Forlenger stenging av vestre seglingsløp under Måløybrua med to månader
Det vestre løpet har vore stengt for all sjøtrafikk frå og med 14. september.
Vi skal no utdjupa farleia, noko som inneber at vi må grava, sprenga og støypa fundament. Arbeidet har tett lengre tid enn planlagt, og vi må derfor forlenga anleggsperioden med to månader.
– Det skal vera trygt for alle, både i dag og i framtida
– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vestre seglingsløp må stengjast for dykkarar og all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.
Vedlikehald av våre bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Vedlikehald kostar maksimalt ti prosent av prisen for å bygga nytt, og gir i tillegg langt lågare utslepp av klimagassar.
Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag som er å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida
– Trygt skal det også vera for alle medan vi jobbar, og då er mellombelse endringar som dette naudsynte, legg Rindal til.
Vi har forståing for at anleggsarbeid kan vera krevjande for dei som vert råka, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, avsluttar han.
– Alle sjøfarande må ta omsyn
Farleia vil verta stengd med bruk av bøyer plassert nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp blir endra.
‒ For å unngå ulukker og farlege situasjonar for sjøtrafikken, er det viktig at alle sjøfarande, både store og små, tar omsyn til gjeldande seglingsmønster i perioden når vestre seglingsløp er stengt, seier seniorrådgjevar Per Magne Rovde i Kystverket.
I stengeperioden blir det vakthold døgnet rundt ved anleggsområdet.
Det er planlagt ein ny stengeperiode våren 2023.
Kontaktinfo
Biltrafikken på brua vil i denne fasen ikkje bli påverka av arbeidet. Oppdateringar om prosjektet får du her.
Døgnkontinuerleg vakt (bruvakt Måløy) på telefon +47 919 08 552 og VHF kanal 16
Kinn VTS har lyttevakt på VHF kanal 18.
Kontakter
Pål-Anders RindalByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41622049pal.anders.rindal@vegvesen.noPer Magne Rovde, KystverketSeniorrådgjevar
Tel:91617530per.magne.rovde@kystverket.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Sjå video: Sølvguttene heldt konsert i Lærdalstunnelen15.8.2025 14:35:33 CEST | Pressemelding
Det er ikkje kvar dag det er live-musikk i verdas lengste vegtunnel.
Veiarbeid begrenser fremkommeligheten på rv. 315.8.2025 14:27:36 CEST | Pressemelding
Nordgående felt på rv. 3 ved Atna bru i Stor-Elvdal kommune i Innlandet stenges mandag til fredag neste uke på grunn av forsterknings- og asfaltarbeider.
Fra september kan du ta eksamen for nasjonalt varebilløyve13.8.2025 10:07:40 CEST | Pressemelding
Fra 1. september er det mulig å ta eksamen for nasjonalt varebilløyve. Dette gjelder for transportleder i bedrifter som skal søke om varebilløyve.
Brannøving i E39 Bogstunnelen11.8.2025 12:13:22 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med brann, helse og politi, brannvernøving i Bogstunnelen onsdag 13. august.
Topptung markering8.8.2025 14:03:38 CEST | Pressemelding
Statsministeren markerte byggestart for ny E6 i Nordland. Milliardprosjektet Megården Sommerset er i gang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom