UiT Norges arktiske universitet

Innspelsmøte til stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv

Del
Tre statssekretærar kjem til UiT i Tromsø 27. oktober for å gjennomføre innspelsmøte i samband med neste års stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Árdna - UiT sitt samiske kulturhus. Foto: Christian Halvorsen / UiT
Árdna - UiT sitt samiske kulturhus. Foto: Christian Halvorsen / UiT

Tema for meldinga skal vere kompetanse og rekruttering, med eit særleg fokus på barnehagar, grunnopplæring og høgare utdanning.

Statssekretær for kommunal- og distriktsministeren, Nancy Porsanger Anti, statssekretær for kunnskapsministeren, Halvard Hølleland, og statssekretær for forskings- og høgare utdanningsministeren, Oddmund Løkensgard Hoel, vil ta imot innspela. Dei skal møte medlemmer av Sametingsrådet, og tilsette og studentar frå UiT.

Media er inviterte til å vere med i møtets første del og dessutan lunsj frå klokka 10.00 til 12.20.

Møtestad: rom 2.072 i ILP Lærerutdanningbygget

Program

10.15: Opning og velkommen. Dag Rune Olsen, rektor UiT.

10.20: Innleiing, bakgrunn og forventningsavklaring. Departementa.

10.30: Innleiing og refleksjonar. Runar Myrnes Balto, medlem i Sametingsrådet.

10.35: Samisk ved UiT. Torjer A. Olsen, instituttleiar, Senter for samiske studiar.

10.40: Samisk tematikk i helsefagleg utdanning og forsking. Gunbjørg Svineng, dekan, Det helsevitskaplege fakultetet.

11.05: Samisk språk og tematikk i humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. John McNicol, prodekan utdanning, HSL-fakultetet.

11.15: Satsingar i samerettsforsking og -utdanning. Øyvind Ravna, professor, Det juridiske fakultet.

11.25: Perspektiva til studentane. Anne Ragnhild Porsanger, lektorstudent og leiar, Sámi Studeantasearvvi Davvi-Norggas/Samisk Studentforening i Nord-Noreg.

11.35: Lunsj i Árdna – Intervjumoglegheit for pressa.

Me ber media melde si interesse til Kjetil Rydland ved Seksjon for kommunikasjon, UiT: kjetil.rydland@uit.no / 951 76 509

Kontakter

Bilder

Árdna - UiT sitt samiske kulturhus. Foto: Christian Halvorsen / UiT
Árdna - UiT sitt samiske kulturhus. Foto: Christian Halvorsen / UiT
Last ned bilde

Om UiT Norges arktiske universitet

UiT Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet
Hansine Hansens veg 18
9019 Tromsø

77 64 40 00https://uit.no/

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye