Turistveganlegget Gjende fullført i 2023

Fullføringa av turistveganlegget ved Gjende består av eit nytt servicebygg med kiosk/café med kjøkken, nødvendige lagerrom, personalrom, tekniske rom og toalettanlegg. Omkringliggjande uteareal skal opparbeidast enkelt og estetisk. Kostnadsramma for byggefase 2 er på 45 - 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar.
Det nye bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjoner med tre og glas i fasadane og tak med trepanel, i same stil som bygga på Gjende og Reinsvangen som blei tekne i bruk i 2019.
Dagens kioskbygg skal rivast når det nye bygget er på plass, men skal drivast som tidlegare i 2022. Anleggsområdet vil bli gjerda inne og jobben gjennomført med vekt på å avgrensa ulempene for publikum og næringsaktørane.
Med det nye terminalbygget blir Gjende betydelig oppgradert og ein komplett fjellterminal for dei mange titusen besøkande frå inn- og utland. I den første byggefasen blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som støttar opp om stemninga på staden. Utfartsparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen, som blei utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering.
Utbygginga ved Gjende saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten er dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra
Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Entreprenør: Brun Bygg AS
Kontakter
Werner Harstad, sjefsarkitekt i Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar. Tel: 95276094.
E-post: werner.harstad@vegvesen.no
Lage Bakken, byggeleiar i Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar. Tel: 91819698.
E-post: lage.bakken@vegvesen.no
Bilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Bedre og sikrere kryss på riksveg 2 på Hanstad i Elverum – arbeidet starter nå6.12.2023 10:21:13 CET | Pressemelding
Til uka starter Statens vegvesen utbedring av krysset på riksveg 2 på Hanstad. Det skal redusere køene nordfra og gi bedre trafikkflyt i krysset. Arbeidet er ferdig til våren.
Seks døde i trafikken i november, en av dem i Innlandet5.12.2023 10:42:33 CET | Pressemelding
Seks mennesker mistet livet i trafikken i november. Det er halvparten så mange som i november 2022. I Innlandet omkom en kvinne i en frontkollisjon i Valdres.
Beredskapsøvelse i Hagantunnelen på riksveg 44.12.2023 15:25:21 CET | Pressemelding
Onsdag 6. desember kl. 10-14 skal Statens vegvesen og Nedre Romerike brannvesen øve sammen i Hagantunnelen i Nittedal. Tunnelen blir stengt under øvelsen.
Færre dødsfall i trafikken i november – ein omkom i Vestland4.12.2023 14:41:04 CET | Pressemelding
På landsbasis var det seks menneske som omkom i novembertrafikken i 2023. Det er halvparten så mange som i november i fjor, då 13 omkom. Ein av dei omkomne i november i år, mista livet i Vestland fylke.
Færre dødsfall i trafikken i november – ingen omkom i Rogaland.4.12.2023 13:59:06 CET | Pressemelding
Seks menneske omkom i novembertrafikken. Det er halvparten så mange som i november i 2022, då 13 omkom. Ingen av dei omkomne i november i år mista livet i Rogaland.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom