Spektakulær skanning kartlegg Oslo hamn

Eit kraftig grønt lys kan bli godt synleg over Oslohimmelen når laserstrålane frå eit fly i låg høgd borar seg gjennom vatnet og ned på sjøbotnen mellom Ekebergåsen, Bygdøy og Nesodden.
Resultatet er tredimensjonale kart med ekstremt detaljert hamneinformasjon – samanhengande frå land til under vatn i dei grunnaste områda.
– Hamner skaper store verdiar i heile landet og er viktige hjørnesteinar i norske kommunar. Digitalisering av hamnene vil auke verdiskapinga og betre beredskapen, både for skipstrafikken, hamnene og kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Laserskanninga vil truleg skje onsdag 14.12 i tidsrommet 10-14.
Samanhengande over og under vatn
Ni norske hamner, inkludert Oslo hamn, arbeider saman med Kartverket om å digitalisere hamnene i eit prosjekt som er finansiert av Kystverket og prosjektdeltakarane. I Oslo blir grøn laser testa for å sjå korleis kystnære område kan bli kartlagt meir effektivt.
– Med denne laserskanninga leverer vi ein svært viktig bit i puslespelet der Oslofjorden blir kartlagt i minste detalj. Vi kommer eit stort skritt nærare ein 100 prosent komplett digital terrengmodell som er felles over og under vatn. Modellen utgjer fundamentet framtidig kunnskapvil bli bygd på, seier kartverksjef Johnny Welle i Kartverket.
90 prosent gods på sjø
Om lag 90 prosent av gods som blir transportert inn og ut av Noreg,kjem via sjøvegen. Gjennom ei tilskotsordning for effektive og miljøvennlege hamner, kan Kystverket vere med og finansiere prosjekt som mellom anna gjer hamnedrifta meir effektiv.
– Digital infrastruktur blir stadig viktigare for hamnedrifta. Slike digitaliseringsprosjekt synleggjer potensiale for store innsparingar gjennom effektivisering, seier Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.
Store miljøgevinstar
Digitalisering av hamnene gjer innseglinga sikrare, reduserer liggetida og ventetida for skipa ved kai.
–Båtane får samanhengande data heilt frå sjøbotnen og inn på kaianlegget. Med meir detaljert informasjon kan skipa betre rekne ut nøyaktig kor mykje last dei kan ha og legge inn presise tryggingsmarginar, seier Welle.
Når båtane bruker mindre tid på segling og venting i hamna, slepp dei også ut mindre CO2. Berre for dei ni norske hamnene som no blir digitaliserte, kan utsleppa bli redusert med ca. 120.000 tonn CO2. Det er om lag ein tiandepart av dei samla utsleppa frå norsk innanriks luftfart (2017-tal).
Effektive hamner
– Digitalisering vil revolusjonere hamnene, fastslår Hege Berg Thurmann i Oslo Havn KF som er prosjekteigar. No blir det lagt til rette for autonome skip og hamneoperasjonar.
– Når dei digitale løysingane blir tatt i bruk, vil det endre heile måten å drive hamna på. Systema som blir utvikla no, blir tilgjengelege for alle norske hamner, seier Berg Thurmann.
Mellom anna blir det utvikla digital kai- og tenestebestilling som erstattar e-postar og manuelt arbeid: Når eit fartøy skal segle inn til ei hamn, blir sendt i snitt 117 e-postar fram og tilbake mellom skipet og hamna.
Med ny digital plattform for samhandling og kommunikasjon mellom skip og hamn, kan kaptein og hamnesjef oppdatere bestilling av kaiplass og fortøyingsplan i sanntid utan ein einaste e-post.
– Dette gjer planlegging og gjennomføring av anløp meir smidig, både for hamn og fartøy, seier Thurmann.
FAKTA:
Norsk digital hamneinfrastruktur
- Utvikler felles teknologi og database for deling av hamnedata.
- Vil legge til rette for meir effektiv drift av norske hamner og gjere dei sikrare og meir miljøvennlege.
- Samarbeid mellom Kartverket og ni norske hamner (Arendal, Bergen, Bodø, Båtsfjord, Karmsund, Kristiansand, Kristiansund, Oslo, Trondheim).
- Budsjett på 32 millionar kroner, finansiert av Kystverket og prosjektdeltakarane.
- Underleverandørar er Grieg Connect, Field og Ocean Infinity
- Samla årleg gevinst i dei ni hamnene er berekna til rundt 1,2 milliardar kroner, inkludert kortare liggetid (380 millionar kr), andre logistikkoperasjonar (80 millionar kr) og digital kaibestilling (250 millionar kr).
- Dei ni hamnene som er med i prosjektet har over 60.000 kaibesøk av skip i året. Tala er baserte på statistikk frå hamnene
- Den årlege miljøgevinsten kan redusere utslepp på ca 120.000 tonn CO2 (for ni hamner). Det er kortare liggetid for skipa i hamn og meir effektive hamneoperasjonar som reduserer utslepp frå skipa.
Grøn laser
- Laserskanning frå fly med bruk av Lidar-teknologi
- Teknologi under uttesting som kombinerer kartlegging av landareal og grunne sjøområde
- Grøn laser i Oslo hamn er eit pilotprosjekt finansiert med 50% frå prosjektet Norsk digital hamneinfrastrukturog 50% frå Nasjonal detaljert høgdemodell
- Målet er å få gode og ferske data over djupneforhold i nærområda til hamna
- Oslo hamn er vald på grunn av plassering og vatnet her er grumsete
- Flyboren laserteknologi for sjøkartlegging er tidlegare testa ved Fjøløy og Klosterøy for Marine grunnkart kystsona i Rogaland og dessutan ved øygruppene Helligvær og Bliksvær i Nordland
- Underleverandør er Field Group
Illustrasjon, grøn laser: Teledyne Optech
Sikkerhet:
NOHD, eller øyesikker avstand til laseren, er 205,8 meter med den tiltenkte innsamlingsmodusen for prosjektet.
-For prosjektet er den planlagt flyhøyden mellom 400 og 500 meter over bakkenivå og derfor ikke et problem, betrygger Bernt Larsen, fagansvarlig hos Field Group AS.
For at dette skal være et problem må man ved hjelp av en kikkert eksponere øyet over et tidsrom eller gjentatte ganger ved å se rett inn i laserlyset. Det betyr med en innsynsvinkel på 20 grader mot sensoren. Etter som flyet også beveger seg i ca. 130 kts eller ca 240 km/t er dette noe som vi anser som meget usannsynlig.
Skulle vi på noe tidspunkt komme innenfor øyesikker avstand til bakken har sensorsystemet innebygde sikkerhetsmarginer som automatisk stenger av laserpulsen.
KONTAKTPERSONER:
Anne Jørgensen, kommunikasjonsrådgiver, Kartverket, mobil 926 13 373
Siv Ellen Omland, kommunikasjonssjef, Oslo Havn KF, mobil 951 05 489
Kontakter
Siv Ellen OmlandKommunikasjonssjef
Tel:951 05 489siv.ellen.omland@oslohavn.noBilder













Om Oslo Havn KF
Oslo havn er Norges største offentlige gods- og passasjerhavn. En vanlig uke kommer det mellom 50 og 70 skip med gods og passasjerer til havna.
Følg pressemeldinger fra Oslo Havn KF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Oslo Havn KF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Oslo Havn KF
Håndtrykk for grønn korridor1.11.2023 12:08:00 CET | Pressemelding
En maritim samarbeidsavtale mellom byene Oslo og Rotterdam, og én progressiv kunde som satser helhjertet på bærekraft, kan sikre grønn korridor.
Lanserte historisk turguide for Oslo havn26.10.2023 07:00:00 CEST | Pressemelding
Bli med på sju spennende turer i Oslo havn fra 1600-tallet og til i dag.
Danskebåten og Kielfergen kan få felles havn20.10.2023 09:47:45 CEST | Pressemelding
To nye utredninger viser at samlokalisering og Kielfergen og Danskebåten på Vippetangen, er samfunnsøkonomisk lønnsomt – og gir best klimaregnskap for Oslo.
Havnekassa- hvor er milliardene blitt av?12.10.2023 11:11:29 CEST | Kronikk
De siste ti-årene er store havnearealer utviklet til byformål og Oslo Havn har fått betydelige salgsinntekter. Hvor er det blitt av alle pengene? Ligger de i havnekassa som gullpenger i en kiste? Eller er de allerede brukt opp?
Beredskapshavn vil gjøre byen tryggere10.10.2023 13:04:30 CEST | Pressemelding
Oslo må styrke beredskapen og trenger en ny felles havn for nødetatene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom