Jernbanen 2.0: Digitalisering kan gi fleire avgangar, færre forseinkingar og betre reiseinformasjon
12.4.2022 16:06:51 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjennomføre konseptvalutgreiingar (KVU) om høvesvis betre utnytting av det signalsystemet ERTMS og innføring av nytt mobilkommunikasjonssystem.
Betre utnytting av ERTMS – automatisk togframføring
Heile den norske jernbanen skal på midten av 2030-talet vere utstyrt med det nye, digitale signalsystemet ERTMS – European Rail Traffic Management System. Dette skal mellom anna gi færre forseinkingar og innstillingar, tettare togtrafikk og betre kundeinformasjon.
I samband med dette skal Jernbanedirektoratet gjennomføre ei konseptvalutgreiing om betre utnytting av jernbaneinfrastrukturen som følje av ERTMS-utbygginga. Utreiinga skal òg vurdera moglegheitene for automatisk togframføring i kombinasjon med ERTMS.
Konseptvalutgreiing om nytt mobilkommunikasjonssystem
FRMCS er ein ny standard for neste generasjon mobilkommunikasjonssystem for jernbane og erstattar dagens system – GSM-R. I løpet av dei neste ti åra kjem ikkje leverandøren lenger til å gi systemstøtte til GSM-R. Noreg må difor ta i bruk den nye standarden, som er under utarbeiding i EU. I samband med dette skal Jernbanedirektoratet gjennomføre ei konseptvalutgreiing.
Direktoratet skal mellom anna sjå på kva for konseptuelle løysingar som er best eigna for å dekkje det heilskaplege kommunikasjonsbehovet for den digitaliserte jernbanen. KVU-en skal òg belyse om det er mogleg å utnytte dei digitale systema betre, slik at det blir mogleg å hente ut positive effektar i form av til dømes raskare togframføring, auka kapasitet, mindre energibruk og betre reiseinformasjon i sanntid. I samband med dette skal direktoratet òg vurdere ulike aspekt ved tryggleiken på jernbanen.
Utgreiing om responsmiljø for handtering av uønskte digitale hendingar
Regjeringa er oppteken av å oppretthalde eit høgt tryggleiksnivå på alle samfunnsområde, og vil styrkje evna til å handtere uønskte digitale hendingar i transportsektoren. Behova er knytte til handtering, koordinering og informasjonsdeling. Sektorvise responsmiljø i transportsektoren skal bidra til å dekkje dette behovet.
Eit slikt responsmiljø skal etablerast for handtering av digitale hendingar i jernbane- og kollektivsektoren. Jernbanedirektoratet skal vurdere ulike modellar for korleis eit slikt responsmiljø kan organiserast.
Vidare framdrift
Konseptvalutgreiingane om høvesvis ERTMS og automatisk togframføring og nytt mobilkommunikasjonssystem har leveringsfrist i midten av september 2023. Rapporten om organisering av responsmiljø mot uønskte hendingar skal vere ferdig innan 15. november i år.
For fleire opplysningar – sjå:
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport10.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
