Folkemøte om ny kraftleidning mellom Strand, Finnøy og Rennesøy

Lnett har sendt inn ei melding til NVE for å varsle at dei ønskjer å bygge ein 132 kV kraftleidning i dei to kommunane Stavanger og Strand i Rogaland. Leidninga er planlagd frå Strand via Finnøy til Rennesøy. Lnett varslar samstundes at det vert behov for å byggje nye transformatorstasjonar på Tau og Finnøy.
Lnett grunngjev utbygginga med at det er naudsynt å fornye gamle anlegg, auke straumkapasiteten og betre forsyningstryggleiken.
NVE ønsker innspel frå dei lokale
Meldinga frå Lnett gjev ei overordna beskriving av utbygginga, og ei foreløpig vurdering av moglege verknadar for omgjevnadane. Den inneheld òg eit utgreiingsprogram med forslag til tema som Lnett meiner bør utgreiast vidare.
NVE har sendt meldinga og Lnett sitt forslag til utgreiingsprogram på høyring til kommunane som anlegga er planlagd i, og ei rekkje andre høyringsinstansar. Gjennom høyringa ønskjer NVE å få innspel på kva tema og løysingar Lnett må utgreie før dei kan søkje om konsesjon.
Folkemøte på Finnøy og Strand
NVE har sett høyringsfristen til 24. februar 2023. Alle innspel må sendast inn skriftleg. I tillegg inviterer NVE til offentlege folkemøte på Finnøy og Strand, den 17- og 18. januar. Her vil NVE seie meir om prosessen vidare og vår rolle, medan Lnett vil legge fram sine planar. Alle interesserte er velkomne på møta, som haldast på følgjande stadar:
- Finnøy - tysdag 17. januar kl. 19.00 i Fleirbrukshallen på Judaberg
- Strand - onsdag 18. januar kl. 19.00 på Nordre Strand Oppvekstsenter på Fiskå
Du finn alle dokument og praktisk informasjon på NVE sine nettsider.
Nøkkelord
Kontakter
Tanja Midtsian, seniorrådgjevar
e-post: tcm@nve.no
tlf.: 22 95 94 93
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir konsesjon til Revehei solkraftverk22.5.2025 14:39:58 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Solkraft Sør AS tillatelse til å bygge et solkraftverk i Lindesnes kommune. Solkraftverket har fått tillatelse til å bygge ut anlegget med batteri og skal forankres på fjell. Dette blir det ellevte solkraftverket som får konsesjon i Norge.
NVE gir Namsos kommune et overtredelsesgebyr på én million kroner21.5.2025 14:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir gebyret til Namsos kommune for ulovlig regulering av Statlandvatnet og Storvatnet i Statlandvassdraget.
Mye snø i nord gir stort potensiale for vårflom i Troms og Finnmark21.5.2025 13:35:34 CEST | Pressemelding
Det er nå potensiale for stor vårflom i Nord-Norge. NVE har ikke registrert større snømengder i Troms og Finnmark enn nå siden beregningene begynte i 1958. Temperaturen fremover blir avgjørende for hvordan det utvikler seg, og NVE oppfordrer til å følge med på værutsiktene fremover.
NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for Flatdalsvassdraget, Dalaåi og Morgedalsåi21.5.2025 13:09:42 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår Energidepartementet å gi Sundsbarm Kraftverk DA nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Flatdalsvassdraget, Dalaåi og Morgedalsåi (Sundsbarmreguleringa) i Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje kommunar. Dette vil auke moglegheita til å få på plass tiltak som betrar miljø- og naturforholda i vassdraga.
NVE gir tillatelse til å redusere vannføringen ut av Mjøsa15.5.2025 14:49:29 CEST | Pressemelding
På grunn av lite regn og snøsmelting er vannstanden i Mjøsa svært lav for årstiden. Lav vannstand fører til store utfordringer for landbrukets vannforsyning. NVE har derfor gitt tillatelse til å redusere vannføringen ut av Mjøsa, noe som vil føre til økt vannstand.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom