Vegvesenet gjer store forbetringar i Frudalstunnelen
9.6.2022 10:48:51 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Førebuinga til arbeida har skjedd denne veka, med fresing av eksisterande asfalt.
Dei to neste vekene, veke 24 og 25, gjer me store forbetringar i den 6758 meter lange tunnelen som opna 29. oktober 1994.
Dette gjer me i veke 24
På morgonen måndag 13. juni byrjar me å leggja ny asfalt. Dette arbeidet vil føregå på dagtid, måndag til torsdag klokka 07.00 til 17.00.
På nettene skiftar vi lysarmatur, frå klokka 20.00 til 06.00.
Konsekvens for trafikantane i anleggsperioden er at det blir trafikkdirigering heile døgnet med ledebil frå måndag morgon til fredag morgon.
Frå fredag morgon til måndag morgon vert det ikkje arbeidd i tunnelen. Då er det fri ferdsel, men me oppmodar på det sterkaste trafikantane om å visa varsemd, då det manglar vegoppmerking i heile tunnelen.
Dette gjer me i veke 25
Måndag morgon startar me på siste del av asfalteringa, og blir ferdige på kvelden.
Jobben med å skifta lysarmatur held fram, men no som dagarbeid – med styrt trafikkavvikling og ledebil. Dette er planlagt ferdig til fredag 24. juni.
God dialog med entreprenørane
– Me har forståing for at vegarbeid som dette kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og framkomsten også i framtida, seier prosjektleiar for asfalt og vegoppmerking i Statens vegvesen, Arne Magnar Hauglund.
Ekstra utfordrande for trafikken er det nok at dette anleggsarbeidet pågår gjennom heile døgnet.
– Men gjennom at alt arbeidet vert teke samtidig, etter god dialog med entreprenørane, kuttar vi anleggstida med minst ei veke, legg han til.
Det er Veidekke Industri som fresar og legg ny asfalt, medan Mesta skiftar lysanlegget.
Me vil leggja til rette for minst mogleg hinder for rutebussar som skal kunna passera i kolonne til oppsette rutetider. Utrykkingskøyretøy får passera.
Vedlikehald som varar
Vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt. Noko av det finaste du kan gjera, både for samfunnet og klimaet, er å ta vare på det du har.
– Og når vi gjer omfattande utbetringar som i Frudalstunnelen, er det for at våre transportsystem skal gje føreseieleg framkomst i mange år framover. Eit døme på det: Sist det var lagt asfalt i Frudalstunnelen, var for 27 år sidan, då tunnelen var heilt ny, avsluttar Hauglund.
Tunnelen får ny vegoppmerking så snart som mogleg.
Frudalstunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1550. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av trafikkmengda er 22 prosent, eller 341, lange køyretøy.
Nøkkelord
Kontakter
Arne Magnar HauglundProsjektleder vedlikehold vestStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:90864449arne.hauglund@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Innstiller Risa AS til å bygga gang- og sykkelveg langs E3913.2.2026 14:41:43 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har innstilt Risa AS som totalentreprenør til prosjektet E39 Gismarvik-Aksdal.
Kan brøytebilen kjøre raskere og fjerne like mye snø?13.2.2026 11:51:33 CET | Pressemelding
Snøbrøyting er en viktig oppgave i driften av vintervegene. Nylig testet Statens vegvesen ulike brøyteploger for å se om de rydder like effektivt i ulike hastigheter.
Klar for vinterferieutfart? Dette bør du vite før du kjører12.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Vinterferien står for døren og Statens vegvesen forventer stor utfart de kommende ukene. Mange vil kjøre på strekninger der de vanligvis ikke ferdes – over fjelloverganger, til hytter i høyden eller på landeveier med skiftende føre. Da er gode forberedelser helt avgjørende.
Skal utbedre Bodøs innfartsåre11.2.2026 15:56:08 CET | Pressemelding
Tre entreprenører leverte tilbud på å utbedre rv. 80 Sandvika-Sagelva mellom Bodø og Fauske. Johs Syltern AS er tildelt oppdraget.
Firkløver tok første spadetak10.2.2026 15:07:25 CET | Pressemelding
Arbeidet med å bygge E45 Køfta er i gang. I gnistrende kaldt vintervær ledet samferdselsministeren an da anleggsstarten ble markert i dag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
