februar i fjor.
Samanlikna med februar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.
Her er passasjertala frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene, samanlikna med 2022:
Februar |
Hittil i år |
|||||
Lufthamn |
2022 |
2023 |
Endring |
2022 |
2023 |
Endring |
Oslo |
1 043 000 |
1 628 000 |
56 % |
1 882 000 |
3 206 000 |
70 % |
Bergen |
313 000 |
415 000 |
33 % |
585 000 |
829 000 |
42 % |
Trondheim |
193 000 |
284 000 |
48 % |
355 000 |
556 000 |
57 % |
Stavanger |
173 000 |
261 000 |
51 % |
320 000 |
523 000 |
63 % |
DRL |
529 000 |
681 000 |
29 % |
986 000 |
1 354 000 |
37 % |
Avinor |
2 250 000 |
3 269 000 |
45 % |
4 128 000 |
6 468 000 |
57 % |
Her er passasjertala frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene, samanlikna med 2019:
Februar |
Hittil i år |
|||||
Lufthamn |
2019 |
2023 |
Endring |
2019 |
2023 |
Endring |
Oslo |
2 004 000 |
1 628 000 |
-19 % |
3 954 000 |
3 206 000 |
-19 % |
Bergen |
434 000 |
415 000 |
-4 % |
867 000 |
829 000 |
-4 % |
Trondheim |
322 000 |
284 000 |
-12 % |
639 000 |
556 000 |
-13 % |
Stavanger |
301 000 |
261 000 |
-13 % |
610 000 |
523 000 |
-14 % |
DRL |
822 000 |
681 000 |
-17 % |
1 626 000 |
1 354 000 |
-17 % |
Avinor |
3 884 000 |
3 269 000 |
-16 % |
7 695 000 |
6 468 000 |
-16 % |
*Kvifor samanlikne med 2019?
2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Bilder
Dokumenter
Lenker
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinors klimamål godkjent av Science Based Targets initiative (SBTi)8.11.2024 11:55:28 CET | Pressemelding
Oslo, 8. november 2024: Avinor har fulgt opp forventningene i eierskapsmeldingen og har satt vitenskapsbaserte klimamål. Vitenskapsbaserte klimamål er definert som mål som er i tråd med Parisavtalen.
God passasjervekst i september11.10.2024 12:00:00 CEST | Pressemelding
4,8 millionar passasjerar reiste til og frå Avinor sine flyplassar i september. Dette er ein auke på 7 prosent samanlikna med september i 2023. Så langt i år har det vore 39 millionar reisande på våre flyplassar, som er 4 prosent fleire enn i same periode i 2023.
En klar trend: betydelig økning i dronetrafikk i norsk luftrom7.10.2024 08:30:00 CEST | Pressemelding
Avinor har tidligere uttrykt sterk bekymring for uautoriserte droneflyvninger i luftrommet rundt lufthavnene og oppfordret dronebrukere til å registrere flyvningene sine i appen Ninox Drone. Nå ser Avinor tendenser til en positiv trend.
Tar grep etter svindelforsøk: Tryggere samhandling med Avinor på Facebook3.10.2024 08:00:00 CEST | Pressemelding
Våre ni største lufthavner og hovedkonto nå har fått det blå "Verified by Meta"-merket på Facebook. Dette betyr at våre følgere nå enkelt kan forsikre seg om at de kommuniserer med våre offisielle sider når de ser etter det blå merket.
Avinor med tydelig oppfordring – Hjelp oss å kaste mindre!30.9.2024 11:06:09 CEST | Pressemelding
Hver eneste dag kastes det hundrevis av kilo med mat, drikke- og skjønnhetsprodukter fra sikkerhetskontrollen på Avinors lufthavner. På Oslo lufthavn alene er tallet 130 kg. – Dette tallet må ned, og da trenger vi hjelp.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom