Får millionar for å forske på hamster-dvale
31.1.2023 15:04:14 CET | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding

– Eg er framleis i sjokk, men eg er òg veldig, veldig glad, seier Wood.
– På eit vis er eg òg letta, for no har eg har vist at eg kan konkurrere med dei beste, og eg får halde fram med å jobbe med noko eg synest er utruleg interessant, seier ho.
Dvale er eigentleg utruleg
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Førsteamanuensis Shona Wood med ein hamster i dvale. FOTO: FREDRIK MARKUSSEN / UIT
Wood er den åttande frå UiT som vinn fram i European Research Council si prestisjetunge stipendordning for forsking. Ho får 2,7 millionar Euro i eit såkalla Consolidator Grant for prosjektet HiTime, kor ho skal sjå på kva slags strukturar i hjernen som startar og stoppar dvaletilstand hjå dyr.
– Dei pattedyra som kan gå i dvale klarar å drastisk kjøle ned kroppane sine, og så varme seg opp igjen når det er tid for det. Det er eigentleg utruleg, og eg vil finne ut kva i hjernane deira som gjer at dei klarar det, seier ho.
Ligg svaret i ørsmå hjerneceller?
Wood trur at ein type celler i hjernen sin hypotalamus kalla tancyttar er med på å styre når dyr startar dvale og når dei vaknar opp igjen. Ho skal studere fenomenet i hamsterar, men funna kan òg gje innblikk i menneskeleg fysiologi, og vere nyttig i alt frå forsking på overvekt til interplanetariske romferder. Ho forklarar korfor:
– Tancyttane er kjende for å ha med regulering av sukker i hjernen å gjere, og dei kan derfor spele ei rolle for å regulere forbrenning og matinntak. Og om vi skal sende menneske på lange romferder i framtida, må vi kanskje leggje dei i ei form for dvale kor dei senker forbrenning og søv bort ventetida. Då kan forskinga mi vere ein del av grunnlaget for teknologien, seier Wood.
Lang fartstid er ein fordel
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.HER LIGG SVARET: Eit skann av ein hamsterhjerne, kor Wood skal leite etter svar. FOTO: FREDRIK MARKUSSEN / UIT
Wood er førsteamanuensis i kronobiologi og fysiologi hjå Institutt for arktisk og marin biologi på BFE-fakultetet. Ho har jobba lenge med dyr sine livsrytmar, og korleis dei styrer sin indre klokke, og startar og stoppar dvaletilstandar. Mellom anna har ho leia prosjektet Epigenetic light finansiert av Tromsø Forskingstiftelse sidan 2017, og ho er nestleiar for UiT Aurora-senteret Arctic Seasonal Timekeeping Initiative. Wood understrekjer at begge to har vore særs viktige for at ho vann fram i den skarpe konkurransen, og ho håpar dette kan vere ein takk for tilliten.
Imponert rektorat
Camilla Brekke er prorektor for forsking og utvikling hjå UiT, og har som mål at 25 prosent av forsking hjå UiT skal vere eksternt finansiert. Ho er sjølvsagt djupt imponert over det Wood har fått til, og meiner ho er eit eksempel til etterfølging:
– Wood har levert eit utmerkt prosjekt prega av nysgjerrigheit, kreativitet, og fagleg spisskompetanse. Det er imponerande. Samstundes er det òg framifrå at ho får pengar og prestisje, og at prosjektet vil finansiere fleire stillingar hjå UiT, seier Brekke.
Rektor Dag Rune Olsen er like imponert:
– Dette er utruleg gode nyheiter! Eg vil gratulere Shona Wood med ein framifrå prestasjon, og eg gler meg til å sjå kva prosjektet kan produsere, seier han.
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noShona WoodFørsteamanuensisUiT Norges arktiske universitet
Tel:77 64 47 84Tel:94180226shona.wood@uit.noBilder






Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Dette skjer på UIT under forskningsdagene 202610.9.2026 13:55:33 CEST | Pressemelding
Natursti, forskerpub og åpen dag på Nordnorsk vitensenter… Se hvilke spennende ting du kan være med på under årets Forskningsdager ved UiT.
Partnerskap for å utvikle Nord-Norge10.9.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet og Nordland fylkeskommune har inngått sin første partnerskapsavtale. Målet er et tettere og mer forpliktende samarbeid om utdanning, kompetanse og regional utvikling.
UiT minnes Kong Harald28.8.2026 09:32:06 CEST | Pressemelding
Minneord fra rektor Dag Rune Olsen ved UiT Norges arktiske universitet ved Kong Haralds bortgang 28. august 2026.
Fornorskningspolitikken: Slik kan et nytt kompetansesenter bli24.8.2026 14:42:03 CEST | Pressemelding
Et nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett bør etableres som en selvstendig stiftelse med tre desentraliserte fagenheter. Det er en av hovedanbefalingene i førsteutkastet til utredningen som UiT nå har lagt fram.
Ny eiendomsdirektør: Hun brenner for brukerne13.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Drivkraften til UiTs nye bygg– og eiendomsdirektør, Beate Németh, er å skape gode bygg for de som skal bruke dem.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
