Miljødirektoratet

Blyhagl-forbod trer no i kraft

15.2.2023 07:14:58 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding

Del
Frå 15. februar 2023 blir det forbode å bruke blyhagl som ammunisjon på jakt i og i nærleiken av våtmark. I praksis må jegerar no bruke annan ammunisjon i så godt som alle jaktsituasjonar. (nynorsk)
Frå 15. februar blir det ikkje lenger lov å bruke blyhagl på rypejakt. Foto: Sigve Reiso/Naturarkivet. Bildet fra Naturarkivet kan brukes av pressen knyttet til redaksjonell dekning av innholdet i denne konkrete pressemeldingen fra Miljødirektoratet. Bildet fra Naturarkivet skal ikke lagres i avisens arkiver for senere bruk.

– Sidan det er vanskeleg å vere sikker på om du er meir enn 100 meter frå våtmark til kvar tid, betyr forbodet at jegerar normalt ikkje kan bruke blyhagl på jakt i skog og fjell heller, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Dagens forbod mot bruk av blyhagl, med unntak for enkelte artar, blir no erstatta av eit forbod mot å bruke blyhagl i og nær våtmark, uansett kva art du jaktar på.

Forbodet trer i kraft 15. februar 2023. Bakgrunnen for regelendringa er at EU har vedtatt eit forbod mot bruk av blyhagl i, og nærare enn 100 meter frå, våtmark.

I denne samanhengen blir våtmark definert breiare enn det vi vanlegvis tenkjer på når vi snakkar om våtmark. Dette gjer at det i praksis er forboden å nytte blyhagl til skog- og fjelljakt, sjøfugljakt i område med grunn sjø, og alle former for jakt der jegeren er i rørsle.

Det er forskrift om utøving av jakt, felling og fangst som no blir endra. Reglane blir dei same i Noreg som i resten av EU/EØS-området.

Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst - Lovdata

Blyforbodet gjeld all jakt i våtmark

Forbodet gjeld både det å skyte med, og det å bere med seg blyhagl i eller innanfor 100 meter frå våtmark. Det gjeld både for jakt og på skytebanar. 

Ein person som ber med seg blyhagl i våtmark eller innanfor 100 meter frå våtmark, må sjølv dokumentere at hen ikkje skal skyte med blyhagl i våtmark.

Om vinteren vil det vere kva slags mark som ligg under snøen som avgjer om han blir definert som våtmark. Ved jakt om vinteren vil det derfor vere umogleg å jakte lovleg med blyhagl, då jegeren ikkje vil ha kontroll på om hen jaktar i eller nærare våtmark enn 100 meter.

Les meir om reglar for våpen og ammunisjon på jakt: Våpen og ammunisjon - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Eit nødvendig tiltak for å unngå skadeverknader

Bly har mange alvorlege helseeffektar for menneske og dyr.

– Basert på det vi veit om skadeverknadene av bly, er det rett at blyammunisjon blir strengare regulert. Bly er svært helseskadeleg og det finst ingen trygg nedre grense for blyverdiar i blodet, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Ifølgje det europeiske kjemikaliebyrået Echa, blir det sleppt ut store mengder bly i og utanfor våtmark i EU, som følgje av jakt. I tillegg blir brukt mellom 10 og 20 tusen tonn bly til sportsskyting årleg.

Mellom to og tre millionar fuglar i EU døyr kvart år som følgje av blyforgifting etter inntak av bly. For ein liten andefugl kan eitt enkelt blyhagl vere dødeleg.

Les meir om blyforureining i Noreg på Miljøstatus: Bly og blysamband (miljodirektoratet.no)

Har varsla importørar

Sidan det nye forbodet vil føre til auka behov for blyfri hagleammunisjon, blei alle importørar av ammunisjon varsla om den kommande forskriftsendringa i mars 2022.

Målet var å gi importørane tid til å endre bestillingane sine av ammunisjon før forbodet tredde i kraft. Det vanlegaste alternativet til bly i hagleammunisjon er stål og vismut.

Fakta: EUs definisjon av våtmark

EU definerer våtmark i tråd med Ramsarkonvensjonen.

Våtmark blir rekna som eit område med myr, torvmyr eller vatn, naturleg eller kunstig, permanent eller mellombels, med stilleståande eller strøymande ferskvatn, saltvatn eller brakkvatn.

Område med marint vatn med ei djupne som ikkje overstig seks meter ved lågvatn er også inkludert i definisjonen.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Frå 15. februar blir det ikkje lenger lov å bruke blyhagl på rypejakt. Foto: Sigve Reiso/Naturarkivet. Bildet fra Naturarkivet kan brukes av pressen knyttet til redaksjonell dekning av innholdet i denne konkrete pressemeldingen fra Miljødirektoratet. Bildet fra Naturarkivet skal ikke lagres i avisens arkiver for senere bruk.
Frå 15. februar blir det ikkje lenger lov å bruke blyhagl på rypejakt. Foto: Sigve Reiso/Naturarkivet. Bildet fra Naturarkivet kan brukes av pressen knyttet til redaksjonell dekning av innholdet i denne konkrete pressemeldingen fra Miljødirektoratet. Bildet fra Naturarkivet skal ikke lagres i avisens arkiver for senere bruk.
Last ned bilde

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye