- Frivilligheit er ei bærebjelke for kulturarven
1.9.2022 13:08:22 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Den nye frivilligheitsstrategien til Riksantikvaren blei lansert under Arendalsuka. Strategien skildrar i korte trekk den frivillige innsatsen på kulturmiljøfeltet, og definerer dei viktigaste måla for Riksantikvaren sitt arbeid med frivillig sektor på nasjonalt nivå.
- Frivillig innsats er ei bærebjelke for kulturarven vår. Innsatsen dei frivillige legg ned for kulturmiljøvernet er uvurderleg, og bidreg til at viktige verdiar for fellesskapet blir tekne vare på. Det kjem oss alle til gode, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Frivillig sektor har mange ulike rollar. Det frivillige kulturlivet tek vare på kulturmiljø både nasjonalt og lokalt, og spenner frå organisasjonar som tek vare på verneverdige fartøy, bygg, samferdsleanlegg, veterantog, veteranbilar og kulturlandskap, m.m. I tillegg til å ta vare på kulturarven vår er det frivillige arbeidet ein arena for felles, sosialt samvær. Den sosiale, helsemessige og trivselsskapande effekten av det frivillige arbeidet er særs viktig.
- Dei frivillige organisasjonane har også ei særs viktig rolle ovanfor kulturmiljøforvaltinga, i tillegg til arbeidsinnsatsen dei legg ned for kulturarven. Dei påverkar myndigheitene ved å være høyringspart og pådrivar for å utvikle ein god kulturmiljøpolitikk, seier Geiran.
Nye formar for frivilligheit og engasjement
Strategien orienterer seg i hovudsak mot dei etablerte frivillige organisasjonane innan kulturmiljøfeltet. Men, den ser også på korleis nye formar for frivilligheit, kommunikasjonsteknologi, og særskild sosiale medier, driv fram endringar både i samfunnet generelt og i frivillig sektor. Frivillige initiativ, som i stor grad baserer seg på å formidle bodskapen sin gjennom digitale løysingar, verkar også inn på kulturmiljøfeltet.
1 av 6 gjer ein frivillig innsats for kulturmiljø
I samband med lanseringa av strategien presenterer Riksantikvaren også ei befolkingsundersøking. Undersøkinga gjev innsikt i kven som engasjerer seg for kulturmiljøvern. 17 prosent av befolkninga gjorde ein frivillig innsats for kulturminne og kulturmiljø i 2022. Størst frivillig aktivitet finn vi i samanheng med bevaring av kulturminne i nærmiljøet med 10 prosent av befolkninga. På nettsidene til SSB kan du lese meir om denne undersøkinga.
Riksantikvaren si rolle
Staten skal ikkje legge seg opp i korleis folk vel å delta i frivillig arbeid. Men staten skal, i samarbeid med organisasjonane, legge til rette for at det finnast stader der alle kan finne si interesse og at det skal være enkelt å delta. Faro-konvensjonen (2005)er Europarådet sin rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet. Konvensjonen var tidleg ute med å framheve kulturarven si tyding for menneskerettar og demokrati. Den set søkjelys på alle sin rett til å delta i og dra nytte av sin eigen kulturarv, og at alle skal kunne bidra til å definere sin eigen kulturarv og sine kulturmiljø. Dette kjem også fram av stortingmeldinga“Nye mål i kulturmiljøpolitikken” (Meld. St. 16 (2019–2020) som seier at alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.
For kulturmiljøforvaltinga er det frivillige engasjementet uvurderleg, og innan kulturmiljøfeltet er frivillig engasjement både ein rett og eit mål i seg sjølve. Utan frivillig innsats ville delar av kulturarven ha gått tapt. Med denne strategien ønskjer Riksantikvaren å legge til rette for eit breitt frivillig engasjement for kulturmiljøvern.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder





Dokumenter
Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
8,7 millioner kroner til kulturmiljø på kysten og i landbruket27.1.2026 07:20:50 CET | Pressemelding
Havnene langs norskekysten og områdene fra landbruksnæringene forteller viktige deler av historien om Norge. Nå gir Riksantikvaren 8,7 millioner kroner i tilskudd for å videreutvikle disse kulturmiljøene.
8,7 millionar kroner til kulturmiljø på kysten og i landbruket27.1.2026 07:20:50 CET | Pressemelding
Havnene langs norskekysten og områda frå landbruksnæringane fortel viktige delar av historia om Noreg. No gir Riksantikvaren 8,7 millionar kroner i tilskot for å vidareutvikle desse kulturmiljøa.
Delte ut 43 millionar til arkeologi – dette var dei mest spanande funna26.1.2026 14:08:39 CET | Pressemelding
Riksantikvaren delte ut 43 millionar kroner i tilskot til arkeologiske kulturminne i 2025. Her er nokre av dei spanande funna som vart gjort i Noreg i fjor.
Funn av giftstoffer i flere gamle bygg21.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
En pilotstudie viser høye nivåer av farlige, gamle kjemikalier i ni eldre bygninger fra hele landet. Riksantikvaren er bekymret.
Funn av giftstoff i fleire gamle bygg21.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Ein pilotstudie viser høge nivå av farlege, gamle kjemikaliar i ni eldre bygningar frå heile landet. Riksantikvaren er bekymra.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
