To entreprenørar vil drifta vegkontrakt med fire fjellovergangar i Voss, Hardanger og Sogn
Driftskontrakten for dei neste fem åra omfattar mellom anna verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på 24,5 kilometer.
Kontrakten omfattar kommunar i tre fylke:
¤ Voss, Vik, Aurland, Lærdal, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik i Vestland
¤ Hemsedal og Hol i Viken
¤ Vang i Innlandet
Desse har levert tilbod
Dei som har levert tilbod, er:
Tilbydar | Tilbodssum ekskl. mva: |
Presis Vegdrift AS | 670.780.479,95 |
Mesta AS | 737.718.090,00 |
– Vi skal no kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å tildela og signera kontrakten så snart som mogleg, seier prosjektleiar Johannes Øydvin i Statens vegvesen.
Dette er ei stor vegkontrakt, noko som gjer at Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell.
Fire fjelloverganger og mange kilometer med tunnel
Dei fire fjellovergangane i kontrakten er Filefjell (E16), Hardangervidda (riksveg 7), Vikafjellet (riksveg 13) og Hemsedalsfjellet (riksveg 52).
Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er Lærdalstunnelen. Med sine 24509 meter er tunnelen som opna i 2000 verdas lengste vegtunnel.
Totalt er det 103232 meter, eller 103 kilometer, tunnel i kontraktsområdet.
Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde:
¤ E16 Voss-Tyin
¤ Riksveg 5 Håbakken - Fodnes
¤ Riksveg 7 Haugastøl – Bu
¤ Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes
¤ Riksveg 52 Storeskar - Borlaug
Utsleppsfrie køyretøy og andre klimakrav
Vegvesenet har eit mål om halvera utsleppet på sine prosjekt innan 2030.
I kontrakten krev vi delvis utsleppsfrie og delvis nullutslepps køyretøy. Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering.
– Vi har fokus på oppsamling av vaskevatn i samband med tunnelreinhald, og det skal takast prøvar av vaskevatnet. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop, for å sikra korrekt deponering av massane, seier Øydvin.
Slik skal vinterdrifta løysast
På to av fjellovergangane i kontrakten, Vikafjellet og Hardangervidda, skal det normalt ikkje brukast salt i vinterdrifta, grunna sårbar natur.
På dei to andre fjellovergangane, Filefjell og Hemsedalsfjellet, kan entreprenøren nytta salt under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.
Enkelte punkt i kontraktsområdet kan vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet.
Tek vare på naturmangfaldet
Det er viktig for Statens vegvesen å ta vare på naturen.
For å vareta biologisk mangfald har vi valt å redusera kantklippen for delar av dei høgareliggande områda, og vi tilpassar tunnelreinhaldet til tidspunktet for utvandring av laksesmolt.
Fire kontraktar vert til éin
Kontrakten gjeld i fem år, frå 1. september 2022 til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.
Regionreforma som vart innført 1. januar 2020, inneber at fylkeskommuane har ansvaret for drift av fylkesvegane.
Den nye kontrakten gjeld derfor utelukkande riksvegar, og det er fire gamle kontraktar som heilt eller delvis er slegne saman til éin.
Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer frå 400 til 9.000. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT), og høgast er talet på Voss.
Nøkkelord
Kontakter
Johannes ØydvinProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95026946johannes.oydvin@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Veitransporten blir utslippsfri om 15 år30.4.2025 10:03:43 CEST | Pressemelding
Klimagassutslippene fra veitransporten ble redusert med ni prosent fra 2023 til 2024 til 7,25 millioner tonn CO2.
ST1 fortsetter driften av døgnhvileplass langs rv. 3 i Koppang30.4.2025 08:30:16 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og ST1 har inngått avtale om drift av døgnhvileplass langs rv. 3 i Koppang for de neste ti årene.
Snart kan du kjøpe prøveskilt på nett29.4.2025 12:47:07 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen vil forenkle hverdagen din ved å innføre digitalt prøveskilt.
Nye støyvarselkart gir bedre arealplaner29.4.2025 07:02:00 CEST | Pressemelding
Støyvarselkartene fra Statens vegvesen viser områder som er utsatt for så mye trafikkstøy at det kan gi helseutfordringer eller mindre trivsel.
Lyser ut rv. 80 Sandvika Sagelva28.4.2025 17:01:24 CEST | Pressemelding
Denne uka lyser Statens vegvesen ut anbudskonkurranse for å få utbedret 5 kilometer av vegen mellom Bodø og Fauske.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom