Fredar Odals Værk
25.8.2022 12:30:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

På slutten av 1600-talet fann dei jernmalm i grunnen under Valstad gard, og her vert seinare Odals Værk etablert. Verket ligg i Sør-Odal kommune, ikkje langt frå Glomma, og med skog og vassdrag i nærleiken var det lettvint å skaffe energi til verksemda.
- Vi fredar både bygningar, hageanlegg og område rundt verket, seier Kolstadløkken. – Verket har spor etter fleire sosiale lag som var knytta tett til drifta. fredinga vil gjere Odals Værk synleg som ein viktig samfunnsbyggjar i si tid og ein stor arbeidsplass med lang historie i Sør-Odal.
Verksemda vaks fram som eit eige samfunn, med jernverk, sagbruk, landbruk med 65 husmannsplassar og treskelåve, teglverk, brenneri og bryggeri og tilhøyrande skule og fattigvesen.
- Det er viktig å ta vare på husmannsplassen Nordre Vika som eit døme på kor vesentleg husmannsvesenet var for verksemda, understrekar Kolstadløkken. - I alt har anlegget store kunnskaps- og opplevingsverdiar.
Den allsidige næringshistoria er godt synleg i verkets store og vel bevarte bygningar samt uteområda. I dag er Odals Værkeit aktivt gardsbruk med vekt på skogsdrift.
- Odals Værk har ei stor og spanande industrihistorie, seier ordførar i Sør-Odal kommune, Knut Hvithammer, medan det også er ein viktig og vakker jord- og skogbrukseigedom. Odals Værk dokumenterer ein svært viktig del av Sør-Odals historie og identitet. Fredingsvedtaket er difor viktig for framtidas generasjonar som kan ha glede av dokumentert kunnskap om fortida.
I ei freding er alltid eigarane særs viktige. Det er dei som skal vedlikehalde og ta vare på eigendommen vidare.
- Vi har hatt eit fint samarbeid med Riksantikvaren fram til og med fredinga, seier Christine Opsahl. At heile anlegget no er freda, motiverar og forpliktar oss som eigar til å sikre at Odals Værk lev videre som eit kulturminne til glede og oppleving for kommande generasjonar.
Historia til verket
På jernverket produserte dei ei rekkje små og store produkt, som til dømes omnar, spiker og kanonrør. Verket blomstra i tida frå 1764 og til 1823, men i 1835 vart jernverket avvikla og drifta retta meir mot dei andre næringane på eigedomen.
Hovudbygningen og dei to sidebygningane på verket vart freda allereie i 1941. Dei store grøntanlegga rundt viser eit tidsspenn på knappe 200 år, med spor av formale hagestilar, romantiske landskapsparkar, samt anlegg med nyklassisistisk preg. I dag er grøntanlegga forenkla samanlikna med tidlegare.
- Hagane og parkane ved Odals Værk speglar en lang periode med skiftande ideal, og både enkeltvis og samla har grøntanlegga ved Odals Værk stor hagehistorisk verdi, forklarar Kolstadløkken.
Kruthuset og kornmagasinet er, i tillegg til hovudbygningane, dei einaste bygga som står att frå jernverksperioden. Dei er difor viktige å ta vare på, saman med driftsbygningar som bryggerigang og bryggerikjellar, treskelåve og låve for å vise den mangfaldige drifta ved verket. Fredinga omfattar også delar av innsjøen Fløyta, som var demma opp slik at vasskrafta kunne nyttas til drifta. I tillegg vert snikkarbua og reiskapsbua med jordkjellar freda.
Høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi
Formålet med fredinga er å ta vare på Odals Værk som eit anlegg med høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi. Anlegget viser kulturminne knyta til industri og landbruk i perioden frå 1764 og fram til ca. 1950. Fredinga skal sikre at bygningar, hage og parkar kan vise sine særtrekk frå ulike tidsperiodar for nye generasjonar, og skal ivareta arkitektur og samanheng mellom bygningar og uteområde. Dei materielle spora etter verksemda og mangfaldet i buform og livsførsel i ulike sosiale sjikt skal bevarast.
Ni bygningar blir freda både utvendig og innvendig, medan eit bygg vert freda berre utvendig. Grøntanlegg, gardsplassar, vegar med gjerde og murar, samt fleire dammar og anlegg i elva vert også freda.
I områda rundt verket vert innmark og beiteområde, vatnet Fløyta og område rundt sagbruksdrifta, samt tidlegare hageareal freda.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder




Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Bare 60 år gammel, men nå blant Norges viktigste kirker17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå setter Riksantikvaren Steinkjer kirke på lista over kulturhistorisk viktige kirker i Norge. For første gang på 26 år kommer det en ny kirke inn på lista.
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
