Benedicte Maurseth ute med ein hyllest til Hardangervidda

Benedicte Maurseth - "Hárr", album ute 25.02.2022
Ein hyllest til dyreliv og fjellfolk frå Benedicte Maurseth sine heimtrakter i Hardanger
Alltid drivande framover, men samstundes med ei symbiotisk ro, dreg dette albumet deg inn i ei verd som nærmast gjev deg kjensla av å vandre over vidda, og å vera i eitt med naturen. Benedicte Maurseth er oppvaksen på Maurset i Eidfjord, like ved nasjonalparken Hardangervidda, og har gått i fjella der heile sitt liv, noko som tydeleg legg grunnlaget for denne musikalske vandringa.
Slåttar og musique concrète
Som folkemusikarar alltid har gjort, står også Maurseth open i si samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket og no også albumet Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, og tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken.
"Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev og framkallar eit nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev ein ei naudsynt påminning om noko anna, større enn oss sjølv." - Benedicte Maurseth
Maurseth er mellom anna inspirert av økosofi, den miljøfilosofiske retninga utvikla Arne Næss, der menneska ikkje står over annan natur og dyreliv, men er del av eit økologisk system i gjensidig avhengigheit. Stykket med tittelen Heilo framvisar det å vera i samspel med naturen på beste vis, kor musikarane spelar med og vidare på rytmikken til den karakteristiske lyden frå fuglen med same namn. Kollasj I inneheld mellom anna intervju med Benedictes tippoldefar Franz Gustav Andersson Törna (Sæbø) frå Nord Sverige, og oldefar Leif Maurseth, som var veidemenn og tamreinsgjetarar, og på mange vis sumerar visjonen bak heile verket.
Hárr er opphavleg eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med blant andre Mats Eilertsen og Håkon Stene til Hardanger Musikkfest i 2019. Hárr er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda, og fleire av titlane i verket har norrøne namn som Hreinn (reinsdyr) og Eidfyrder (Eidfjording). -
“This is a beautiful shapeshifter of an album. Part a portrait of a landscape, part the opening of a veil on some family history, part nature walk in Norway. It’s satisfying and strangely elusive, all at the same time. The music follows winding paths of the imagination, mixing Maurseth’s Hardanger fiddle with subtly-placed electronics and other instruments to create a moving, inviting bed of sound. “Heilo,” for instance, the longest piece on the disc, presents an utterly different artist from her 2019 solo release. Or does it? The music certainly isn’t traditional by any means, but the nature, the history that goes back generations – what is that but tradition? No pyrotechnics here, no devil’s trills. It’s Maurseth, embracing the past and touching the ground that has formed who she is. The result is gently majestic.» - Chris Nickson (Rootsworld)
Mats Eilertsen: kontrabass, elektronikkHåkon Mørch Stene: vibrafon, perkusjon, elektronikk Gjester:
Jørgen Træen: elektronikk
Rolf-Erik Nystrøm: saksofon
Stein Urheim: langeleik, munnspel, elektronikk, samples, perkusjon
Artist: Benedicte Maurseth
Tittel: Hárr
UPC: 7033662026456
Plateselskap: Hubro Records
Katalognummer: HUBROCD2645
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager: Heilo / Odin / Hubro
Tel:924 62 924froydis@grappa.noBilder


Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Musikkutsendelse: Tora Augestad slipper julesingel fra kommende album "Vårvill"28.11.2025 09:50:36 CET | Pressemelding
Den kritikerroste vokalisten Tora Augestad er aktuell med første smakebit fra hennes første album bestående av egenkomponert materiale.
Gangar slipper en rå og vakker Bånsull med Synnøve Brøndbo Plassen og Martin Steinum Brun28.11.2025 08:45:00 CET | Pressemelding
På andre singel fra det kommende albumet Dreng byr folkemusikkbandet Gangar på en melankolsk og rå bånsul utenom det vanlige i samarbeid med Synnøve Brøndbo Plassen og Martin Steinum Brun – to av de mest uttrykksfulle stemmene på den norske folkemusikkscenen i dag.
Gangar releases the single Bånsull - a wild, raw, and beautiful lullaby - together with Synnøve Brøndbo Plassen and Martin Steinum Brun28.11.2025 08:45:00 CET | Press release
On the second single from their upcoming album Dreng, the folk band Gangar presents a melancholic and raw bånsull, a lullaby unlike any other, in collaboration with Synnøve Brøndbo Plassen and Martin Steinum Brun, two of the most expressive voices on today’s Norwegian folk music scene.
Anna Lille gjør den norske klassikeren "Min første kjærlighet" til sin egen21.11.2025 10:23:19 CET | Pressemelding
For aller første gang på norsk er Anna Lille aktuell med en helt ny og gripende coverlåt, laget spesielt for Nordisk Films kommende spillefilm “Min første kjærlighet”. Her tolker hun Jahn Teigens udødelige klassiker i en moderne og emosjonell versjon som både er tro mot originalen – og umiskjennelig Anna Lille. Låta "Min første kjærlighet" er ute nå, mens spillefilmen har premiere 27. februar 2026. Lytt til låta her
Pedal-steel pionerene Joe Harvey-Whyte og Geir Sundstøl med første singel fra nytt album!21.11.2025 08:45:00 CET | Pressemelding
Et hypnotisk lyd-dikt som henter navnet sitt fra en av Londons glemte elver. The Tyburn dykker dypt ned i det kollektive underbevisste og dukker opp igjen med en håndfull glemte folkemelodier. The Tyburn, ute i dag, er den første singelen fra det kommende albumet Langeleik.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
