Odd Nordstoga "I går"
9.9.2022 08:15:41 CEST | Universal Music Norge | Pressemelding

Nokon dagar hender det ting som ein ikkje hadde forestilt seg.
Noko uventa. Noko dramatisk. Noko som snur opp ned på ting. Det kan vera i livet ditt, eller i samfunnet. Frå ein dag til ein annan, eller i ein augneblink, kan verda bli forandra.
Når slikt hender er det rart å tenke på at ein har gått rundt så aldeles uvitande, som i ei skodde, og lagt lystige planar og innhald til nett desse dagane, som om ingenting skulle skje! – At ein skal til tannlegen veit ein ein månad på førehand, men at verda blir forandra veit ein fyrst etter det har hendt. Det er rart å tenke på, for ei pussig ordning.
Eg gjekk på ei myr i Trysil på ski. Hadde høyrt og lese alt eg kom over om invasjonen i Ukraina. Dette i von om at nokon kunne svara på korleis dette kom til å gå. «Slik og slik og så kjem alt til å bli som før» Det var det eg glupsk leita etter i aviser og på radioen. Men det kom ikkje noko godt svar.
Når eg kom heim laga eg «I går», som for å hugse på det, kor ulik den kan vera, kor fin den kan framstå med sine småting, den uvitande gårsdagen.
Se video til «I går»: https://youtu.be/2xDmkogpTVU
Regissert av Sigurd Fossen, Fill In productions
«I går» er siste singel ut fra Odd Nordstogas komande album "Inn i skogen", som er venta 7. oktober.
Odd Nordstoga og hans eminente band skal ut på haustens store turné – Inn i skogen og ut på tur: https://oddnordstoga.no/#live
I går
Ser rundt meg på dei ørsmå ting
Det varme vatnet ifrå kjøkenspring
ein omn som lyser for at den er på
Ein buss i gata som er ved å gå
På butikken er det fullt av mat
importerte eple og grøn salat
Eg tenkte ikkje på det der i går
Eg tenkte ikkje på det
I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår,
og snart så var det vår
I går så var det småting som var stort på TVn vår
No trur eg alle vel forstår
at det der, det var i går
På radioen er det ein ting i
For no har det kome ei heilt ny tid
Som kallar fram eit velkjend mareritt
som gjekk igjen på guteromet mitt:
Inn ifrå aust ut av ei grå, tung sky
skar rett imot to svarte jagarfly
eg tenkte ikkje på det der i går
eg tenkte ikkje på det
I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår,
og snart så var det vår
I går så var det småting som var stort på TVn vår
No trur eg alle vel forstår
at det der, det var i går
Nøkkelord
Kontakter
Silje Hope
Tel:48095200silje.hope@umusic.comBilder


Dokumenter
Lenker
Om Universal Music Norge
Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Sabrina Carpenter, The Weeknd, Alessandra, Billie Eilish, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.
Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge
VC BARRE OG ROC BOYZ SLIPPER SINGELEN «KLUBB»10.4.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
VC Barre er tilbake med den nye singelen «Klubb», et samarbeid med den norske raptrioen Roc Boyz. Sammen leverer de en energifylt låt der svensk hiphop møter norsk klubbfølelse, med blikket rettet mot den skandinaviske scenen.
Karen Moe vil ikke gå hæm9.4.2026 09:15:00 CEST | Pressemelding
Fredag 10. april slipper Karen Moe sin nye singel «Vil ikke gå hæm». Låten er hennes sjette utgivelse på UMG/EMI, og følger opp en rekke sterke slipp fra den 21 år gamle countryartisten fra Verdal.
Ramón går aldri hjem før soloppgang!9.4.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Fredag 10. april slipper Ramón «VI SKAL ALDRI GÅ HJEM FØR SOLOPPGANG», den andre låten fra det kommende albumet RAMUELO, som kommer 5. mai. Med en nostalgisk, varm og dansbar energi peker singelen frem mot et nytt kapittel fra en av Norges største popstjerner.
Kaptein Rødskjegg og Sjørøverne tilbake hos Universal Music og United Stage8.4.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Etter 25 år med sjørøvershow, musikk og eventyr for barn over hele landet, er Kaptein Rødskjegg og Sjørøverne tilbake der det hele en gang startet. Det folkekjære universet er nå signert av Universal Music og United Stage, i et samarbeid som markerer både et nytt kapittel og en hjemkomst.
Dinho slipper «Kongen På Haugen» 27. mars25.3.2026 15:51:36 CET | Pressemelding
Dinho slipper singelen «Kongen På Haugen» fredag 27. mars. Låten følger opp «Gutta Gråter Ikke» og tar utgangspunkt i artistens egne erfaringer med å komme seg videre etter en tung periode.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
