Europeisk tildeling til UiB-forsking på migrasjon og diamantbelegg
![Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas er mottakarar av ERC Starting Grant 2022. Foto/ill.: Kamilla Stølen, Jin Sigve Mæland / UiB](/data/images/00936/c5b2f844-2f7e-4dc2-9b91-e8529eef6151-w_720.png)
22. november kunngjorde Det europeiske forskingsrådet (ERC) kven som får tildelt årets ERC Starting Grant. Ved norske institusjonar får UiB to av seks tildelingar. Desse går til banebrytande forsking på migrasjonsfeltet og utvikling av diamantbelegg for nye bruksområde.
Ekspertkunnskap i asylsaker
Migrasjonsforskar Marry-Anne Karlsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB får tildelinga frå EU for å forske på ekspertkunnskap i asylfeltet, gjennom prosjektet Contested Knowledges in and through Asylum Litigation (ASYKNOW).
Bakgrunnen for ASYNOW er den aukande graden av polarisering på asylfeltet og eit påfølgande behov for å tenke nytt om rolla ekspertkunnskap spelar på dette området.
– Det stadig veksande nivået av konflikt og politisering på feltet har ført til eit veksande krav om ekspertkunnskap som ein upartisk autoritet, seier Karlsen, som i det femårige prosjektet skal gjennomføre ei etnografisk, komparativ undersøking av rettsprosessar i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.
– Vi ønskjer å finne ut korleis kunnskap om asylsøkarar og migrasjon blir mobilisert, imøtegått og etablert i asylsaker, noko som ikkje før har blitt systematisk gjort reie for eller tilstrekkeleg teoretisert, seier ho.
- Les eigen sak om tildelinga til Marry-Anne Karlsen her.
Nye bruksområde for diamantbelegg
Ved Institutt for fysikk og teknologi kan også Justas Zalieckas juble for tildeling av ERC Starting Grant. Gjennom prosjektet smartGROW skal han utvikle nye løysingar for å bruke diamantbelegg på tredimensjonale objekt ved hjelp av nanoteknologi, noko som gjev ei rekkje nye bruksområde.
Diamantbelegg er ettertrakta innan en rekke ulike fagfelt og industriar. Enn så lenge legg dagens framstillingsteknikkar begrensningar for bruken av diamantbelegg til flate overflater. Dette ønsker Zalieckas å gjere noko med.
– Takk vere ERC Starting Grant ser eg fram til å ta denne prosessen eitt steg vidare, ved å gå frå flate overflater til belegg som er tilpassa 3D-objekt, seier Zalieckas.
Om han lukkast med prosjektet, vil det opne for bruk på ei rekke felt innan både forsking og industri; eksempelvis medisinske implantat som hofteproteser, fleksibel elektronikk, romfart og marin industri, til dømes ved å legge belegget på rotorblada til havvindturbinar.
- Les eigen sak om tildelinga til Justas Zalieckas her.
Fakta om ERC Starting Grant
- Prestisjefylt forskingsfinansiering med søkarar frå heile verda
- Blir delt ut av Det europeiske forskningsrådet, ERC
- Ein del av EU sitt forskingsprogram Horisont Europa
- Blir tildelt forskarar 2-7 år etter ph.d.-graden
- Inntil 1,5 mill. euro over 5 år
- Totalt blir det i 2022 tildelt 408 Starting Grants, etter 2932 søkarar.
- UiB får to av seks tildelingar som går til norske institusjonar. Dei er fordelt slik: To til UiB, to til NTNU, ei til NHH og ei til MF vitskapeleg høgskule for teologi, religion og samfunn.
Bilder
![Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas er mottakarar av ERC Starting Grant 2022. Foto/ill.: Kamilla Stølen, Jin Sigve Mæland / UiB](/data/images/00936/c5b2f844-2f7e-4dc2-9b91-e8529eef6151-w_240.png)
![ERC-tildelinger er ein del av forskingsprogrammet Horisont Europa. Foto/ill: ERC](/data/images/00480/d004230c-b530-49f6-b974-de74f0b7e7b2-w_240.jpg)
Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Tøff kamp om studieplassene ved UiB25.7.2024 11:00:00 CEST | Pressemelding
Opptakstall 2024: Universitetet i Bergen var blant universitetene og høyskolene som hadde størst andel søkere i vår. Nå er opptakstallene klare. Over 11 400 søkere hadde UiB som førstevalg og disse kjempet om 4151 ledige studieplasser på UiB.
Overvekt og fedme økte hos unge gutter under pandemien19.6.2024 12:00:00 CEST | Pressemelding
Målinger av vekt og høyde hos 78.000 barn viser at forekomsten av overvekt og fedme delvis sank i årene før, men økte hos gutter gjennom pandemien.
Nordic Nutrition Conference – mat og bærekraft på menyen i Bergen14.6.2024 09:19:42 CEST | Pressemelding
Rundt 300 ernæringsforskere fra hele Norden samles i Bergen 17. – 19. juni 2024.
Holbergprisen overrakt til professor Achille Mbembe6.6.2024 15:46:06 CEST | Pressemelding
(Bergen, 6. juni 2024) Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel overrakte i dag Holbergprisen til den kamerunske forskeren Achille Mbembe, for hans arbeider innen historie og politisk filosofi.
Forskningspris til prosjekt om ungdomslitteratur6.6.2024 10:45:37 CEST | Pressemelding
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kunngjorde i dag at vinneren av Holbergprisen i skolen 2024 er Erika Lind-Larsen, med prosjektet «Lost in Translation?».
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom