Luftfarten vart ikkje friskmeld i 2022
12.1.2023 12:42:19 CET | Avinor | Pressemelding

Frå pandemi til krig og økonomisk uro
Ser vi på tala for heile 2022, samanlikna med heile 2021, er talet på passasjerar dobla. .
- 2022 var året vi gjekk inn i, der vi skulle legge pandemien bak oss og nærme oss normale tider igjen. I staden fekk vi omikron, som medførte reiserestriksjonar i store delar av første kvartal. Russland sin krig mot Ukraina starta i februar. Og økonomien var prega av generell pris- og renteauke og urolege tider gjennom store delar av året, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.
Flyrørsler
Det var 47196 kommersielle flyrørsler i desember 2022, 2 prosent færre enn i desember 2021. I heile 2022 har det vore 618 600 kommersielle flyrørsler, mot 462 400 i heile 2021, ein auke på 34 prosent. Om ein samanliknar med 2019, har det vore ein nedgang på 9 prosent.
Utanlandstrafikken: Sterk vekst, men lengre bak 2019-nivået
I desember 2022 var det passasjerar som reiste mellom Avinor sine lufthamner og utlandet. I desember i 2021 reiste 710 000 passasjerar til og frå utlandet. Sjølv om dette er ein auke på 77 prosent, er talet på reisande likevel 19 prosent lågare enn i desember i 2019.
Innanlands: Trafikken nærmar seg 2019-nivået
2 094000 reiste innanlands i desember i år. Det er 23 prosent fleire enn i 2021, og 6 prosent færre enn i same månad i 2019.
Oslo lufthamn flest passasjerar i Skandinavia i 2022
I 2022 var Oslo lufthamn den største lufthamna i Skandinavia, om ein måler talet på reisande.
Konserndirektør store lufthamner i Avinor, Stine Ramstad Westby, fortel kvifor:
- Årsaka er at Oslo lufthamn har vore raskare til å hente attende passasjertrafikken enn dei andre flyplassane. Vi har søkelys på kva Oslo lufthamn betyr for Oslo-regionen og for Noreg. Luftfarten er viktig både for næringsliv og privatpersonar, og difor er vi nøgde med denne utviklinga.
Westby seier vidare: - Oslo lufthamn var den mest punktlege flyplassen av dei største i Europa i 2022. Avinor arbeider tett saman med våre partnarar, mellom andre fly- og bakkeselskapa. Alle medarbeidarane på Oslo lufthamn, som arbeider døgnet rundt for å få flya av garde, har bidratt til dei gode resultata.
Les også: Oslo lufthamn mest punktlig i Europa (lenke til pressemelding)
-Det har vore ei spanande utvikling i Oslo dei siste åra, som har blitt lagt merke til i inn- og utland.
Talet på besøkande har tatt seg opp etter pandemien. Ein viktig faktor for denne gode trenden er ein velfungerande hovudflyplass med god tilgjengelegheit. Vi opplever at den innsatsen Avinor har lagt ned for å gjere Oslo lufthamn til den største i Skandinavia har vore særs viktig, og heilt avgjerande for heile besøksnæringa, seier administrerande direktør i VisitOslo, Christian Lunde.
Kvifor samanlikne med 2019?
2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.
Tabellen nedanfor syner at skilnaden er stor frå flyplass til flyplass. Oslo lufthamn har flest passasjerar, og påverkar naturleg nok dei samla tala.
Her er passasjertal på dei største lufthamnene samanlikna med 2019:
|
Desember |
Hittil i år |
|||||
|
Lufthamn |
2019 |
2022 |
Endring |
2019 |
2022 |
Endring |
|
Oslo |
2 000 000 |
1 693 000 |
-15 % |
28 573 000 |
22 460 000 |
-21 % |
|
Bergen |
450 000 |
436 000 |
-3 % |
6 436 000 |
5 927 000 |
-8 % |
|
Trondheim |
298 000 |
284 000 |
-5 % |
4 375 000 |
3 780 000 |
-14 % |
|
Stavanger |
310 000 |
277 000 |
-11 % |
4 302 000 |
3 575 000 |
-17 % |
|
DRL* |
756 000 |
698 000 |
-8 % |
10 620 000 |
8 988 000 |
-15 % |
|
Avinor |
3 815 000 |
3 387 000 |
-11 % |
54 307 000 |
44 729 000 |
-18 % |
*DRL står for “divisjon regionale lufthamner”
Avinors trafikkstatistikk: https://avinor.no/konsern/om-oss/trafikkstatistikk/trafikkstatistikk
Nøkkelord
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Bilder
Dokumenter
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 3000 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Mange skal reise via Trondheim lufthavn i høstferien30.9.2026 12:32:50 CEST | Pressemelding
I høstferieutfarten fra 2. til 11. oktober ventes det i underkant av 127 000 passasjerer til og fra Trondheim lufthavn, Værnes. Søndag 11. oktober blir den travleste dagen, med nær 15 500 reisende. Også fredag 2. oktober og søndag 4. oktober blir blant de travleste dagene i perioden.
Mange skal reise via Stavanger lufthavn i høstferien30.9.2026 11:57:12 CEST | Pressemelding
I høstferieutfarten fra 2. til 11. oktober ventes det i underkant av 110 000 passasjerer til og fra Stavanger lufthavn, Sola. Fredag 2. oktober blir den travleste dagen i perioden, med nær 13 700 reisende. Også mandag 5. oktober og fredag 9. oktober blir blant de travleste dagene i perioden.
Venter travle dager på Oslo lufthavn23.9.2026 13:20:17 CEST | Pressemelding
Høstferien nærmer seg, og Avinor venter travle dager. Nærmere to millioner skal reise gjennom Oslo lufthavn gjennom høstferieukene.
Veksten i utanlandsreisande held fram11.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Nesten fem millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i august. Sterk vekst i utanlandsreisande veg opp for ein nedgang i innanlandsreisande, og dei samla tala enda berre marginalt under nivået frå same månad i fjor.
Oslo lufthavn forbereder seg på ekstraordinær trafikk i forbindelse med Kong Harald Vs gravferd4.9.2026 15:51:34 CEST | Pressemelding
Kong Harald Vs gravferd onsdag 9. september vil prege trafikken ved Oslo lufthavn. Det ventes mange gjester og økt aktivitet ved lufthavnen, og Avinor ber både reisende, presse og publikum følge informasjon fra myndighetene, flyselskapene og lufthavnen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

