28 millionar til kapasitetsløft for berekraftig fiskeoppdrett
16.12.2021 11:27:18 CET | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding

Prosjektet «Kompetanse og utdanning innen landbasert produksjon av laks i resirkuleringsanlegg» (CandRAS) er eit næringsretta undervisnings- og forskingsprosjekt for omstillinga frå tradisjonell oppdrett på land i gjennomstrøymingsanlegg, der vatnet brukas berre ein gong, til resirkuleringsanlegg der vatnet brukast fleire gonger.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Ei rekke med kar til fisk under montering i NFH sitt anlegg i Kårvika. Kvart kar er knytta til sitt eige renseanlegg (nanoRAS). FOTO: BJØRN-STEINAR SÆTHER
Når ein avlar fisk i RAS (resirkulerande akvakultursystem) kan ein produsera meir settefisk med dei ressursane me har. I tillegg kan ein redusere tida fisken er i anlegg i sjø, og såleis minske fara for lakselus og anna sjukdom. Utviklinga på dette feltet går rasande fort, og både forskinga og næringa slit med å holde følgje.
Auke på alle nivå
– Det skal me ta tak i no. Me skal auke kompetanse og kapasitet på alle nivå, både i næring og utdanning, seier ein glad Bjørn-Steinar Sæther.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Bjørn-Steinar-Sæther, professor i biologi ved Noregs Fiskerihøgskule. FOTO: AUDUN IVERSEN
Han er professor i biologi ved Noregs Fiskerihøgskule og prosjektleiar for CandRAS, som no altså har vunne fram i Forskingsrådet sitt program Kapasitetsløftet. Han fortel at dei 28 millionane kjem godt med:
– No kan me utvikle eit bredt utdanningstilbod innan RAS-biologi både til våre eigne studentar, til vidaregåande skule og som etter- og vidareutdanning til næringa, seier han.
Eit UiT for både næring og velferd
– Det er viktig for UiT å jobbe for kompetanseheving i både offentleg og privat sektor, seier prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås.
– Me må ha eit kompetent velferdssamfunn med nok hender, men òg eit næringsliv som skapar ny aktivitet i landsdelen. Berre då kan me få ein regional utvikling, seier ho.
Tveiterås er derfor begeistra for at UiT no fortsett eit langt og godt samarbeid med næringa. Både Nofima, Blått kompetansesenter Nord og Sjømat Norge er med i CandRAS. I tillegg er to leiande forskings- og undervisningsmiljø med; Danmarks Tekniske Universitet og Freshwater Institute i USA.
Ei lang linje
Sæther fortel at dei har jobba med sjømatnæringa i fleire år, mellom anna har fleire aktørar frå næringa gått saman om å finansiere ei professor-stilling ved skulen. Denne stillinga vil no verte sentral i CandRAS, og slik kan dei saman gripe fatt i utfordingane næringa står overfor.
– Det er eit komplekst samspel me må perfeksjonere, fortel Sæther.
Hvis du vil se dette innholdet fra uit.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Kathrine Tveiterås, prorektor for utdanning. FOTO: DAVID JENSEN/UiT
– Til dømes brukar me bakteriar til å reinse vatnet i RAS, så me må helde liv i både bakteriane og fisken samstundes, noko som ikkje alltid er like lett, innrømmer han.
Berekraftig omstilling
Berekraftige løysningar på komplekse problem er nett det UiT skal vere gode på, seier prorektoren:
– Me vil bidra til å utvikle berekraftige samfunn og vere ein del av ein berekraftig omstilling i næringslivet. Då er oppdrettsnæringa ein god samarbeidspartar, og me gler oss over at Forskingsrådet ser kor gode prosjekt me jobbar fram saman med næringane, seier Tveiterås.
Kva er Kapasitetsløftet?
Kapasitetsløftet er eit prosjekt frå Forskingsrådet som skal gje økt verdiskaping og omstilling i næringslivet i heile landet, ved at fleire fagmiljø ved universitet, høgskuler og forskingsinstitutt (UHI) blir meir relevante samarbeidspartnarar for det regionale næringslivet. Resultata frå prosjektet skal styrke regionalt næringsliv, utvikle berekraftige samfunn og skape varig økt forskingskapasitet og kompetanse i forskingsorganisasjonar.
Nøkkelord
Kontakter
Kathrine TveiteråsProrektor utdanningUiT Norges arktiske universitet
Tel:93258136kathrine.tveiteras@uit.noKjetil RydlandKommunikasjonsrådgiverUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noBjørn-Steinar SætherProfessorNorges Fiskerihøgskole, UiT
Tel:77623223bjorn.s.sather@uit.noBilder




Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
10 millioner til forskningsprosjekt om vold i nære relasjoner – setter fokus på rettssystemet og hjelpeapparatet12.3.2026 11:00:14 CET | Pressemelding
Senter for samisk helseforskning skal sammen med politiet, krisesentre og helsevesen i to kommuner undersøke hvordan voldssaker håndteres i rettssystemet og hjelpeapparatet, og hvordan det påvirker voldsofre.
Åpning av Norges første forskningssenter for fusjonsenergi – FUSENOW6.3.2026 11:30:40 CET | Pressemelding
Torsdag 12. mars er det åpning av forskningssenteret FUSENOW i Tromsø. Senteret er dedikert til forskning på fusjonsenergi – en mulig revolusjonerende energikilde med nærmest ubegrensede ressurser.
Gjer deg klar for Kjønnsbevisstheitsveka!4.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Frå 7. til 14. mars set vi kjønn og mangfald på agendaen med blant anna film, spel og lydvandring.
Fire nye æresdoktorer ved UiT3.3.2026 15:02:44 CET | Pressemelding
Klaus Dodds, Britta Marakatt-Labba, Pernilla Leviner og Elaine Munthe har blitt utnevnt til æresdoktor ved UiT. Munthe har allerede mottatt sin utmerkelse under lærerutdanningskonferansen, mens Dodds, Marakatt-Labba og Leviner vil motta sin utmerkelse under UiTs årsfest i mars.
Skal lede nytt KI-senter i Narvik2.3.2026 15:49:28 CET | Pressemelding
Knut Ivar Foshaug er konstituert som leder for Aker Nscale Innovation Centre Narvik @ UiT – det nye innovasjonssenteret for kunstig intelligens ved UiT i Narvik.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
