Universal Music Norge

Så lett som ingenting med Odd Nordstoga

Del
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Den tredje låten frå Nordstogas nye prosjekt er ute på straumetenestane fredag 3. juni. Det er ikkje nødvendigvis ein slik låt som ser deg djupt i augo og seier «I love you!» Nei, heller berre ein slik som prisar kor det lyfter, kor fint og kor lettvint detta livet kan vera, berre den andre er i nærleiken. 

Som eit snøflak i desember

som kjem dalande og smeltar på di hand

Og som linerla om våren

som så liketil velsignar dette land

Som eit vindblaff i gardina

som seier: «Hei! Her er det liv i alle ting»

Ja, som morgonen som lyser inn er det

og det lyfter denne dagen

så lett som ingenting

Slik kan det ver’ når du er ikring

Så lett som ingenting

 

Til vanleg så går ein vel ikkje rundt og tenker så mykje på kor mykje glede det gjev berre det at ein har kvarandre. Men sommtid kan ein ta seg i det. Sjå nett den tingen. For ofte er det vel slik at det som gjorde dagen din var dei du dela den med. 

Igjen er låten spelt inn heime i Nordstoga på Nordstrand. Reisverket er sett opp av Odd Nordstoga sjølv, som blei såpass oppstemt av låta sjølv at det på vokalsporet dukka opp både ein og to «juhuar». Etterkvart har det kome musikarar til etter tur og fullendt produksjonen. David Wallumrød drog igjennom ein kveld på pianoet nede i stoga. Håkon Aase kom med fela si ein sundag. Alexander Pettersen hadde ein ledig dag i Oslo, og kom med ein mandolin under armen. Trommene til Torstein Lofthus og bassen til Tor Egil Kreken vart spelt inn rett etter påske med Markus Arnet som kyndig teknikar. Så for låten til miksing hjå Øystein Frantzvåg og vidare til mastering hjå Morgan Nicolaysen. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Last ned bilde
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Last ned bilde
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Last ned bilde
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Last ned bilde
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Last ned bilde

Om Universal Music Norge

Universal Music Norge
Universal Music Norge
Akersgata 34
0180 Oslo

+47 22 54 14 00http://www.universalmusic.no

Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Sabrina Carpenter, The Weeknd, Alessandra, Billie Eilish, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.

Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge

Maria Arredondo med "Finne Deg" fra juleeventyret "Reisen mot Nord"7.11.2025 10:56:55 CET | Pressemelding

Fredag 7. november slipper Maria Arredondo låten «Finne deg», som er med i kinofilmen «Reisen mot Nord», årets vakreste juleeventyr basert på H.C. Andersens «Snødronningen». Filmen, som har premiere samme dag, er allerede solgt til 60 land. "Finne deg" er skrevet av Bente Lohne, med musikk og produksjon av Rolf Løvland. Sangen slippes både som engelsk og norsk versjon, begge sunget av Maria Arredondo.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye