Difor må Statens vegvesen stengja denne gang- og sykkelvegen på nettene i veke 36
Dette gjer me for at brøytemannskapane skal få betre plass til å snu køyretøya om vinteren.
Kjørnessvingen ligg like ved riksveg 5 Mannhellervegen sør for Sogndal.
Slik skjer arbeidet
Det me heilt konkret skal gjera, er å flytta muren ved bommen. Dette skjer natt til tysdag, onsdag, torsdag og fredag med arbeidstid klokka 19.00 - 06.00. Mjuke trafikantar kan passera med hjelpeperson mellom 19.00 og 22.00.
Gang- og sykkelvegen vil verta heilt stengd i arbeidsperiodane. Dette er ein veg som vert mykje nytta, mellom anna av skuleborn og syklistar.
– Me legg arbeidet til natta, den tida på døgnet då det er minst trafikk. Dette gjer me for å minimera ulempene for brukarane av vegen, seier byggeleiar Lars Busk Grinde i Statens vegvesen.
Nattarbeidet kan medføra noko støy, og me har forståing for ulempene dette kan medføra, legg han til.
– Trafikken på riksveg 5 vil ikkje bli påverka av arbeidet på gang- og sykkelvegen, understreker Busk Grinde til slutt.
Gir betre trafikktryggleik, året rundt
For Statens vegvesen er det avgjerande å ta eit heilskapleg samfunnsansvar, noko som mellom anna innebér å samhandla med andre etatar.
Busk Grinde understreker at kommunelegen i Sogndal har godkjent arbeida som skal gjerast så skånsamt som råd, med så lite støy som mogleg for å unngå sjenanse for naboar.
– I tillegg er det viktig å minna om at breiare gang- og sykkelveg og vil koma alle brukarane av området til gode. Denne utvidinga, kombinert med betre tilhøve for vinterdrifta, vil også gje også betre trafikktryggleik for oss alle, både mjuke trafikantar og køyrande, året rundt.
Drift og vedlikehald handlar om alt det me i Statens vegvesen gjer kvar dag – heile året – for å utføra vårt samfunnsoppdrag med å halda riks- og europavegnettet ope, trygt og føreseieleg framkomeleg for trafikantene. God vinterdrift, og best mogleg tilhøve for denne, er ein viktig del av dette.
Nøkkelord
Kontakter
Lars Busk GrindeByggeleiar
Tel:48240450lars.busk.grinde@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Statsråden åpnet E39 Betna-Hestnes25.6.2025 14:32:03 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård åpnet onsdag 12,8 km ny europaveg mellom Molde og Trondheim.
Tillater elbiler med to passasjerer i kollektivfeltet24.6.2025 13:20:24 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skilter om to strekninger på E18 i Asker og i Bærum for bedre trafikkavvikling. Et pilotprosjekt gir elbiler med to passasjerer tilgang til kollektivfeltet.
Dette er planene for ny rv. 4 fra Oslo til Gjøvik24.6.2025 11:33:48 CEST | Pressemelding
I to runder har Statens vegvesen bygd 27 kilometer ny og utbedret riksveg 4 fra Roa til Lygna. Nå skal Vegvesenet vurdere vegen videre for riksveg 4 mellom Gjøvik og Oslo.
Norgesferie på hjul: Alt på ett nett24.6.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Nettsiden vegvesen.no/turist gir deg svar på det du kan lure på når du er veifarende turist i Norge. Det viktigste er å kjøre trafikksikkert og ta hensyn.
Midlertidig sikringstiltak forbi Rørvikura23.6.2025 15:41:11 CEST | Pressemelding
Nå er geologirapporten etter steinskredet ved Rørvikura på E10 i Lofoten klar. Tirsdag starter Statens vegvesen arbeidet med å sette opp betongblokker.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom