2 millionar kroner til vidare utgreiing av hamna i Vardø
12.5.2022 10:45:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

- Regjeringa vil ruste opp hamner og farleier for å sikre vekst i fiskeriavhengige kystsamfunn. Dette er eit viktig satsingsområde nedfelt i Hurdalsplattforma. Vardø er av stor verdi for fiskerinæringa i Aust-Finnmark. Regjeringa ønskjer derfor å kome i gong med dette prosjektet så raskt som mogeleg, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I NTP 2022-2033 er det sett av 200 millionar kroner til tiltak i tilknyting til hamna i Vardø, og prosjektet skal etter planen kunne startast opp innan 2026-2027. - Regjeringa har stor forståing for utolmodet til Vardøsamfunnet. Samtidig kjem vi ikkje utanom at prosjekt som dette må utgreiast og planleggjast før det blir starta, slik at anslaget på kostnader er så riktig som mogeleg og for å sikre at alle relevante regelverk er overhaldne, seier fiskeri- og havministeren.
Som følgje av regionreforma har ikkje Kystverket oppdaterte planar for alle tiltaka som ligg inne i NTP 2022-2033, og fleire av dei krev derfor vidare utgreiingar og avklaringar. Dette gjeld bl.a. moloprosjektet i innseglinga til Vardø.
- Det er svært synd at Kystverket no er i ein slik posisjon. Dette må sjåast i samanheng med Solbergregjeringens avgjerd om å overføre staten sitt ansvar for fiskerihamner til fylkeskommunane, og nedbygginga av Kystverkets planleggings- og prosjekteringskapasitet. Dette har gitt ein stopp i planlegginga av denne typen prosjekt sidan 2017/2018. Vi er no i gong med å byggje denne kapasiteten opp igjen, seier Skjæran.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsministeren til ONS 202622.8.2026 07:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth deltar på Offshore Northern Seas (ONS) 2026 i Stavanger mandag 24. august.
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren besøker Båtsfjord 24. august21.8.2026 16:50:49 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøker Båtsfjord måndag 24. august for å møte sentrale aktørar innan fiskeri, sjømatnæring og maritim verksemd.
Næringsministeren besøker Nammo på Raufoss og Coop Innlandet 20. august18.8.2026 15:11:08 CEST | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth besøker onsdag 20. august Nammos romfartsavdeling på Raufoss og Coop Innlandet på Rudshøgda. Tema for reisen er norsk romteknologi og konkurranseforholdene i dagligvarebransjen.
Fiskeri- og havministeren til Nor-Fishing 17.–20. august14.8.2026 08:24:52 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss deltek på den internasjonale fiskerimessa Nor-Fishing 17.–20. august. Messa blir arrangert annakvart år i Trondheim.
Norge får sitt første veikart for bærekraftige akvatiske matsystemer12.8.2026 14:35:11 CEST | Pressemelding
Sjømat skal spille en enda tydeligere rolle i arbeidet med bærekraft, matsystemer og matsikkerhet. Nå lanserer fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss et nytt veikart som samler arbeidet som bidrar til dette.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom