Helga Myhr med særprega og utforskande bestillingsverk
7.10.2022 12:47:20 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding

Helga Myhr: "Andsyning"
Album ute 07.10.2022
Helga Myhr har gjennom heile oppveksten hatt folkemusikken med seg. I dag ligg spesielt slåttespelet hennar hjarte nært. Slåttespelet ber preg av mange «lag» beståande av til dømes strøk, melodi, rytme, ornament og tonalitet, som ein kan variere over og som stadig nye generasjonar har foredla: «Slåttespelet inneheld uendelege moglegheiter, og det er desse moglegheitene eg har latt meg inspirere av når den nye musikken skulle skapast. For den som kjenner slåttemusikken godt, kan ein kanskje høyre kva for låttar eller «lag» eg har nytta, medan andre gonger er dette meir subtilt.» - Helga Myhr
I tillegg inneheld tre av låtane dikt av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål i Hallingdal. Lappegard var ein folkekjær diktar som fekk stor merksemd for diktsamlinga «Noko vil alltid lysa» (fyrste gong utgitt i 1988).
Ordet Andsyning kan ein finne i boka «Ord, uttrykk og inntrykk frå Hallingdal og Valdres» (Boksmia, 2002). Denne boka inneheld Ivar Aasen sine samlingar frå reiser til Hallingdal og Valdres frå 1845 og framover. Ordet er samansett av «and», som betyr i mot eller motsatt, og «syning» som kan bety horisont, å vise fram eller forekomst av noko som viser seg. Altså å sjå eller vise noko frå motsatt horisont.
Musikken er direkte skrive for dei eineståande musikarane som bidreg på plata. Dei har i stor grad, med sine særprega musikalske og kreative eigenskapar, satt sitt preg på korleis musikken høyres ut: «Malin Alander har ei stor stemme som ho kan forme og strekke fantastisk langt, Adrian Myhr har ein varm bassklang, med sine vakre og snirklete melodiliner, Michaela Antalová har ein nydeleg groove til slåttespelet, og bidreg med lekre toner på seljefløyta, multiinstrumentalist Rasmus Kjorstad tilfører viktige klangvariasjonar og smakfulle bidrag på langeleik, fele, oktavfele og munnharpe.» - Helga Myhr.
Musikken er omslutta av eit nydeleg og spesielt kunstverk av Solveig Lønseth. LP-en og omslaget er direkte prega av hennar oppleving av Andsyning, og er eit resultat av Lønseth si eineståande evne til å skape noko som gir oss ei oppleving av å vera til stade her og no. Dette skriv blant anna Lønseth om musikken:
«Då eg lytta til Andsyning for fyrste gong, fortona lydane seg med ein gong som visualiserte erindringar for meg. Det var som eg kunne sjå musikken. Ei syning rett og slett - veldig og skulpturell med fleire lag av liv. Musikken tok meg ut til ein tømmerstokk på duvande hav. Delt horisontalt mellom to verdar; den eine lengda i si endelause klårheit av luft og ljos. Den andre motsatsen i kompakt blaute - vendt nedover mot mytisk mørke og djup gradient. Trass i den horisontale inndelinga, må eigenråda i virke bryte av for bølga, og manøvrere i æva kring si eiga kjerne. Slik blir ei mekling framført mellom motsatsar av sanningane våre – opp og ned, att og fram, hit og dit, før og no.» - Solveig Lønseth
Helga Myhr sitt soloalbum «Natten veller seg ut», vart slept hausten 2019 på Motvind Records, og mottok nominasjon til Spellemannprisen. Myhr spelar i fleire i grupper og ensemble blant anna i bandet Morgonrode som mottok Spellemannprisen i 2019. I tillegg er ho fast medlem i Kvedarkvintetten, Dei kjenslevare og i duo saman med Tanja Orning.
Medverkande:Helga Myhr: komponist, produsent, hardingfele, song
Adrian Fiskum Myhr: kontrabass
Malin Alander: song
Rasmus Kjorstad: feler, langeleik, munnharpe
Michaela Antalová; perkusjon, seljefløyte.
Opptak: Stein David Baastad og Magnus Skavhaug Nergaard
Miks: Bård Ingebrigtsen
Master: Helge Sten
Album release: 07.10.2022
Artist: Helga Myhr
Tittel: Andsyning
Katalognummer: HO7379
Plateselskap: Heilo
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro
Bilder







Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Konradsen slipper "Live at MUNCH" før de legger ut på Norges- og Europaturne25.9.2026 09:14:17 CEST | Pressemelding
I april markerte Konradsen utgivelsen av sitt kritikerroste tredjealbum "Hunt, Gather" med en utsolgt konsert på MUNCH i Oslo. I dag slipper duoen "Live at MUNCH", som består av tre opptak fra denne spesielle kvelden, samt live-videoer filmet av den prisvinnende regissøren og filmfotografen Martin Bremnes. Lytt her.
Moddi & Kajsa Balto gir nytt liv til samisk kulturskatt25.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
'Gulndasaš' er ute nå!
Yngvil har lagd låtene hun selv kunne trengt - EP-en "PS: ikke si det til noen" er ute nå25.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Det har skjedd mye siden visepop-artisten Yngvil skrev låtene som endte opp på debutalbumet. Hun har blitt eldre, livet har rukket å filleriste henne litt og låtskrivingen har blitt spissere og mindre naiv. På EP-en "PS: ikke si det til noen" skriver hun om sider ved nære relasjoner hun selv har savnet låter om. Lytt til "PS: ikke si det til noen" her.
RUBI hyller pappaen sin med rørende ballade - ute 25. september25.9.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Da RUBI alias Ruben Skorstad var liten, kunne pappa fikse alt. Han kunne jage bort monstrene under senga og skremme bort spøkelsene i skapet. Som voksen har Ruben derimot begynt å se mennesket bak helten og innsett at også han lever livet for aller første gang. Nå slipper RUBI «Pappas vise», en hyllest til nettopp barndomshelten sin. «Pappas vise» slippes 25. september. Lytt her.
Anna Lille - 'My Man' - ute nå!11.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
"Har du nokon gong vore saman med nokon som vennene dine hata? Då kjem du til å ELSKE denne låta!"
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
