Statens vegvesen

Sprenger vekk stein frå riksveg 13 i Hardanger

Del
Statens vegvesen set i gang kontrollert skred i kveld ved å sprenga ned stein frå fjellsida over riksveg 13 i Hardanger.
Statens vegvesen sprenger stein som lå igjen i lausneområdet etter skredet forrige veke. Foto: Steinar Hustoft, Statens vegvesen
Statens vegvesen sprenger stein som lå igjen i lausneområdet etter skredet forrige veke. Foto: Steinar Hustoft, Statens vegvesen

Tysdag for ei veke sidan gjekk det eit stort skred mellom Tyssedal og Stana. Store steinmassar vart likevel liggande igjen oppe i lausneeområdet, og etter eit mindre steinskred og mykje nedbør vart vegen stengd igjen måndag på grunn av fare for nye skred.

Planlagt operasjon

For å unngå ukontrollerte skred ved nye nedbørsperiodar skal det sprengast ned om lag 300 kubikk stein i kveld.

– Statens vegvesen gjer det vi kan for å halda vegen open. Stengningen av vegen har store konsekvensar for trafikantane og gir stor belastning på ferjesambanda. Grunnen til at vi ikkje har provosert fram skred tidlegare, er at det har vore mykje nedbør og skodde, slik at det ikkje har vore mogleg og forsvarleg å gjera dette tidlegare, seier byggeleiar Rolf Anders T. Svensson.

I kveld er det gode forhold for operasjonen, som involverer geolog, skytebas og klatrere. I tillegg er det gjort grundige førebuingar for å redusera risikoen for skadar på vegen og på naust i nærleiken.

Opning av vegen

I utgangspunktet blir venta vegen å vera stengt fram til klokka 12 torsdag, men Statens vegvesen vil opna vegen så snart han er forsvarleg rydda.

I mellomtida er det omkjøring via ferjesambanda Utne – Kvandal, Jondal –Tørvikbygd og Årsnes – Gjermundshavn. Berre det siste går på natta.

Rikveg 13 på Vikafjellet

I tillegg til utfordringane i Hardanger, er riksveg 13 på Vikafjellet lengre nord i Vestland stengt på grunn av skredfare. Skredsikringsarbeid pågår i området. Her vil det bli gjort ny vurdering av situasjonen fredag, og vegen vil vera stengt fram til då.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Statens vegvesen sprenger stein som lå igjen i lausneområdet etter skredet forrige veke. Foto: Steinar Hustoft, Statens vegvesen
Statens vegvesen sprenger stein som lå igjen i lausneområdet etter skredet forrige veke. Foto: Steinar Hustoft, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye