Skal samarbeide med Politihøgskulen

Dei to høgskulane har samarbeidd gjennom ei årrekke, men med den nye avtalen vert samarbeidet formalisert.
Avtalen er overordna og vil bli utdjupa med eigne avtaler for konkrete samarbeidsprosjekt.
Fleire relevante fagområde
– Vi arbeider innan mange fagområde som er relevante for Politihøgskulen. Difor er auka samarbeid verdifullt for begge partar, seier rektor Peer Jacob Svenkerud ved Høgskulen i Innlandet.
Han viser til at HINN har eit breitt fagmiljø knytt til krise, beredskap og samfunnstryggleik.
Han peiker også på fagområde som akuttmedisin, idrettsvitskap, organisasjon- og leiing, psykologi, filosofi, internasjonalt relasjonar og rettsvitskap som aktuelle for samarbeid.
– Gjennom åra har samarbeid med Politihøgskulen resultert i leiarutdanning og fleksible studietilbod for politiet, og vi har enkelte medarbeidarar som har veksla mellom dei to institusjonane. Vi har tru på at avtalen skal styrke samarbeidet om utdanning framover, seier Svenkerud.
Det er óg eit mål å utvikle konkrete samarbeidsprosjekt innan forsking og utvikling (FoU).
Prioriterer samfunnstryggleik
HINN-rektoren viser til at totalforsvar og samfunnstryggleik er eit område som vert stadig meir aktuelt. Dette er eit prioritert område når HINN inngår strategiske samarbeid.
– Avtalen med Politihøgskulen er ein del av satsinga vår på samfunnstryggleik og kjem i tillegg til allereie etablerte samarbeid med mellom anna Forsvaret, seier Peer Jacob Svenkerud.
Frå før har HINN avtaler med Forsvaret om mellom anna tilrettelagt sivil utdanning for forsvarstilsette, generelt samarbeid mellom HINN og Hæren og auka kunnskap om ernæring og fysisk trening for Hæren.
Viktig for Politihøgskulen
Også Politihøgskulen vurderer samarbeidsavtalen som viktig og ser fram til å halde fram det gode samarbeidet.
– Vi blir sterkare saman. Politiet, og andre etatar, står ovanfor store utfordringar for å løysa samfunnsoppdraga sine. Det er fleire svært relevante fagmiljø ved Høgskolen i Innlandet som gjer at dei er ein attraktiv samarbeidspartnar for oss, seier Kjell Eirik Mortensen, assisterande rektor ved Politihøgskulen.
Avtalen vart signert under eit møte på Elverum fredag 3. mars.
Frå HINN signerte rektor Peer Jacob Svenkerud, mens assisterande rektor Kjell Erik Mortensen signerte for Politihøgskulen.
Det vert sett ned ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå begge institusjonar som skal koordinere det vidare arbeidet.
Kontakter
Peer Jacob SvenkerudRektor
Tel:+47 62 43 04 06Tel:+47 915 54 368peer.svenkerud@inn.noBilder

Om Høgskolen i Innlandet
Følg pressemeldinger fra Høgskolen i Innlandet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskolen i Innlandet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskolen i Innlandet
Countryens klassereise i Norge20.11.2023 08:31:41 CET | Pressemelding
Damene har hatt en viktig rolle i å gjøre countrysjangeren «stueren» her til lands. Det viser ny forskning på den norske countryhistorien.
Vil bygge et sterkt og samlet fakultet16.11.2023 15:45:35 CET | Pressemelding
Det er den beste løsningen for framtida, mener rektor, som tilrår å skape et nytt fakultet der Den norske filmskolen og Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi inngår.
HINN ansetter ny prorektor forskning14.11.2023 20:42:01 CET | Pressemelding
Marit Sletmoen tilbys åremål som prorektor forskning og kunstnerisk utviklingsarbeid ved Høgskolen i Innlandet. Det beslutter høgskolestyret tirsdag kveld.
Verdens beste sykkelforsker12.10.2023 12:57:49 CEST | Pressemelding
Professor Bent Rønnestad på Høgskolen i Innlandet er kåret til verdens beste på sykkelforskning.
Et positivt statsbudsjett6.10.2023 11:45:44 CEST | Pressemelding
Statsbudsjettet for 2024 inneholder gode nyheter for Høgskolen i Innlandet med økt grunnfinansiering og nye studieplasser.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom