Målsetjinga er å bygge eit nytt sterkt fiberselskap på Vestlandet
– Telekom-sektoren står framfor mange store endringar. I dag har vi fleire store og små fiberselskap på Vestlandet. Vi meiner eit nytt og større selskap kan ta ein sterkare posisjon i vår region og derfor er vi som eigarar einige om å starte fusjonsforhandlingar, seier Kristin Aadland, styreleiar i selskapa Enivest AS og Eviny Breiband AS. Ho understrekar at dei no skal bruke tida framover til å utgreie grunnlaget for ein eventuell fusjon.
Utvikle kompetansemiljøa
Marknaden for telekom-sektoren har endra seg mykje dei siste åra frå utbygging til drift av fiber, nye aktørar, auka konkurranse og mange ulike spørsmål kring regulering.
– Vi har ei klar målsetjinga om å utvikle dei lokale kompetansemiljøa, styrke vår posisjon som marknadsleiar i regionen og vokse som eit sjølvstendig og sterkt fiberselskap, seier Erik Espeset, styreleiar i Tafjord Connect.
Eit nytt fusjonert selskap vil ha kring 50.000 kundar og ein større kapitalbase som gir auka konkurransekraft.
– Vi meiner eit større fiberselskap på Vestlandet vil ha positiv betydning for eksisterande og nye kundar, seier Kristin Aadland.
Ryddig og god prosess
Målsetjinga er å bruke 2022 til å utgreie grunnlaget for ein fusjon. Er grunnlaget til stades vil det nye selskapet kunne vere i drift frå tidleg neste år. Fram til det eventuelt blir vedteke å fusjonere selskapa vil drifta i dei tre selskapa gå som normalt. Kundane vil ikkje bli påvirka av utgreiingsarbeidet.
– Det er viktig for oss å gjennomføre ein ryddig og god prosess med grundig involvering av dei tilsette i dei tre selskapa. Vi som eigarar er opptekne av å bygge eit sterkt selskap for å skape nye verdiar, og det er viktig for oss å skape eit godt grunnlag for vidare vekst i form av nye arbeidsplassar, seier Johannes Rauboti, administrerande direktør i SFE og nestleiar i styret i Enivest. Saman med Kristin Aadland og Erik Espeset utgjere han det nye interimsstyret for det nye selskapet.
Fakta om dei tre selskapa:
Enivest AS har 56 årsverk og kontoradresse i Førde. Eigarar er Eviny (56,11%), SFE (38,75%) Tussa kraft AS (2,16%), Nandor Helgheim (1,73%), Sunnfjord kommune (0,90%), Hyllestad kommune (0,18%), Gloppen kommune (0,17%)
Tafjord Connect AS har 37 årsverk og kontoradresse i Ålesund. Eigarar er Tafjord Kraft AS(80%) og Nordvest Nett (20%).
Eviny Breiband har 6 årsverk og kontoradresse Tysnes/Etne. Eigarar er Eviny (100%)
Nøkkelord
Kontakter
Kristin AadlandKonserndirektør Entreprenør&MarkedEviny AS
Tel:93232808kristin.aadland@eviny.noJohannes RaubotiNestleiar i styret i Enivest ASSFE/Enivest
Tel:91645264johannes.rauboti@sfe.noErik EspesetStyreleiar i Tafjord ConnectTafjord Kraft/Tafjord Connect
Tel:90520033erik.espeset@tafjord.noOm Eviny
Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern. Kraftkonsernet har tatt aktiv rolle i det grønne skiftet. Selskapet produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.
Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft samt to lokale kraft- og elektrisitetslag. I 2021 påla myndighetene norske strømnettet må ha annen merkevare enn sitt konsern. Daværende BKK-konsernet ble til Eviny, mens BKK-navnet er videreført for nettselskapet som frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.
Eviny leverer også fibertjenester, samt fjernvarmenett. Konsernet bygger landstrøm til skip, elektrifiserer havbruk og transportnæringen. Selskapet leverer løsninger for utslippsfrie byggeplasser, et av verdens første nettverk for hurtiglading av elbåter. Eviny sitt eget entreprenørselskap prosjekterer, bygger og drifter fibernett, lav- og høyspentanlegg.
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
Eigil Knutsen blir seniorrådgiver rammevilkår i Eviny30.4.2025 12:54:12 CEST | Pressemelding
Eigil Knutsen, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og tidligere leder av finanskomiteen begynner i Eviny etter stortingsvalget i høst. Han går inn i stillingen som seniorrådgiver rammevilkår, etter to perioder på stortinget som folkevalgt.
Nye kraftverk kan halvere pristoppene29.4.2025 14:27:46 CEST | Pressemelding
Eviny planlegger tre nye kraftverk med en samlet effekt på over 500 megawatt (MW). Hadde kraftverkene vært operative i timen med høyest pris i 2024, ville prisen blitt halvert.
Over 1 milliard i utbytte frå Eviny27.3.2025 22:21:11 CET | Pressemelding
Styret i Eviny innstiller på 1 046 millionar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.
Eviny oppnår betydelige gevinster i nye kraftmarkeder27.2.2025 10:21:15 CET | Pressemelding
I 2024 oppnådde Eviny over 100 millioner kroner i gevinst fra nye kraftmarkeder i tillegg til merinntekter knyttet til kraftsalg. Foreløpig årsresultat for 2024 viser et underliggende resultat på 1.494 millioner kroner.
Karl Erik Kjelstad er ny styreleder i Eviny16.1.2025 16:41:39 CET | Pressemelding
Karl Erik Kjelstad ble i dag valgt til ny styreleder i Eviny. Med mer enn 25 års erfaring fra energibransjen og industrien bringer Kjelstad med seg verdifull kompetanse inn i rollen som styreleder.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom