Benedicte Maurseth gjenoppdagar gløymde spelekvinner

Systerspel - i utval med Benedicte Maurseth
Om albumet Systerspel
Albumet Systerspel kuratert av Benedicte Maurseth, er meint som ein oppfølgjar til samlealbumet Meisterspel frå 1997 utgjeve på Heilo. Albumet Meisterspel vart den gong utgjeve i samband med boka Hardingfela, og inneheldt slåttespel framført av tjuetre ulike felespelarar, men der diverre ingen av dei utvalde utøvarane var kvinner.
Systerspel gjev denne gong plassen til spelekvinnene, og inneheld tidlegare utgjevne innspelingar med alt frå Kristiane Lund frå 1919, den fyrste spelekvinna som spelte inn hardingfele på grammofonplater, til Helga Myhr og hennar solo-album frå 2020. I tillegg kjem ei rekkje andre meisterspelarar som Signe Flatin Neset, Mari Eggen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Britt Pernille Frøholm med fleire.
Mange av spelekvinnene omtalt i boka Systerspel, er å høyra på albumet med same tittel. Systerspel i sine ulike uttrykk vert lansert 29. og 30. oktober 2022 under Osafestivalen på Voss.
CD kan kjøpast her: https://grappa.no/no/albums/heilo/systerspel-i-utval-med-benedicte-maurseth/
Om boka Systerspel (spelet som var, og spelet som vart borte)
Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte?
Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Benedicte Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Systerspel fortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Boka tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.
Benedicte Maurseth gjer oss ei breiare forståing av musikken si rolle i samfunnet, både i fortida og i nyare tid. Kven var disse kvinnene som spela og samla bygder og lokalsamfunn? Og kvifor vart dei på eit tidspunkt borte frå den offentlege arenaen?
Boka kan kjøpast her: https://www.fagbokforlaget.no/Systerspel/I9788245038866
29. oktober kl. 12.00: Utstillingsopning
For fyrste gong vert det laga ei vandreutstilling om spelekvinna frå ulike delar av landet. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna den eldste hardingfela bruka av ei spelekvinne frå 1784, handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir. Les meir
Produsert av Osafestivalen, i samarbeid med Benedicte Maurseth, Prestegaard-design og Modest.
29. oktober kl. 14.30: Framføring av tingingsverket Systerspel
Tingingsverket av Benedicte Maurseth er ein scenisk versjon av boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700 -talet og til i dag. Les meir
Medverkande:
Benedicte Maurseth – hardingfele, komposisjon, forteljing og tekstframføring
Birk Nygaard, scenografi, lys og projeksjon
Kieran Kolle, film
Jørgen Træen, lydkollasj
Hildegun Riise, regi
30. oktober kl. 14.30: Forfattarmøte – Benedicte Maurseth og Olaug Nilssen
Forfattar Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth vil samtale om den nye boka Systerspel, utgjeve av Fagbokforlaget. Dei vil drøfta det mangeårige innsamling- og skrivearbeidet, og koma inn på ulike tema som bondespelekvinna sin posisjon føre hamskiftet, kva føringar vekkingskristendom og «husmorifiseringa» har hatt, om språkbruk, infantilisering og seksualisering, og om å vera spelekvinne i dag, i ein tradisjon lenge dominert av spelemenn. Les meir
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro
Bilder




Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Trond Kallevåg slipper "The Boat Song" – en lavmælt og drømmende reise mot albumet Minnesota3.10.2025 09:05:00 CEST | Pressemelding
På et høstkaldt Træna i 2024 satt Trond Kallevåg omgitt av vind, stillhet – og en bunke sort-hvitt-fotografier. En glemt søskenhistorie, et gammelt kamera, og et liv levd på avstand ble utgangspunktet for The Boat Song – andre singel fra Kallevågs kommende album Minnesota.
Trond Kallevåg releases The Boat Song – a lyrical journey leading up to the album Minnesota3.10.2025 09:05:00 CEST | Press release
On the remote island of Træna in Northern Norway, surrounded by wind and sea, guitarist and composer Trond Kallevåg stumbled upon a series of haunting black-and-white photographs — and a forgotten story between two siblings who never met.
Iris Caltwait tar et oppgjør med usunne relasjoner i "Serpentine" - ute nå1.10.2025 09:15:00 CEST | Pressemelding
Onsdag 1. oktober slipper Iris Caltwait den særegne og fengende indiepop-låta Serpentine, som markerer siste forsmak på det etterlengtede andrealbumet Again, for the first time, som er ute 7. november.
bob junior og Evan Klar lengter etter nærhet i ny indiepoplåt – «Lost Without You» ute nå26.9.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Med «Lost Without You» setter bob junior og Evan Klar ord på hvordan det føles å savne noen så intenst at hverdagen settes ut av spill. Singelen er andre smakebit fra duoens kommende EP P.S I Love You, ute 24. oktober.
Folkemusikktrioen MOJNA vender tilbake med singelen Undulant26.9.2025 08:50:00 CEST | Pressemelding
I dag er trioen MOJNA tilbake med singelen Undulant – det første man kan høre fra deres kommende tredje album Mareld, som lanseres i oktober 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom