Statens vegvesen startar no vedlikehald av desse ti bruene i Sogn og Fjordane
23.3.2022 10:51:38 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Bruene som skal vedlikehaldast, er:
¤ Sag bru, E39 i Eid
¤ Årskog bru, E39 i Eid
¤ Torvik bru, riksveg 15 i Eid
¤ Holmøy bru, E39 i Eid
¤ Skårhaug bru, riksveg 15 i Eid
¤ Eide II Øvre bru, riksveg 15 i Stryn
¤ Øvstefoss bru, riksveg 15 i Stryn
¤ Hallinggrov bru I, E16 i Aurland
¤ Bærelva bru, riksveg 5 i Naustdal
¤ Aven bru, E39 i Høyanger
Dette skal vi gjera
– Vi skal skifta rekkverk og fundament, og utbetra betongskadar, seier prosjektleiar Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen.
Hovudsakleg vil arbeida verta gjort på dagtid, og det er sett av om lag 60 dagar til kvar bru. Arbeida startar på forsommaren i år, og skal være ferdige innan 31. oktober 2024.
På fleire av strekningane vil vegen verta innsnevra til eitt køyrefelt anten heile eller delar av anleggsperioden.
– Vi er klar over at vedlikehaldsarbeid langs vegen kan skapa trafikale utfordringar. Vi gjer difor alt vi kan for å informera breiast og best mogleg om vedlikehaldet på 175.no, slik at trafikkavviklinga blir smidigast og tryggast mogleg, legg Mølstre til.
Det er viktig at alle trafikantar respekterer trafikkreguleringa, uansett om den skjer ved skilting, lys eller dirigent.
– Der vedlikehaldet skaper trafikale utfordringar, freistar vi å gjera oss ferdig med alt når vi er i gang, understrekar han.
Bruene i prosjektet har ein gjennomsnittleg døgntrafikk som varierer frå 1100 køyretøy på riksveg 15 i Stryn til 4.450 køyretøy på riksveg 5 i Naustdal. Det er dette som kallast for årsdøgntrafikk (ÅDT).
Fristen for å koma med tilbod er 1. april. Lenkja til tilbodsutlysinga i Doffin ser du her.
Difor gjer vi dette
Bruene som skal vedlikehaldast, er bygde på 60-talet og fram til 1970. Krava til trafikktryggleik på bruer var andre den gongen enn i dag. Og det er difor må rekkverka skiftast ut.
I tillegg fører vér og vind fører til naturleg slitasje på alle bruer, som til dømes armeringskorrosjon (rust).
Ei av bruene i dette vedlikehaldsprosjektet, Hallinggrov på E16 i Aurland, har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane.
Slik jobbar Vegvesenet med bruvedlikehald
Vegvesenet har ansvaret for om lag 6.000 brukonstruksjonar på landets riks- og europavegar. Ei bru har gjennomsnittleg ei levetid på 100 år, så lenge ho får rett vedlikehald til rett tid.
Statens vegvesen sitt grundige inspeksjonsregime sikrar at vi har oversikt over tilstanden på bruene, slik at dei til ei kvar tid er trygge og framkomelege å ferdast på for trafikantane.
Årleg brukar vi rundt ein halv milliard på dette viktige vedlikehaldsarbeidet. For vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt. Det handlar og om å ta vare på det vi har.
Trygge bruer er også med på å gi ein enklare reisekvardag og oppfylla vår visjon om null drepne og hardt skadde i trafikken.
Nøkkelord
Kontakter
Trond Ingve MølstreProsjektleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41501380trond-ingve.molstre@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevar, Drift og vedlikeholdStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
Stenseth maskin skal bygge døgnhvileplass for tungtransport ved E39 Stormyra11.5.2026 11:56:51 CEST | Pressemelding
Orkanger-entreprenøren Stenseth maskin AS skal bygge den nye døgnhvileplassen for tungtransport ved Stormyra i Heim kommune.
Syklister dør mens bilister blir tryggere: EU-rapport slår alarm11.5.2026 09:32:10 CEST | Pressemelding
Syklister blir ikke tryggere i trafikken – mens bilister blir det. En ny rapport fra European Transport Safety Council (ETSC) viser nesten stillstand i nedgangen i sykkeldødsfall i EU. Nå ber ekspertene om 30 km/t der biler og sykler møtes, og mer sykkelveier.
Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset9.5.2026 09:54:37 CEST | Pressemelding
Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
